Når NRK snakkar med Golberg etter Frankfurt maraton, er det ein tydeleg gjenklang på telefonlinja.
– Eg ligg i badekaret, forklarer han.
Og det er det ein grunn til.
Ikkje berre sette han personleg rekord på 2:18:54, men etter løpet måtte han også flykte til badekaret på rekordrask tid.
Kroppslege reaksjonar
Kort tid etter målgang sa nemleg kroppen tydeleg frå.
– Eg fekk så skjelven etter målgang, forklarar Golberg.
Maratonen i Tyskland starta i høljeregn, så den tidlegare langrennsløparen var klissvåt frå første meter.
Etter målgang måtte han ta grep for å få slutt på skjelvinga.
– Eg måtte finne badekaret på hotellrommet, seier han.
Trøysta var at hotellet låg like ved mål.
Den tidlegare verdsmeisteren, som no er NRKs langrennsekspert, kom til rommet iført klissvåte klede etter å ha vore ute i kaldt vêr i fleire timar.
Straks begynte han å fylle opp badekaret for å få tilbake varmen i kroppen for å roe ned skjelvinga.
MÅTTE VARME SEG: Pål Golberg måtte rett i badekaret etter kanonløpet.
Foto: PrivatBlir hylla av Johaug
Då han hadde fått tilbake varmen, kunne han endeleg glede seg over resultatet.
– Det var vanvitig herleg. Det er lenge sidan eg har trena spesifisert i nokre veker mot noko, så det er gøy at det materialiserte seg i eit resultat.
Målet hans var å komme under 2 timar og 20 minutt. Men dei siste dagane har ikkje kroppen vore heilt 100 prosent. Det skapte usikkerheit inn mot start, fortel han.
– Eg gav det ein sjanse frå start, så var det veldig seigt dei første 10 til 15 kilometrane. Det losna veldig etter det.
Therese Johaug, som denne månaden sprang på 30.51 på Hytteplanmila, lèt seg begeistre over at ein annan tidlegare verdsmeister slår til med joggesko.
– Det er heeeeeilt RÅTT! Inspirerande og motiverande å sjå, skriv Johaug til NRK i ei tekstmelding.
EKSPERT: Pål Golberg er langrennsekspert for NRK.
Foto: Lise Åserud / NTBHar irritert kona
NRKs friidrettskommentator Jann Post er mektig imponert.
– Det er særs sterkt til å vere ein langrennsløpar som har lagt opp og har to barn. Det er gøy at dei tidlegare skiløparane set seg mål i løping som supermosjonistar, er inspirerte og legg ned den jobben som skal til. Dei opplever stor glede ved det etter å ha blitt verdsmeister og det som er, seier han.
Pål Golberg blei verdsmeister på femmila under meisterskapet i Planica i 2023. Johannes Høsflot Klæbo tok andreplassen, medan svenske William Poromaa kom på tredje.
Foto: Terje Pedersen / NTBNo må Golberg definere seg som noko anna enn mosjonist, humrar han.
– Eg har trena omtrent halvparten av kva eg er vand til å trene frå før. Eg har hatt ein periode der eg har hatt tid til å halde på litt i vekedagane, optimalisere litt og nytta moglegheita, seier Golberg.
Også kona hans meiner han ikkje bør kalle seg for mosjonist lengre:
– Kona blir litt irritert når eg kallar meg sjølv mosjonist, så eg får vel justere det opp til supermosjonist, ler han.
Publisert 25.10.2026, kl. 20.43
Source: NRK · Eirik Fure
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira