Med lovnad om høg avkastning har svindlarar den siste tida forsøkt å lure til seg gull frå uvitande personar.
Alt offera må gjere, er å handle gull og levere det frå seg i skogen eller ein annan offentleg plass. Så skal svindlarane plukke opp gullet og selje det til ein langt høgare pris.
Dermed skal dei få høg avkastninga på gullet, pluss ein gevinst.
Dette er ein ny type svindel.
Foto: Remi Sagen / NRKSeks offer på seks veker
I løpet av seks veker har Sparebanken Møre avdekt at seks kundar har blitt utsett for denne svindelen. Alle desse har skjedd i Møre og Romsdal.
Personane har blitt ringt opp av svindlarar, sokalla «investeringsmeklarar», som lovar usannsynleg høg avkastning på gullet viss offeret gjer som dei seier.
– Vi har sett eksempel på at dei får beskjed om å legge det frå seg i skogen for eksempel. Då møter ikkje sjølve svindlaren når ein leverer frå seg gullet, men det vi kallar eit «muldyr», ein person som blir brukt som mellomledd.
Det fortel Elin Sætre Løvmo. Ho er avdelingsleiar for økonomisk kriminalitet i Sparebanken Møre.
I den mest alvorlege saka kjøpte eitt av offera gull for 1 million kroner.
– Då slo svindelovervakingssystemet vårt inn, fortel Løvmo.
Overføringa av pengane for gullet vart aldri gjennomført sidan banken mistenkte svindel.
Også dei fem andre tilfella vart stansa. Banken har så langt meldt to av tilfella til politiet.
– I sakene vi har hatt er det ingen av kundane som har hatt mistanke om at dei blir utsett for svindel før vi tar kontakt med dei, seier Løvmo.
Hennar erfaring er at dei svindelutsette er godt vaksne menn.
Svindlarane snakkar som regel norsk, og gjerne dialekt også, slik at lureriet er vanskelegare å gjennomskode.
Godt kjend med denne typen saker
Alf Christian Aarseth Grøtteland er avsnittsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, og har jobba mykje med svindel.
Han bekreftar at politiet har fått meldingar frå Sparebanken Møre, og fortel at politiet også etterforskar andre liknande saker.
Sidan politiet nyleg fekk meldingane, har dei ikkje starta etterforsking på denne konkrete saka endå.
– Når vi får svindelsakar av denne typen er det naturleg at vi prøver å sjå ting i samanheng, men det er ikkje dermed sagt at det er det, fortel Aarseth Grøtteland.
Politiet åtvarar mot svindelmetoden.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKPolitiet er godt kjent med svindelsaker med denne typen modus, altså at offera blir bedne om å handle gull.
– Det er lett å omsetje, lett og frakte og det er noko konkret. Derfor er gull veldig godt eigna, i tillegg til at gullprisane er høge i dag.
Han legg til at viss tilbodet verkar for godt til å vere sant, så er det mest sannsynleg det.
– Ta kontakt med banken eller politiet med ein gong. Det er i den første fasen vi kan setje inn tiltak, og det er viktig at vi blir kontakta med ein gong.
Bankane åtvarar: Ikkje legg frå deg gull i skogen.
Foto: Remi Sagen / NRKProblem over heile landet
Det er ikkje berre i Møre og Romsdal at personar har blitt utsett for den nye svindelmetoden.
Aarseth Grøtteland fortel at politiet i Møre og Romsdal samarbeider med andre politidistrikt i landet, men også interasjonalt, for å avdekke svindel.
I oktober gjekk Finans Norge ut med ei åtvaring, då bankar i heile landet har rapportert til dei om metoden.
– Vi har høyrt dette frå fleire bankar, så det har gått føre seg i forskjellige delar av landet over tid.
Det fortel Gry Nergård, fagdirektør for svindel i Finans Norge.
Ho fortel at det i byrjinga var snakk om svindel i byar som Oslo, Drammen og Bergen, men at svindelen no har spreidd seg gjennom landet.
Kan skje kven som helst
Ingvild Stjernen Tisløv er psykologspesialist og han blant anna jobba med svindeloffer.
Ho fortel at dette kan skje kven som helst, og at ingen er immune.
– Det er veldig lett for folk å tenkje at «så naiv ville eg aldri vore». Men vi er alle sårbare for å bli utsett for svindel, fordi svindlarane er utruleg gode på å finne ut det akkurat du treng å få høyre for å kunne stole på dei.
Ingvild Stjernen Tisløv
Psykologspesialist
Foto: NRK
Ho fortel at svindlarane er ekstremt godt trent i sosial manipulasjon, og ofte veit kven dei angrip. Dei tilpassar seg personar i alle aldersgrupper, utdanningar og livssituasjonar.
Ho oppmodar dei pårørande til å møte offera med openheit og forståing.
– Den viktigaste bodskapen er kanskje til familiane til den som har gått på ein svindel. Å ikkje møte det med fordømming eller latterleggjering, men å møte det for det det er: Eit menneske som er utsett for ei kriminell handling.
Publisert 16.11.2026, kl. 15.37
Source: NRK · Fride Kvamsøe Rekdal, Malin Kjellstadli Korsnes, Remi Sagen, Øyvind Berge Sæbjørnsen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira