– Det er jo berre fakta rett og slett. Du treng ikkje å vere rakettforskar for å forstå det, seier Kristoffer Løkberg.
Han snakkar om eit av dei store fotballspørsmåla i livet, som igjen blei brennaktuelt etter den norske mirakelkvelden i Danmark:
«Kven har det beste laget i Norden?»
På pressekonferansen etter kampen tar NRK ordet og spør han rett ut: Synest du Noreg no fortener stempelet som Nordens beste lag?
Då nøler Danmark-sjefen litt. Og trass i to Noreg-sigrar mot Danmark i haust, svarer ikkje Riemer ja på det spørsmålet.
– Det synest eg sjølv de skal bestemme, om de gjerne vil vere det.
– For meg er det likegyldig
Danmark-sjefen skryter av kva dei norske stjernene har fått til under Ståle Solbakkens leiing.
Riemer unngjekk likevel glatt å svare på sjølve spørsmålet.
– Vi skal vel ikkje så langt tilbake før de skreik etter ny trenar og alt mogleg anna, og hadde missa fleire kvalifiseringar, seier han og fortset:
– No har Noreg ei oppdrift, og de har også – må vi seie i dag – to av dei beste fotballspelarane i verda, som gjer seg gjeldande i dei mest avgjerande augeblinkane. Og det har eg sagt tidlegare, det har vi i Danmark vore heldige med i mange år.
MARERITT: Brian Rieber fekk seg dei danske drengene gå frå å leie 2–0 til å tape 3–2.
Foto: Liselotte Sabroe / Ritzau Scanpix Foto,NTBHan påpeikar at Danmark er i ein fase med mange unge og urutinerte spelarar på landslaget.
– For meg personleg er det likegyldig kven det er som kan kalle seg det (Nordens beste). Det må dykk sjølve finne ut av, seier Riemer.
Hvem er kongene av Norden?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Nei, det er jo ærgjerrigheit
Kristoffer Løkberg stussar over svaret til Danmark-sjefen.
– Det sit langt inne for alle danskar å seie at Noreg er betre enn dei i noko som helst, seier han.
Ikkje berre har Noreg slått Danmark i to strake Nasjonsliga-oppgjer. Ståle Solbakkens menn har også lagt bak seg eit VM-eventyr av dei sjeldne som enda med kvartfinale.
EKSPERT: Kristoffer Løkberg, NRKs fotballekspert.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKDanmark måtte på si side følge VM frå sidelinja, noko som smerter eit folk som har blitt bortskjemt på meisterskap.
I tillegg er Danmark to plassar bak Noreg på Fifa-rankinga.
– Om du spør ein nøytral då, ein utanforståande frå eit anna land, så vil dei jo peike på Noreg som eit betre fotballag per dags dato enn Danmark, det er ikkje noko anna å seie enn det, seier Løkberg.
Ståle Solbakken var høgt oppe etter å ha avslutta landslagsåret med ein utruleg snuoperasjon i Parken.
Og meiner det er stoltheita og status som gjer at trenerkollega Riemer ikkje vil innrømme at Noreg er betre.
– Nei, det er jo ærgjerrigheit. I år har vi vel vore betre enn Danmark, i og med vi fekk ein kvartfinale i VM og slått dei i to innbyrdes (oppgjer) og ligg framfor dei på fifa-rankinga. Så det blir jo litt vanskeleg å sei, i alle fall i år då, sa Solbakken dagen etter kampen.
«Svir enormt»
Andrine Hegerberg, fotballekspert i NRK, trur Riemer er einig i at Noreg er kongane av Norden, men ho forstår svært godt at Riemer ikkje innrømmer det.
– Eg skjønner godt at ein hovudtrenar ikkje har lyst til å seie det rett ut etter å ha tapt 3–2 etter å ha leia 2–0 på heimebane i Parken, seier ho.
Hegerberg trur tapet på heimebane «svir enormt» for danskane.
– Å innrømme noko slikt skaper nok nokre overskrifter han prøver å unngå, men eg trur nok han veit rimeleg godt kva som står an i det skandinaviske hierarkiet akkurat nå, seier ho.
Publisert 18.11.2026, kl. 12.07 Oppdatert 18.11.2026, kl. 12.18
Source: NRK · Lars Bryne, Egil Sande, Magnus Hopland Ødegård, Sindre Espe, Fredrik Kårstad Lilleaasen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira