I fjor opna Landbruks- og matdepartementet for eksport av norske meieriprodukt til Kina.

No skal gudbrandsdalsosten introduserast for ein av verdas største marknader.

På meieriet i Byrkjelo i Gloppen i Vestland var representantar frå styremaktene i Noreg og Kina til stades fredag – for å markere at den første brunosten blir produsert og sendt ut.

– Kina har over 300 millionar menneske i middelklassa, og dette talet er aukande. Det er fleire og fleire som krev gode mjølkeprodukt, inkludert brunost, seier den kinesiske ambassadøren til Noreg, Zhou Jingxing.

Den kinesiske ambassadøren, Zhou Jingxing, har tru på suksess for den norske brunosten i Kina.

Foto: NRK

Han trur brunosten kjem til å slå an i Kina, som den allereie har gjort andre stadar i Asia.

– Dette er noko nytt for den kinesiske marknaden, og eg trur kinesiske forbrukarar vil like det.

Sjølv har han berre lovord å seie om den norske brunosten.

– Som mat er den veldig smakfull. Smaken kjennest som ein kombinasjon av mjølk, ost og noko som er rundt og mjukt.

Alle som ville fekk smaksprøver frå meieriet. Flytande brunost.

Foto: NRK

Viktig lokalt

I 2024 eksporterte Tine rundt 750 tonn brunost til utlandet, tilsvarande rundt 11 prosent av den totale produksjonen i Noreg. Dei største eksportmarknadene er Sverige, Danmark, Finland, USA og Sør-Korea.

Det aller meste av brunosten med andre ord ete ved norske frukost- og lunsjbord.

For dei tilsette ved anlegget på Byrkjelo er det difor stort å få ein avtale i boks som kan sikre meir eksport.

– For meieriet her så kan det bety at vi sikrar det vi allereie har av arbeidsplassar, eller vi kan få fleire dersom det verkeleg slår til. Det kan også gi betre livsgrunnlag for mjølkebøndene, seier Jon Reidar Krøke, anleggssjef på Tine Meieri i Byrkjelo.

No er denne klar for kinesiske heimar.

Foto: NRK

Marknadsundersøkingar tyder på at kinesiske forbrukarar meiner norske produkt er reine, sunne og har høg kvalitet.

Norske styremakter har i fleire år jobba for å få tilgang til den kinesiske
marknaden.

Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Anette Stegegjerdet Norberg (Ap), meiner avtalen har stor betydning for norsk næringsliv og landbruk.

– Produksjon av brunost er viktig for produksjon av geitemjølk, som vi har lang tradisjon for i Noreg.

Må ha godkjenning

Den nye marknaden kan dermed bli eit viktig steg for den særnorske brunosten.

– Vi ser at brunosten blir brukt på heilt andre måtar enn vi er vande med her heime. Den har ein smak og ein historie som skil seg ut, også internasjonalt, seier Erik Smith-Hansen, konserndirektør for Tine International.

I Asia blir brunosten brukt på til dømes topping av pizza eller i kaffi.

I Sør-Korea blir den norske brunosten brukt til alt frå pizza, kaffi, dessertar, og til og med drinkar.

Kina må godkjenne meieriprodukt før landet importerer frå Noreg. Meierianlegg må vere registrerte og godkjende av kinesiske styremakter.

Førebels er det Tines meieri på Byrkjelo og pakkeria på Heimdal og Klepp som
har fått offisiell godkjenning til eksport. Onsdag vart det også klart at
Tine Lom & Skjåk er godkjent.

– At vi no endeleg har fått godkjenning på plass, er ein stor milepæl, seier
Smith-Hansen.

Den offisielle opninga der både representantar frå norske og kinesiske styremakter var til stades.

Foto: Eli Ruset Lager / NRK

Publisert 23.10.2026, kl. 20.17

Source: NRK · Eli Ruset Lager, Håvard Heggen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira