Ulykka har skjedd på ei privat adresse i samband med handtering av eksplosivt eller brennbart materiale, opplyser politiet. Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.47.
Mannen fekk alvorlege skadar i ei hand og er flogen til St. Olavs hospital.
Mannen var vaken etter ulykka og kunne snakke med helsepersonell. Skadane skal ikkje vere livstruande.
– Han blir eller er allereie operert, seier operasjonsleiar Sindre Molnes hos Møre og Romsdal politidistrikt til NRK kl. 21.30.
Ifølge Åndalsnes avis blei mannen henta med helikopter rundt klokka 15.
Grafikk: Arnt Morten Olsen / Arnt Morten OlsenFann sprenglekamar
Politiet opplyser at det er gjort funn av sprenglekamar på staden.Desse blei detonert av politiet si bombegruppe som kom med helikopter frå Oslo.
– Bombegruppa avsluttar på staden. Det er gjort funn av sprenglekamar på adressa. Desse er uskadeleggjorde, seier operasjonsleiar Mona Kvernberg ved 2-tida.
Politiet vil natt til søndag ikkje seie noko om type og mengd sprenglekamar av omsyn til pågåande etterforsking og av omsyn til partane i saka.
Oslo-politiet si bombegruppe kom seint laurdag kveld til staden.
Mann mistenkt
Politiet har oppretta sak. Mannen er no mistenkt for uforsiktig omgang med sprengbart materiale.
– Mannen er no avhøyrt, men eg kan ikkje gå innpå kva han har forklart, seier Molnes.
Publisert 28.11.2026, kl. 17.54 Oppdatert 29.11.2026, kl. 03.10
Source: NRK · Silje Thalberg, Andreas Krantz
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira