I ein garasje i Sortland gjer Mariell Tveit (17) seg ferdig med dei siste førebuingane før den grøne bilen hennar skal lagrast for vinteren.

– Det er fleire hundre timar som har blitt brukt på denne bilen her, fortel ho.

Ho vrir om tenninga og trykker foten på gasspedalen. 150 kvikke hestekrefter sviv i gang med eit brøl.

Mariell Tveit (17) frå Sortland har fleire løp bak seg i den grøne bilcrossbilen. Til våren vil ho klasse opp bilen til rallycross.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Det er adrenalin og spenning heile tida, seier racersjåføren.

Inventaret i racerbilen, ein Honda Civic frå 1995, er ribba vekk. Dette er ikkje ein vanleg tenåringsbil.

Instrumentpanelet er utstyrt med fartsmålar, knappar og brytarar. Ein stor turteljar hoppar i takt med gasspedalen.

Instrumentpanelet er utstyrt med fartsmålar, knappar og brytarar. Ein stor turteljar hoppar i takt med gasspedalen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Å køyre løp er ei heilt spesiell kjensle. Du må berre fokusere på å køyre bil, eller så går du utfor, det er veldig artig, fortel ho med eit glis.

Familiegarasjen på Gåsbøl har blitt til ein bilverkstad for racerlaget Team Tunnelsyn. Racerbana har blitt ein fristad for 17-åringen.

Mistar synet gradvis

Team Tunnelsyn blei starta for snautt eitt år sidan. Lagnamnet kjem av den medfødde og svært sjeldne augesjukdommen til Mariell, retinitis pigmentosa (RP).

På verdsbasis reknar Blindeforbundet med at over ein million menneske har sjukdommen. Det utgjer 0,025 prosent av verdsbefolkninga – altså éin av 4000 personar. I Noreg finst det i underkant av 1500 personar med RP-diagnosen.

Dei starta klubben for å gjere folk merksame på ein sjukdom som ikkje kan kurerast.

Sjukdommen gjer at cellene i netthinna døyr. Fyrst mista ho mørkesynet, og sjukdommen stel stadig av sidesynet.

17-åringen kjem aldri til å få førarkort, sjølv om ho er ein driven racerførar med fleire løp bak seg.

  • Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
  • Foto: Privat / Team Tunnelsyn
  • Foto: Privat / Team Tunnelsyn
  • Foto: Privat / Team Tunnelsyn
  • Foto: Privat / Team Tunnelsyn

Den mørke årstida set ikkje berre ein stoppar for bilhobbyen, men gjer også kvardagen langt vanskelegare for 17-åringen.

Etter at synet svikta, har det blitt langt vanskelegare å orientere seg i det nordnorske vintermørket, i folkemengder og i ballsport.

– Det betyr utruleg mykje. Meir enn ein skulle tru. Det er det å føle at eg er ein del av noko, og ha noko å gå til. For idrett dett eg veldig fort ut av når eg ikkje kan delta på handball og fotball og dei meir populære vala, seier Mariell.

Det var Bladet Vesterålen som omtala saka fyrst.

Sjukdommen blir ofte kalla kikkertsyn eller tunnelsyn.

– Namnet på laget måtte vere noko som gir meining, seier ho.

Mariell fortel at det har vore tøft å handtere tapet av mørkesynet, som ho oppdaga då ho var seks år gammal.

Mariell har mista mørkesynet og sidesynet forsvinn gradvis.

Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd/NRK

– Eg byrja å slite i mørket og orientere meg ute på kvelden. Det var vanskeleg, fortel ho.

Mariell fortel at ho fekk smaken på fart og spenning då ho var på ferietur til Spania og fekk prøve seg på gokartbana.

Fleire hundre timar er lagde ned i garasjen på Sortland for å gjere racerbilen klar til nye løp. Lagnamnet kjem av augesjukdommen til Mariell.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

For Mariell handlar hobbyen om å leve ut draumen som racerførar. Målet er å bli så god som mogleg, sjølv om synet blir verre.

– Eg kjem til å køyre heilt til synet stoppar meg, seier ho.

Kappkøyrer mot sjukdommen

Saman med mekanikar og stefaren Dag Espen Johansen har ho nyleg skifta bremser, og gitt den grøne racerbilen ein oljesjekk.

Men det er mykje som må ordnast før neste sesong. Ein manglande framskjerm må monterast. Til våren skal ho ut på rallybana.

– Det er alltid noko å gjere på bilen, han kan alltid gå fortare og bli tryggare, seier han.

Saman med mekanikar og stefaren Dag Espen Johansen har dei nyleg skifta bremser, og gitt den grøne racerbilen ein oljesjekk.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Til no har dei brukt kring 70.000 kroner på å ruste opp bilen.

Men sjølv om det er ein sport som kostar ein del, meiner stefaren det absolutt er verd investeringa.

– Det er for seint når ho har mista synet heilt, seier han.

Han vil at ho skal få oppleve dette så lenge ho framleis kan sjå.

Team Tunnelsyn vart starta for snautt eit år sidan. Lagnamnet kjem av den medfødde og svært sjeldne augesjukdommen til Mariell, retinitis pigmentosa (RP).

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Du treng ikkje sitte heime om du har denne sjukdommen, me ynskjer å framme merksemd kring sjukdommen.

Bak all mekkinga og køyringa ligg det ein større bodskap.

– Me registrerte oss i Brønnøysundregistra, der 25 prosent av inntekta skal gå til forsking på RP-sjukdommen, seier Johansen.

Tony Antonsen driv med drifting.

Foto:Privat/Tony Antonsen

Ho er eit førebilete

Katrin Kvæl er nestleiar i Norges Blindeforbund. Dei har over 9000 medlemmer, og ti prosent av desse er rekna som sterkt svaksynte eller blinde.

Ho applauderer racerføraren og kallar ho eit førebilete.

– Eg synest det er kjempegøy. Det er alltid gøy når folk ser moglegheitene i staden for å ikkje tore å prøve.

Katrin Kvæl

nestleiar, Blindeforbundet.

Foto: Thea B. Foslie / Blindeforbundet kommunikasjon

Ho meiner initiativet til Team Tunnelsyn er viktig, både fordi det skapar merksemd, og fordi det viser dei med synshemming kva som er mogleg.

– Eg trur det kan vere viktig at andre på same alder og yngre som får dette påvist, kan sjå at ein kan halde fram med å gjere ting, og at det finst løysingar. Så eg trur nok ho er eit førebilete.

Sjølv om ikkje alle med ei synshemming vil sette seg bak rattet i ein racerbil, understrekar Kvæl at det finst moglegheiter for dei fleste.

Mariell knivar om plasseringa i løp.

Foto: privat/Team Tunnelsyn

– Eg har så mange førebilete rundt meg som er heilt blinde, men som driv med både sykling og løping. Det inspirerer verkeleg.

Ho forklarer at retinitis pigmentosa er ein sjukdom som gradvis svekkjer synet, og at mange som er fødde med diagnosen, mest sannsynleg blir blinde i løpet av livet.

– Førebels finst det ingen kur, og ingenting som kan reversere dette. Det jobbast med å stoppe utviklinga eller få sjukdommen til å gå saktare, opplyser Kvæl.

Satsar mot NM

Kent-Alan Stenslette, president i Norsk Motor Klubb (NMK), er imponert over 17-åringen.

– Klarer ho å køyre bilcross i dag, så klarer ho 100 prosent sikkert å køyre ein NM-runde. Det er nok berre stå-på-viljen det står på.

NMK er den største motorsportklubben i Noreg og har nær 20.000 medlemmer fordelt på klassar på to og fire hjul.

Kent-Alan Stenslette

president, NMK

Foto: NMK

– Eg synest det er eit veldig positivt initiativ å danne eit slikt lag, det må eg seie er supert. Det utfordrar det etablerte miljøet og oppfatninga av kven som kan delta i motorsporten, og det synleggjer moglegheiter framfor avgrensingar.

I haust fekk racerklubben eit nytt medlem, driftaren Tony Antonsen. Han har drive med showkøyring sidan 2019 og håper røykfylt drifting kan vere med og utgjere ein forskjell.

– Ja, det er jo poenget. Få litt fokus på det, seier Antonsen.

Tony Antonsen

drifter, Team Tunnelsyn

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Under låven på garden har dei etablert ein ny verkstad der dei kan mekke på både spinnebilen til Tony og Mariell sin rallybil.

Etter kvart skal Mariell sette inn eit passasjersete, og då kan ho ha med seg kartlesar når dei etter kvart skal klasse opp bilen til rallycross.

Sjølv om synet sviktar, har Mariell eit klart mål.

– Målet er å bli noregsmeister og få råd til å køyre alle NM-rundane, seier Tveit.

Publisert 29.11.2026, kl. 07.55

Source: NRK · Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira