– Me meiner det er useriøst, seier Hildegunn Blindheim, toppsjef i Offshore Noreg.

Midt i innspurten av budsjettforhandlingane rykkjer oljebransjen ut med ei åtvaring mot støttepartia til regjeringa.

Legg ein saman skatte- og avgiftsforslaga frå SV, MDG, Sp og Raudt, endar rekninga på svimlande 200 milliardar kroner.

Hildegunn Blindheim er sjef i oljebransjen interesse- og arbeidsgivarorganisasjon Offshore Noreg.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Sjølv om det er lite truleg at alle krava går gjennom, meiner Blindheim at presset mot næringa skapar uvisse.

Det er venta nedgang i aktiviteten på sokkelen, og Ap-regjeringa har difor sagt at dei vil at oljeselskapa skal investere og leite meir framover.

– Desse signala (frå støttepartia, journ.anm.) skapar stor uvisse for ei næring som skal investere for hundrevis av milliardar kroner årleg og levere energi til Europa som dei definitivt treng.

Tener pengar på krig

Det er særleg forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne som gjer at totalen blir så stor. Partiet vil auka skattane med totalt 181,5 milliardar kroner.

Mellom anna vil dei skattleggje dei ekstra inntektene oljeselskapa får som følgje av krigane i Ukraina og Iran, seier MDGs energipolitiske talsperson Frøya Skjold Sjursæther.

Frøya Sjursæther er MDGs energipolitiske talsperson.

Foto: Audun Torsdalen / NRK

– Når olje- og gasselskapa tener over 20 prosent av det som er normalinntekta deira, så skal det inntreffe ein skatt på 95 prosent som har som føremål å skattleggje ekstraprofitten som no kjem i oljenæringa.

Krigane pressar opp oljeprisen, som igjen gjer at oljeselskapa tener mykje meir enn normalt.

– Me meiner at det ikkje er rett at oljeselskapa skal tene seg søkkrike på at det er krig i verda. Dei pengane bør i staden gå til Ukrainas fridomskamp og gje dei høvet til å vinne mot Russland, seier Sjursæther.

– Betalar ni av ti kroner til staten

Offshore Noreg avviser at oljenæringa er krigsprofitørar.

– Nei, det er verken våre selskap, ei heller Noreg som land, seier Blindheim.

– Det er tragisk at desse krigane held på, men me kan ikkje ha eit skatteregime som hopper opp og ned etter kva som skjer i verda.

Oljeselskapa betalar i dag 78 prosent i skatt av overskotet til staten. I tillegg tar staten ut direkte utbytte frå sine eigardelar i selskapa.

Det er nok, meiner Offshore Noreg.

– Staten får tilbake om lag ni av ti overskotskroner av det som blir vunne ut av olje og gass på sokkelen. Det er eit veldig høgt skattetrykk, og det kan selskapa våre leve med. Men da må det vere stabilt.

Meiner oljenæringa sutrar

Dei andre partia har meir moderate krav enn MDG.

  • Annika Byrde / NTB

    MDG føreslår følgande:

    • Høgprisbidrag - skatt på superprofitten til oljeselskapa: 170 milliardar kroner
    • Auka CO2-avgift på sokkelen: 5,55 milliardar kroner
    • Innføra ei produksjonsavgift på olje og gass: 4,45 milliardar kroner
    • Fjerne subsidiane til PR, lobbyisme og marknadsføring frå oljeselskap: 1,45 milliardar kroner
  • NRK

    SV føreslår følgande:

    • Omstillingsavgift på 50 kroner per fat: 12,2 milliardar kroner
    • Nei til nye olje- og gassprosjekt i Arktis
    • Friinntekten i mellombelse skattereglar blir fjerna: 6,1 milliardar kronar
    • Fjerne CO2-avgiftsfritak i grunnavgifta på innretningar på kontinentalsokkelen: 1,5 milliardar kroner
    • Endre avskrivingsreglane i det ordinære petroleumsskattesystemet: 2 milliardar kroner
  • Aleksandr Nedbaev / NRK

    Sp føreslår følgande:

    • Finansiere Sokkeldirektoratet og Havindustritilsynet gjennom
      kostnadsdekkjande sektoravgifter: 618,5 millionar kroner
    • Kutte i midlar Petoro: 20 millionar
    • Kutte i midlar til kartlegging av natur og miljø knytte til havvind: 35 millionar kroner
  • Jane Rasmussen / NRK

    Raudt føreslår følgande:

    • Auke CO2-avgifta på sokkelen med 50 prosent frå 2026-nivå (skal overføras til Oljefondet og påverker difor ikkje statsbudsjettet)
    • Halvera støtta til forskning på petroleum og havbotnmineral med 142 millionar kroner
    • Avvikla Equinors havvindprosjekt Utsira nord, eit kutt på 3,3 millionar kroner
    • Omdisponere havvindstøtta i Klima- og energifondet, som utgjer 1,6 milliardar kroner

SVs forslag om skatte- og avgiftsauke i oljenæringa kostar til saman 21,8 milliardar kroner. Partiet vil mellom anna innføre ei omstillingsavgift og stanse oljeleiting i Barentshavet.

Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

– Det viktigaste er å få ned utsleppa. Me er med på å diskutere alle grep og verkemiddel som fører til det, seier Lars Haltbrekken, SVs energipolitiske talsperson.

Han kan ikkje forstå at oljenæringa «syt» for at dei blir pressa til å betale meir i skatt og viser til at Equinor åleine tente 115 milliardar kroner i tredje kvartal i år.

– Det er sjukt at dei med dei feitaste lommebøkene klarer å sutre så mykje, seier han.

Både Raudt og SV vil auke CO₂-avgifta, kostnaden ved utslepp av klimagassen som bidrar til global oppvarming.

Mímir Kristjánsson (R).

Foto: Erik Waage / NRK

– Dei enorme overskota til oljeselskapa visar at dei utan problem kan bidra med noko meir i auka CO₂-avgift, slik at vanlege folk til dømes kan få redusert pumpepris i ei tid der prisen på drivstoff har blitt skoten i vêret, seier Raudts Mímir Kristjánsson.

Senterpartiet vil auke avgifta til oljenæringa med 618,5 millionar kroner.

Partiet foreslår å flytta finansieringa av Sokkeldirektoratet og Havindustritilsynet over på næringa ved å auke sektoravgifter.

Offshore Noreg er overraska over forslaget til Sp og meiner det er ei tvilsam tolking av formålet med sektoravgifta.

– Me er uroa for at det kan setje presedens for ein uheldig budsjettpraksis der ein auka del petroleumsinntekter då vil brukast direkte over budsjettet, seier Blindheim.

Bjørn Arild Gram i Senterpartiet seier at partiet er oppteke av å sikre trygge vilkår for næringa, men vil ikkje svare på kritikken frå Offshore Noreg.

På fredag er fristen for å bli einig om neste års statsbudsjett. Ap skal gjere både MDG, SV, Raudt og Sp til lags for å få i hamn eit budsjett.

Foto: NRK

– No sit me i forhandlingar og vil difor ikkje kommentera saka nærmare.

Fristen for å bli samde om budsjettet er på fredag.

Publisert 19.11.2026, kl. 10.55

Source: NRK · Amalie Vadla Paulsen, Gunnar Morsund

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira