Ulykka har skjedd på ei privat adresse i samband med handtering av eksplosivt eller brennbart materiale, opplyser politiet. Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.47.
Mannen fekk alvorlege skadar i ei hand og er flogen til St. Olavs hospital.
Mannen var vaken etter ulykka og kunne snakke med helsepersonell. Skadane skal ikkje vere livstruande.
– Han blir eller er allereie operert, seier operasjonsleiar Sindre Molnes hos Møre og Romsdal politidistrikt til NRK kl. 21.30.
Ifølge Åndalsnes avis blei mannen henta med helikopter rundt klokka 15.
Grafikk: Arnt Morten Olsen / Arnt Morten OlsenBombegruppa er venta før midnatt
Politiet har bede om hjelp frå bombegruppa i Oslo til å vurdere og handtere situasjonen.
Molnes seier at bombegruppa er venta å vere framme i Rauma før midnatt.
Politiet er inne i leilegheita der ulukka skjedde for å sikre den, og held vakt utanfor.
Ifølgje politiet er det ikkje behov for å evakuere bustadene i nærleiken, og det er ikkje fare for ålmenta.
Har avhøyrt mannen
Politiet har sett i gang etterforsking.
– Mannen er no avhøyrt, men eg kan ikkje gå innpå kva han har forklart, seier Molnes.
Publisert 28.11.2026, kl. 17.54 Oppdatert 28.11.2026, kl. 22.58
Source: NRK · Silje Thalberg
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira