Tysdag vedtok Mattilsynet at garden må avlive 225.000 unghøner for å hindra smitte av fugleinfluensa.

Salte Kyllingoppdrett reagerte sterkt på vedtaket og varsla onsdag at dei ville klaga på vedtaket.

No seier Mattilsynet at dei vurderer å vente med å avliva fuglane.

– Me kan stadfesta at me har fått ei klage frå verksemda. Dei har opplyst at dei vil utdjupa klaga ytterlegare i løpet av kort tid, skriv Marit Kolle, direktør for landdyr og slakteri i Mattilsynet, i ein e-post til NRK.

– Behandlinga av klaga har høg prioritet. Me vil også vurdera om det skal givast utsett iverksetjing av vedtaket medan klaga blir behandla, skriv ho vidare.

Stavanger Aftenblad omtalte saka først.

Når klaga er komme inn, er det tilsynsdivisjonen som behandlar den. Viss dei opprettheld vedtaket til Mattilsynet, sendast klaga vidare til klagesakseininga hos Mattilsynets hovudkontor.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Viss det blir bestemt at avlivinga skal bli utsett medan klaga blir behandla, blir gjennomføringa av vedtaket sette på vent til klaga er avgjord.

Det pågåande utbrotet av fugleinfluensa er det største i Noreg nokon gong.

Det er påvist smite i åtte kommersielle fjørfehald i Noreg. Fem i Rogaland, to i Agder og eitt i Akershus.

Mattilsynet grunngjev vedtaket med at fuglar kan vere smitta sjølv om det ikkje er påvist smitte i besetninga.

Det fordi fuglane har fått stell frå same personell som hus med påvist smitte hos fuglar.

Ingunn Midttun Godal

Direktør i Mattilsynet

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

– Det inneber ein stor risiko for at smitte kan ha vorte overført mellom husa, også utan at det ligg prøvesvar føre som påviser sjukdom, har Ingunn Midttun Godal, direktør i Mattilsynet, sagt til NRK tidlegare.

Ho seier at det er denne risikoen samt krava i regelverket som gjer at Mattilsynet krev at alle fuglane i desse husa må avlivast.

Det var 15. november at det blei påvist smitte av fugleinfluensa hos Salte Kyllingoppdrett.

Tre hobbyfjørfehald som har fått dyr frå anlegget, må også avliva dyra sine, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Anlegget fekk tommel opp av Mattilsynet til å sende unghøner vidare til garder rundt om i Noreg – sjølv om det var fugleinfluensa i området, og dei var underlagde restriksjonar.

Tilsynet har sagt at garden skal ha transportert fuglar utan løyve og ikkje gitt tilsynet fullstendig informasjon.

Publisert 26.11.2026, kl. 13.46 Oppdatert 26.11.2026, kl. 13.49

Source: NRK · Amalie Vadla Paulsen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira