– Det er veldig sprøtt, seier Birk Ruud.
Friskiutøvaren klarer nesten ikkje tru kva kjærasten Tonje Frigstad har fått til.
I den nyaste episoden av «Helt Ramme sporter» er nemleg influensaren Frigstad og programleiar Nicolay Ramm med på VM i fridykking.
Dette er ein sport der ein dykkar djupt under vatn medan ein held pusten.
SAMBUARAR: Friskiutøvar Birk Ruud og Tonje Frigstad er kjærastar og bur saman på Bali.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKI det kalde vatnet på Kypros sjokkerer Frigstad:
Ho dykkar heile 38 meter – noko som er det tredje beste ei norsk kvinne nokon gong har fått til.
– Det ho gjorde der var sjukt imponerande, seier Ramm, som også deltok i konkurransen.
- Lurar du på kven som kom djupast av Ramm og Frigstad? Sjå episode 2 av «Helt Ramme sporter» her.
Ein som også blir imponert er ein av Noregs beste fridykkarar, Vidar Holmen.
Når han får høyre kor djupt Frigstad kom, svarar han:
– Køddar du? Det er heilt rått.
I førre års NM kom vinnaren i kvinneklassa på 38 meter.
Fridykkaren held fram:
– Det er veldig imponerande. Fridykkarar brukar fort eit par år før dei klarer å koma seg til 40 meter. Så det er kjempeimponerande, seier Holmen, som har drive med fridykking i åtte år.
Sjølv har han rekord på 75 meter.
RØRT: Frigstad var rørt etter å ha fullført konkurransedykket på 38 meter.
Foto: NRKInneber høg risiko
Sporten inneber ein stor risiko.
Ein kan få trykkskadar på luftevegane, biholer, øyre og trommehinner. I verste fall kan ein også døy.
Den høge risikoen kjende Ramm på då Frigstad prøvde seg på 38 meter. TV-bileta viser at Ramm græt etter at Frigstad har kome opp av vatnet.
Også kjærasten kjende på ei lita frykt for at noko uventa kunne skje.
– Det er jo ein risiko. Ein høyrer historier der folk døyr, ein må ha respekt for vatnet. Då blei eg litt nervøs, seier Ruud.
Må halda roa
Frigstad beskriv det heile som ein «magisk følelse».
– Du er så til stades i kroppen din. For min del, så er det skikkeleg terapi, seier Frigstad til NRK.
Ho innrømmer at ho var nervøs før konkurransedykket, men at det forsvann då ho kom under vassoverflata med hovudet.
FRIDYKKAR: Vidar Holmen.
Foto: privat– Eg er veldig stolt av at ho klarer det og at ho har ro når ho gjer det, seier Ruud.
Og nettopp derfor trur også fridykkar Holmen at Frigstad klarte det så bra.
– Når ein kjem ned til ti meter, kickar fight-or-flight-responsen inn for dei fleste. Ein byrjar å tenkje at det blir så djupt at «no kan eg døy». Barnet inni deg blir ekstremt engsteleg, seier Holmen og held fram:
– Då byrjar adrenalinet å koke, og då brenn du opp oksygenet med ein gong. Det gjer at du får følelsen av at du ikkje klarer å halda pusten lenger og du klarer iallfall ikkje å utlikna trykket i øyra.
PÅ VEG NED: Frigstad på veg ned mot 38 meter djupne.
Foto: NRK«Skjult talent»
Frigstad sjølv blei òg overraska over det ho fekk til i vatnet på Kypros.
– Eg følte fridykking var eit skjult talent eg ikkje visste eg hadde og fann ut at eg meistra det godt, det var veldig gøy, seier ho.
Ramm og Frigstad hadde tre månadar på å trene seg opp til den tøffe konkurransen på Kypros.
Influensaren brukte store delar av opptreninga på Bali i lag med kjærasten.
Holmen, som i dag har noregsrekorden, trur Frigstad har nokre eigenskapar som egnar seg når ein driv med fridykking.
«SKJULT TALENT»: For Frigstad er fridykking terapi.
Foto: NRKFrigstad, fortel at ho surfar ein del og om vinteren isbadar ho. Det forklarer ein del meiner fridykkaren.
– Då er ho sannsynlegvis ein vassperson. Du har dei som er glade i vatn, og ho har sikkert vakse opp og føler seg heime i vatn og tydelegvis også under vatn, seier Holmen.
Det bekreftar også Frigstad.
– Eg er veldig vassmenneske. Eg har elska å bada sidan eg var lita. Foreldra mine sa eg var meir under vatn enn over. Eg dykka etter skjel. Eg tenkte ikkje på det som fridykking då, for meg var det berre leik, fortel Frigstad.
Publisert 07.11.2026, kl. 07.37
Source: NRK · Åsne Margrete Kleiv
At a glance
- Topic
- Sports
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira