– Eg lever jo ikkje det livet eg gjorde før, og som eg ønsker å leve. Det er eit liv før og etter vaksinen. Dei er veldig forskjellige, seier Marianne Torp Foss.
Etter at ho tok Pfizer-vaksinen mot covid-19 blei Foss sjuk og fekk diagnosen ME.
Foss saksøkte staten ved Pasientskadenemnda for dette og vann saka i Trøndelag tingrett.
Tingretten konkluderte med at staten er erstatningsansvarleg for at Foss fekk kronisk utmattingssyndrom.
Men staten ved Pasientskadenemnda er ueinige og anka dommen. Måndag startar saka i Frostating lagmannsrett.
Marianne Torp Foss og advokaten hennar, Hasse Benberg førebur seg til saka i lagmannsretten.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRKBlei sjuk same dag som ho tok vaksinen
5. mars 2021, fekk Torp Foss andre dose av Pfizer-vaksinen mot covid-19. Då var ho i full jobb som aktivitør på ein sjukeheim i Trondheim.
– Eg merka det allereie på kvelden. Eg fekk intens hovudpine, høg feber og vondt i kroppen, men eg var ikkje forkjølt, fortel Foss.
Ho prøvde å gå på jobb, men blei berre dårlegare og dårlegare.
Å gå tur med hunden var ein sentral del av livet til Marianne, heilt fram til 5. mars 2021.
Foto: Privat– Gjennom hele den perioden merka eg at uansett kor mykje eg sov, så fekk eg ikkje noko restitusjon av å sove. Eg var like sliten då eg vakna og hadde vondt i kroppen.
Til slutt blei ho sjukemeld og fekk etter kvart diagnosen ME.
– Etter det har eg ikkje vore på jobb i det heile tatt, seier Foss.
Omtrent 14 millionar dosar med koronavaksine har blitt sett i Noreg.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKFor Foss er det viktig å påpeike at ho ikkje er vaksineskeptikar.
– Men eg angrar veldig på at eg tok denne vaksinen, seier ho.
Omtrent det same oppleve sjukepleiaren «Jon» etter at han tok AstraZeneca-vaksinen mot viruset. Han har også fått saka si behandla i lagmannsretten, men fekk ikkje medhald:
Avgjerande saker i lagmannsretten
I tillegg til Foss og sjukepleiaren Jon si sak, har ei til sak med helsepersonell som meiner dei har fått biverknadar av koronavaksine bli behandla i lagmannsretten.
Advokat Hasse Benberg som representerer Foss i retten, seier desse tre sakene er viktige for kvarandre og for komande saker om skade etter koronavaksinen.
– Dei har ganske mykje å seie for kvarandre, fordi alle sakene reiser eit generelt og eit spesielt spørsmål, seier Benberg og held fram:
– Det generelle spørsmålet må svarast likt på i alle sakene og det spørsmålet er om ein sånn vaksine kan forårsake dei medisinske plagene som pasientane har fått.
I Jon si sak konkluderte Frostating lagmannsrett med at vaksinen kan føre til ME, men at det ikkje var ein årsakssamanheng for akkurat han:
I Foss si sak er Benberg oppteken av å få fram kva dei meiner forsking seier om skadar etter koronavaksine.
– Vi har tre medisinsk sakkunnige som støttar oss på at forskinga har kome så langt at spørsmålet må svarast på med «ja».
– Altså at vaksinen kan gje den skaden som pasientane meiner at dei har fått, forklarar han.
Over 2500 har søkt om erstatning etter koronavaksine
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) fortel at dei per 1. september har mottatt 2563 søknadar om erstatning knytt til koronavaksinar.
Dei aller fleste har fått avslag:
Kor mange av sakene som gjeld helsepersonell har ikkje NPE oversikt over.
Men det er fleire ein dei tre som har gått til søksmål mot staten for skadar etter koronavaksinen. Omtrent 45 saker om biverknadar etter koronavaksine er tatt til retten.
– Dei andre sakene er vel sett på vent i påvente av utfallet av de tre sakene som nå har vore og skal opp i lagmannsretten.
Av dei tre sakene, var det berre Foss som vann fram i tingretten.
– Vi har jo hatt avgjersler i tingretten der ei har gått i pasienten sin favør, men dei andre i pasienten sin disfavør. Så det er alltid usikkerheit knytt til sånne saker, seier Benberg.
– Ueinige i vurderinga
– Vi er ueinige i vurderinga tingretten gjer av at det er årsakssamanheng mellom vaksinasjonen og at Foss fekk ME.
Det seier Hilde Ruus. Ho er avdelingsdirektør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, som fører saka for staten.
Også staten viser til medisinsk forsking, men for å grunngje at vaksinen ikkje kan føre til ME.
– Vi vil legge fram oppdaterte medisinske forskingsartiklar og fører sakkunnige vitne som har gått gjennom forskinga som har kome på covid-vaksine og biverknader av vaksinen.
– Staten ønsker også ei avklaring på spørsmål om årsakssamanheng, sidan spørsmålet oppstår i mange saker, legg ho til.
FHI anbefaler mellom anna dei over 75 år å ta oppfriskingsdosar av koronavaksinar.
Foto: Simon Skjelvik BrandsethFoss fortel at det var ei påkjenning då saka hennar gjekk for retten i tingretten, og no ventar tre dagar i Frostating lagmannsrett.
– Eg veit jo at når eg går inn i dette så kan eg risikere ei forverring som kan bli ganske varig. Men eg vel å gjere det for det er viktig for meg å oppnå denne rettferda, seier ho.
– Staten oppmoda meg til å ta vaksinen og då synest eg også at staten kan stå ansvarleg for at blei sjuk av vaksinen.
Hei!
Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 22.11.2026, kl. 13.58
Source: NRK · Sunniva Skurtveit
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira