Ulykka har skjedd på ei privat adresse i samband med handtering av eksplosivt eller brennbart materiale, opplyser politiet. Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.47.
Mannen fekk alvorlege skadar i ei hand og er flogen til St. Olavs hospital.
Mannen var vaken etter ulykka og kunne snakke med helsepersonell. Skadane skal ikkje vere livstruande.
– Han blir eller er allereie operert, seier operasjonsleiar Sindre Molnes hos Møre og Romsdal politidistrikt til NRK kl. 21.30.
Ifølge Åndalsnes avis blei mannen henta med helikopter rundt klokka 15.
Grafikk: Arnt Morten Olsen / Arnt Morten OlsenFann sprenglekamar
Politiet opplyser at det er gjort funn av sprenglekamar på staden.
– Desse vil bli detonerte på skytebana i Isfjorden innan kort tid, og det er venta eit høgt smell i samband med dette. Dette medfører ingen fare for innbyggjarane, men smellet vil kunne høyrast, skriv politiet i ei oppdatering ved 0.30-tida.
Tidlegare på kvelden hadde politihelikopteret med bombegruppa landa på staden.
Oslo-politiet si bombegruppe kom seint laurdag kveld til staden.
Politiet er inne i leilegheita der ulukka skjedde for å sikre den, og held vakt utanfor.
Ifølgje politiet er det ikkje behov for å evakuere bustadene i nærleiken, og det er ikkje fare for ålmenta.
Helikopteret fraktar den skadde mannen frå Rauma til St. Olavs hospital.
Foto: Arnt Morten Olsen / Arnt Morten OlsenMann mistenkt
Politiet har oppretta sak. Mannen er no mistenkt for uforsiktig omgang med sprengbart materiale.
– Mannen er no avhøyrt, men eg kan ikkje gå innpå kva han har forklart, seier Molnes.
Publisert 28.11.2026, kl. 17.54 Oppdatert 29.11.2026, kl. 00.59
Source: NRK · Silje Thalberg, Andreas Krantz
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira