Det skriv selskapet i ei pressemelding.
Selskapet har slite med finansieringa i det siste, og står i fare for å gå konkurs.
Styreleiar Kjell Roland sa 13. oktober at dei har gjort mange forsøk på å skaffe meir pengar, men at dei framleis ikkje har klart å sikre tilstrekkeleg kortsiktig likviditet.
Pengetrøbbel og stor motstand frå miljørørsla har prega gruveselskapet i Vestland i årevis.
No har problem blitt så store at heile selskapet kan ryke.
Det kjem fram i ei børsmelding etter ekstraordinær generalforsamling 13. oktober.
Her kjem det fram at gruveselskapet kan måtte slå seg konkurs om det ikkje raskt får tak i nok pengar.
Styreleiar Kjell Roland sa i møtet at dei hadde gjort mange forsøk på dette, men ikkje hadde greidd å sikre tilstrekkeleg kortsiktig likviditet.
Måndag melder selskapet at dei stoppar produksjonen mellombels, for å spare pengar.
Publisert 26.10.2026, kl. 08.11 Oppdatert 26.10.2026, kl. 08.39
Source: NRK · Maria Gunnarsdotter Svedal
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira