– Mor mi sat og åt frukost då det plutseleg begynte å smelle og blinke i heile huset. Det lukta svidd og røyk i minst sju minutt.
Øyvind Hellerslien var på veg til USA då mora sat i huset som blei ramma av ei kraftig overspenning.
15. september blei nærare 70 hus, hytter og landbruksbygg i Skjoldastraumen i Tysvær ramma.
Haugesunds Avis omtalte hendinga først.
Hellerslien har ei tomt med fire bygningar. Alle husa fekk skadar på elektrisk utstyr.
– I verste fall kunne det ført til brann, seier han.
Har betalt 300.000 kroner
Nettselskapet Fagne skal ha sendt ut rundt 400 volt på straumnettet i ein periode på sju minutt, noko som førte til omfattande øydeleggingar på elektriske installasjonar og utstyr.
Hellerslien har lagt ut, og rekninga er på over 300.000 kroner.
– Vi får ikkje vite kva vi faktisk endar opp med før oppgjeret er ferdig. Først får vi minimalt med informasjon, og så blir vi sittande igjen med heile problemet og rekninga sjølv, seier han.
Ein feil frå straumselskapet gjorde at fleire hundre volt blei sendt inn på straumnettet og inn til bebuarar i Tysvær.
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRKNettselskapet har vist til bebuarane sine eigne forsikringsselskap for erstatning. Mange må dekke eigedelar og aldersfrådrag utan garanti for eventuelle seinskadar.
– Vi finn stadig nye ting som har slutta å verke, og vi aner ikkje om det utstyret som framleis fungerer, er trygt å bruke over tid, seier Hellerslien.
Han viser til ein dimmar på badet som verkar normalt, men då dei opna han, var den heilt smelta og sotete innvendig.
– Det er ein utruleg frustrerande og usikker situasjon å stå i.
Det har også oppstått skadar på fungerande elektronikk.
Foto: PrivatDette er informasjonen dei ramma bebuarane fekk frå Fagne etter hendinga:
Hei. Vi har registrert ei hending i straumnettet tysdag 15. september som kan ha medført forhøgt spenning hos enkelte kundar i området.Dersom du har fått skade på elektrisk utstyr i samband med hendinga, tilrår vi at du:
- Dokumenterer kva som er skadd.
- Tar vare på kvitteringar, fakturaer og eventuell dokumentasjon frå elektrikar eller verkstad.
- Meld skaden til forsikringsselskapet ditt så snart som mogleg.
Det er ikkje første gong dette skjer. Liknande skjedde i Møre og Romsdal i fjor:
Fagne ikkje bekymra for å ha brote lova
Fagne seier feilen skjedde under eit planlagt vedlikehaldsarbeid. Selskapet seier den trulege årsaka var at kraftproduksjon fortsette å mate straum inn i nettet etter utkopling.
Gunn Margareth Lassesen er kommunikasjonsansvarleg i Fagne. Ho seier dei har stor forståing for at dette har vore ein alvorleg og belastande hending.
– Kostnader som ikkje dekt av eige forsikringsselskap, kan meldast som direktekrav til Fagne, seier ho.
– Kvifor tar de ikkje rekninga sjølv – og viser i staden til forsikringsselskapa?
– Omfanget av skadesaka overstig Fagnes eigendel i forsikringa vår. Derfor har vi meldt saka til forsikringsselskapet vårt, som handterer saka vidare saman med oss.
Gunn Margareth Lassesen
Kommunikasjonsansvarleg, Fagne
Foto: Fagne
Dette seier ho er ein naturleg del av forsikringsordninga deira.
– Det inneber ikkje at vi fråskriv oss eit eventuelt ansvar. Ansvarsforholdet er framleis under avklaring, seier ho.
Lassessa legg til at dei vil ta eventuelle seinskadar på alvor.
– Dersom kundar oppdagar feil, varmgang, lukt eller andre teikn på skade, bør dette undersøkast av elektrikar og dokumenterast.
Tryg: – Raskare å betale enn eit straumselskap
Pressesjef Ole Irgens i Tryg, som er Fagnes forsikringsselskap, seier det ikkje er noko i vegen for at straumkundane kan rette heile kravet sitt mot Fagne.
Men ifølge Irgens viser erfaring at eit forsikringsselskap er raskare til å betale enn eit straumselskap.
Ole Irgens
Pressesjef, Tryg
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
– Derfor anbefaler vi at dei som har fått øydelagt eller skadd utstyr i denne hendinga, melder kravet til forsikringsselskapet sitt, seier han.
Irgens rår dei deretter til å rette eit krav mot Fagne for det forsikringa ikkje dekker.
– Villige til å ta 100.000 kroner i tap for å sleppe styret
Øyvind Hellerslien er oppgitt over situasjonen, og seier han har fått beskjed frå eige forsikringsselskap at han må dekke eigne andelar og frådrag sjølv.
– Det er veldig varierande svar med tanke på kva forsikringsselskap folk har.
Hellerslien seier mange av bebuarane ikkje orkar å gå runden med forsikringsselskap.
– Dei er villige til å ta 50.000 til 100.000 kroner i tap for å sleppe styret.
Hellerslien seier dei nå vurderer å engasjere advokat.
Publisert 21.11.2026, kl. 22.08
Source: NRK · Simon Elias Vik Bogen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira