Far og son drar opp fire garn i havet utanfor Dakar.

Båten er arbeidsplassen deira og fangsten skal betale for mat, skule og heim.

Den avlange trebåten gynger opp og ned i takt med bølgene, medan dei to mennene drar opp garn etter garn.

Resultatet er det same kvar gong: Skuffande.

Kvar dag legg dei ut på sjøen for å sjekke fiskegarna. Tusenvis av menneske i Vest-Afrika livnærer seg av småfiske.

Vegard Tjørhom/NRK

Fiskarar og forskarar har i fleire år sett at det blir mindre fisk i havet utanfor Vest-Afrika.

For småfiskarane er fangsten ofte for liten til å leve av. Slikt er krise i Senegal, der fisken gir både jobb og mat til folket.

Ein rapport frå Environmental Justice Foundation anslår:

  • 3 prosent av Senegals arbeidsstyrke er småfiskarar.
  • Fangsten til småfiskarane står for 8 prosent av senegalesarane sitt proteininntak.

Fiskarsamfunna langs kysten har lenge kome med krav om betre regulering for å unngå overfiske.

Men mektige folk på land jobbar mot dei, og rike kundar i andre delar av verda er villige til å kjøpe fisken frå Vest-Afrika, trass gjentekne åtvaringar frå lokale organisasjonar.

Fleire av desse kundane er sentrale i norsk oppdrettsnæring.

Kjøper over 11.000 tonn fiskeolje

På eit nes utanfor Florø blir det produsert laksefôr. Noregs største fiskefôrfabrikk har ein årleg produksjonskapasitet på heile 250.000 tonn.

Frå Florø blir fiskefôr produsert og sendt vidare ut til kundane.

Foto: unknown

Fabrikken er eigd av Cargill, som er eit av fleire selskap som driv med produksjon av fiskefôr i Noreg.

Fôret blir mat for fisk i oppdrettsanlegga langs norskekysten. Noko av ingrediensane som Cargill bruker, har reist langt. Heilt frå havområdet utanfor Vest-Afrikas kyst – altså same havområde som der far og son er ute i fiskebåten.

Fiskefôr består av ulike næringsstoff. Soya og palmeolje, men også fiskemjøl og fiskeolje.

Hovuddelen av dei marine ingrediensane finn fôrprodusentane i våre eigne havområde.

Men den norske oppdrettsnæringa har vakse seg så stor, at dei også må kjøpe marine ingrediensar frå andre marknadar for å ha nok mat til fisken sin.

Ein av desse marknadane er Vest-Afrika.

Norsk oppdrettslaks må ha mat inni merdane. Maten kan ha ingrediensar frå stader langt, langt unna norskekysten.

Foto: NRK

NRK har forsøkt å få oversikt over omfanget av fiskeoljehandelen mellom Vest-Afrika og norske selskap.

Men lite openheit rundt handelen, fører til at selskapa i stor grad kan velje kva informasjon som skal offentleggjerast og ikkje.

Hos Statistisk sentralbyrå er det registrert import til Noreg av fiskeolje frå Mauritania, men ikkje frå Senegal, Gambia eller Guinea-Bissau.

Fleire land i Vest-Afrika deler på det same havområdet. Eksporten frå Mauritania påverkar også Senegal, Gambia og Guinea-Bissau.

I 2025 vart 11.208 tonn med fiskeolje importert til Noreg frå Mauritania. Den samla verdien av dette blir anslått til å vere 387 millionar kroner.

Kor mykje fisk som er brukt for å lage denne fiskeoljen, blir det ikkje opplyst om. Men eit reknestykke som er vanleg å bruke seier at eit tonn med fisk gjev 225 kilo fiskemjøl og 50 kilo fiskeolje.

I så fall er det brukt rundt 224.000 tonn med fisk til å produsere fiskeoljen som vart seld til Noreg i fjor. Samtidig er altså desse 224.000 tonna med fisk sannsynlegvis også brukt til produksjon av andre ingrediensar.

Tolletaten stadfestar importen av fiskeolje frå Mauritania, men vil ikkje dele informasjon om selskap og volum på import.

Søk i skipsdatabasen MarineTraffic viser trafikk ved norske fôrfabrikkar som kan tyde på leveransar frå Vest-Afrika.

Men sidan skipa sjeldan går direkte, og alltid stoppar i andre europeiske hamner, er lasta umogleg å spore sikkert. Fiskeoljen kan dessutan kjøpast via mellomledd i Europa.

Utan opne fraktlister kan ikkje NRK stadfeste kva skip som fraktar den olja frå Vest-Afrika.

Men informasjonen i SSB sine register er bevis på at slik import skjer.

Lite openheit om import

NRK kontaktar fleire aktuelle selskap med direkte spørsmål om dei kjøper vestafrikansk fiskeolje. Fire selskap skil seg ut.

  1. Fiskefôrprodusenten BioMar fortel at dei har importert mindre enn 100 tonn mellom 2024 og mai 2026, noko som er ein betydeleg nedgang frå perioden 2022 til 2023. Selskapet skriv at forbruket av fiskeolje frå Mauritania dei siste åra tilsvarer rundt 0,05 prosent av BioMar Norge sitt totale forbruk av marine ingrediensar. I tillegg opplyser BioMar at 2,5 prosent av fiskeoljen som dei brukte i sin produksjon globalt mellom 2022 og 2026 var frå Mauritania.
  2. Helsekostprodusenten GC Rieber VivoMega produserer kosttilskot for menneskekonsum. Dei seier dei har importert det dei omtalar som ein «mindre andel» fiskeolje frå Mauritania. Selskapet ønsker ikkje å oppgje kor mykje det er snakk om, og seier dette er av konkurransemessige omsyn.
  3. Cargill, bedrifta med fabrikk i Florø, stadfestar at dei importerer fiskeolje frå Mauritania. Heller ikkje dei vil oppgje eksakt volum på importen. Cargill deler tal for første halvår av 2026, der fiskeolje frå Mauritania utgjorde mellom 5 og 7 prosent av dei marine ingrediensane som er brukt i deira produksjon i Noreg. Ifølge Cargills eigne nettsider var 3,45 prosent av dei marine ingrediensane dei brukte på globalt nivå frå Mauritania.
  4. Skretting seier at dei ikkje har brukt noko fiskeolje frå Mauritania i sin norske produksjon, men at dei har importert til Frankrike, Spania og Italia dei siste fem åra. Skrettings årsrapport viser at dei på globalt nivå hentar 6 prosent av dei marine ingrediensane frå havområdet utanfor Vest-Afrika.

Selskapa Skretting, Mowi og Pelagia svarer at dei ikkje har importert fiskeolje frå Mauritania til Noreg i den aktuelle perioden.

Omfanget av selskapa sin handel av fiskeolje frå Mauritania

  • Cargill

    Noreg: Cargill har henta fram tal for første halvår av 2026, der fiskeolje frå Mauritania utgjorde mellom fem og 7 prosent av dei marine ingrediensane som er brukt i deira produksjon i Noreg.

    Globalt: Opplyser på sine nettsider at 3,45 prosent av deira ingrediensar kom frå Vest-Afrika i 2025, ein oppgang frå 2024 då talet var 1,6 prosent. I 2023 var talet 2,69 prosent og i 2022 var det 2,26 prosent.

  • BioMar

    BioMar Norge: Fiskefôrprodusenten BioMar fortel at dei har importert mindre enn 100 tonn mellom 2024 og 2026, noko som er ein betydeleg nedgang frå perioden 2022 til 2023. Selskapet skriv at forbruket av fiskeolje frå Mauritania dei siste åra tilsvarer rundt 0,05 prosent av BioMar Norge sitt totale forbruk av marine ingrediensar.

    Globalt: I BioMars berekraftsrapport for 2024 kjem det fram at dei importerer frå Vest-Afrika, men ikkje detaljar om omfanget. BioMar har opplyst at den norske produksjonen mellom 2024 og mai 2026 har hatt 0,05 prosent av ingrediensar frå Mauritania. Tala er ganske annleis i produksjonen deira utanfor Noreg. I eit skriftleg svar til NRK opplyser dei at 2,5 prosent av fiskeoljen dei brukte globalt mellom 2022 og mai i 2026 var frå Mauritania - dette tilsvarer 0,8 prosent av dei marine ingrediensane. Dei seier dette er eit gjennomsnitt og at omfanget er blitt mindre dei siste åra.

  • Skretting

    Noreg: Ingen import til Noreg dei siste åra.

    Globalt: Seier dei har importert til Frankrike, Spania og Italia dei siste fem åra, til produksjon av fôr til bruk i oppdrettsnæringa i dei landa. Skrettings årsrapport for 2025 viser at dei på globalt nivå hentar 6 prosent av dei marine ingrediensane sine frå havområde 34 - altså Vest-Afrika.

  • GC Rieber VivoMega

    Noreg: GC Rieber VivoMega, som produserer kosttilskot for menneskekonsum, skriv i ein e-post at dei har kjøpt ein «mindre andel» fiskeolje via ein forhandlar i Europa. Dei vil ikkje seie kor mykje fiskeolje det er snakk om, og grunngjev dette med omsyn til konkurranse.

  • Pelagia

    Svarer at dei verken har kjøpt fiskeolje frå Mauritania til sine anlegg i Noreg, eller anlegga utanfor Noreg. Tidlegare har dei derimot sagt til danske Danwatch at dei eksporterte frå Mauritania over ein periode på ti år.

  • Mowi

    Skriv til NRK at dei ikkje har kjøpt fiskeolje til nokre av sine anlegg dei siste åra. Heller ikkje utanfor Noreg. Mowi seier dei stansa kjøp frå Mauritania i 2023. Ein tidlegare frakt til Mowis anlegg på Valsneset i 2022 er omtalt i fleire internasjonale medium, slik som Financial Times og ARTE.

Konkurrerer mot store aktørar

– Det var ikkje slik før. Slik ting ser ut no blir det veldig vanskeleg for oss å få nok fisk, seier Abu Samba Kane.

Han og sonen har forsøkt å flytte garna for å sjekke fiskelukka andre stader, men dei veit at problemet er det same overalt.

Plutseleg løfter Abu blikket og peikar rett ut i Atlanterhavet. Ein stor fisketrålar kan så vidt skimtast i horisonten.

Den store båten er konkurrenten til Abu og sonen hans. Og dei aner ikkje korleis dei kan vinne den kampen.

– Kinesarar, påstår han, utan å vite for sikkert kven som eig akkurat den båten.

Men han har høyrd mykje om fabrikkane i nabolandet Mauritania – eit stykke lenger nord på same kyst.

Tonnevis av fisk blir levert til store fabrikkar

To satellittfoto frå Nouadhibou, ein by i Senegals naboland Mauritania, teiknar eit bilete av situasjonen.

Tusenvis av tradisjonelle fiskebåtar ligg tett i tett.

Om du zoomar litt ut vil du sjå at dei ligg rett ved eit industriområde der det har vore rask utbygging av fabrikkar som produserer fiskemjøl og fiskeolje.

Hamneområdet i Nouadhibou har endra seg mykje på 13 år, og ser heilt annleis ut i dag.

Januar 2013

September 2026

Fabrikkane starta produksjonen tidleg på 2000-talet. Det har vist seg å vere store pengar å hente.

Hamna er blitt større og fabrikkane er blitt fleire. Talet på små fiskebåtar har også auka, fordi mange småfiskarar no leverer fangsten til fabrikkane som sluker fisk for å gjere det til olje og mjøl.

I 2021 gjekk 55 prosent av all den pelagiske fisken som vart fiska til fabrikkane.

Desse marine ingrediensane inneheld mykje protein og feitt, og slikt trengst i fôret til oppdrettsfisken.

Kundane til fabrikkane er langt meir pengesterke enn lokale forbrukarar, så eksporten frå Mauritania har fleirdobla seg på 20 år.

Dei siste åra har eksporten gått ned. Litt fordi det er innført reguleringar, men vel så mykje fordi det er mindre fisk i havet enn tidlegare.

Greenpeace: – Uansvarleg

Dei norske selskapa er ikkje skulda for å gjere noko ulovleg når dei kjøper fiskeolje frå Mauritania. Aliou Ba i Greenpeace bruker derimot ordet «uansvarleg».

Sjølv om Mauritania, etter press frå sivilsamfunnet, har innført klare restriksjonar på fiske av sardinella, så er det tydelege teikn til at dei ikkje klarer å stanse dette heilt.

– Offisielle tal antydar at 15 til 17 prosent av fisken som blir brukt i dagens produksjon er sardinella. Fiskerisektoren utgjer rundt ein tredjedel av Mauritanias samla eksport, så det er sterke krefter som presser på for å halde produksjonen gåande, fortel Ba som leiar Greenpeace Africa sitt arbeid på hav.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han har jobba med sakskomplekset i mange år og meiner ein sentral del av problemet er svak styring frå Mauritania, og manglande samarbeid på tvers av kystlanda i Vest-Afrika.

– Kva er bodskapen din til norske selskap som kjøper vestafrikansk fiskeolje?

– Slutt å kjøpe fiskeolje frå Vest-Afrika. Småfisken som fiskeoljen blir laga av er maten til familiar i Mauritania, Senegal og Gambia. Det blir altså omgjort til laksefôr og selt vidare til meir pengesterke marknadar.

Ba viser til rapporten «The Blue Empire». Der blir det anslått at det i 2020 vart brukt 144.000 tonn med vestafrikansk småfisk i produksjonen av laksefôr i Noreg.

Ifølge rapporten kunne den same mengda fisk gitt 2,5 til 4 millionar menneske i Vest-Afrika tilgang på det dei treng av næring i løpet av eit år.

Å bruke ein matfisk som sardinella som mat til annan fisk er heller ikkje særleg effektiv bruk av ressursar. Ein rapport anslår at du treng fiskeolje og fiskemjøl frå 1000 kilo med sardinella for å lage laksefôr som til slutt produserer 140 kilo laks.

Med andre ord meiner forskarane at ein må bruke store mengder av vestafrikansk matfisk for å produsere betydeleg mindre mengder norsk laks.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Sardinella under press

På stranda i Dakar er stemninga like oppgitt som i fiskebåten.

Fleire damer har lagt ut fisk til sals. Det er ofte deira ansvar å selje familiens fangst. Dei fortel om langt færre fisk enn før, og samtidig også dyrare fisk.

Kundane er langt færre sidan fiskemangelen presser prisane opp.

På Ouakam-stranda oppstår det ein fiskemarknaden kvar ettermiddag etter at småfiskarane har kome i land med dagens fangst.

Vegard Tjørhom/NRK

Litt bortanfor fiskemarknaden sit Mamadou Sarr oppå ein fargerik fiskebåt.

– Det er ein drastisk nedgang. Det er blitt for mange folk her, og alle gjer akkurat det som passar dei best, seier Sarr.

Havet har alltid vore arbeidsplassen hans. Dei siste femten åra har han sett store endringar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han er talsperson for fiskarane på denne stranda, men også ein av dei som lenge har forsøkt å få til politisk endring. Han ramsar opp årsaker til kvifor det er mangel på fisk.

– Noreg blir nemnt, seier han fleire gonger.

Mamadou Sarr er både fiskar og ein av leiarane i den lokale fagrørsla.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Sarr trekkjer fram fleire årsaker til fiskemangel.

  • Klimaendringar og varmare vatn.
  • Bygging og forsøpling på land forureinar livet i havet ved land.
  • For dårleg politisk regulering på tvers av landa langs kysten av Vest-Afrika.

Men han nemner altså også Noreg, og det er når Sarr startar å snakke om fabrikkane i nabolandet i nord, Mauritania.

Han meiner dei som skal drive med fiskeoppdrett må klare å finne mat til fisken i sitt eige heimeområde, og ikkje ende opp med å konkurrere med småfiskarar i Vest-Afrika.

– Det finst andre alternativ. Dei kan jobbe saman med forskarar og bruke ris, mais og kveite. Det er ikkje logisk det som skjer her, seier han.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Dei norske selskapa svarer

Dei norske selskapa kjenner til kritikken. Handelen mellom Mauritania og Noreg er omtalt i fleire rapportar og tidlegare medieoppslag.

Helsekostprodusenten GC Rieber VivoMega importerer til Noreg og bruker fiskeolje i produksjonen av omega-3-produkt. Dei skriv i sitt svar at dei stiller krav til anerkjente sertifiseringar og sporbarheit av fiskeoljen.

Dei tre fiskefôrselskapa som kjøper fiskeolje frå Mauritania har noko til felles i sine svar. Nemleg det som bransjen kallar «FIP».

– Det er mange utfordringar knytt til fiskeri rundt omkring i verda. Det er akkurat difor Skretting Norge berre kjøper fiskemjøl og fiskeolje kor heilfisken anten må vere sertifisert eller komme frå eit fiskeforbetringsprosjekt (FIP), seier Leif Kjetil Skjæveland i Skretting.

– BioMar Norge meiner at ansvarleg involvering er avgjerande for å få til betre forvalta fiskeri i Vest-Afrika, der utfordringane knytte til ressursforvaltning, levebrød og styring er komplekse. Ved å halde fram engasjementet gjennom FIP-en og samarbeide med relevante interessentar, kan verdikjeda oppretthalde framdrifta i fôrbetringsarbeidet, skriv Håvard Y. Jørgensen i BioMar Norge.

– Me meiner me som kjøparar også har eit ansvar for å bidra til dokumenterte forbetringar i fiskeriar som arbeidar for å oppfylle ein anerkjent standard, men som ennå ikkje gjer det – også i land der kapasiteten til forsking, kontroll og forvaltning er meir avgrensa. Difor støttar me tidsavgrensa fiskeriforbetringsprogram (FIP) med tydelege mål, open rapportering og uavhengig vurdering av framdrifta, skriv Kjartan Mæstad i Cargill.

Selskapa sine svar om eksport frå Mauritania

  • CG Rieber VivoMega

    Vi tar kritikken av fiskemel- og fiskeoljeindustrien i Vest-Afrika på alvor. Vi kjøper fiskeolje til humant konsum, og stiller krav til anerkjente sertifiseringer og sporbarhet. Vårt næringsgrunnlag er basert på god forvaltning, og det er viktig for oss å bidra til at dette nås på best mulige måte.

  • BioMar

    Administrerande direktør i BioMar Norge, Håvard Y. Jørgensen, skriv i eit tilsvar til NRK:

    BioMar meiner at ansvarleg involvering er avgjerande for å få til betre forvalta fiskeri i Vest-Afrika, der utfordringane knytte til ressursforvaltning, levebrød og styring er komplekse. Ved å halde fram engasjementet gjennom FIP-en og samarbeide med relevante interessentar, kan verdikjeda oppretthalde framdrifta i fôrbetringsarbeidet. Ei tilbaketrekking frå dette arbeidet kan derimot setje denne utviklinga i fare. Partnarar i verdikjeda for marine råvarer som tek eit langsiktig ansvar, bidreg til å møte desse komplekse utfordringane gjennom arbeid for betre fiskeriforvaltning, kapasitetsbygging og styrking av regional utvikling. Dette legg grunnlaget for betre og meir berekraftige resultat på lang sikt.

  • Skretting

    Direktør for bærekraft og samfunn, Leif Kjetil Skjæveland, skriver i et tilsvar:

    Det er mange utfordringer knyttet til fiskeri rundt omkring i verden. Det er akkurat derfor Skretting Norge kun kjøper fiskemel og fiskeolje hvor helfisken enten må være sertifisert eller komme fra et fiskeriforbedringsprosjekt (FIP).

    En FIP betyr ikke at alt er ok, men at viktige aktører har gått sammen for å kunne bli et godt og sertifisert fiskeri.

    Det er helt avgjørende for at lokale fiskerier skal kunne være et bærekraftige fiskeri i framtiden slik at de framover skal kunne gi lokale jobber og sørge for matproduksjon.

    Dette er en prosess som vi ønsker å støtte. Da må du stå sammen med disse aktørene og hjelpe så lenge det er en positiv framdrift.

  • Cargill/EWOS

    Marine råvarer er begrensede ressurser globalt, og god forvaltning av fiskebestandene er viktig for naturen, lokalsamfunnene og en langsiktig tilgang på mat og råvarer.

    For oss handler ansvarlig innkjøp ikke bare om å kjøpe råvarer fra fiskerier som allerede er sertifisert. Vi mener at vi som kjøper også har et ansvar for å bidra til dokumenterte forbedringer i fiskerier som arbeider for å oppfylle en anerkjent standard, men som ennå ikke gjør det – også i land der kapasiteten til forskning, kontroll og forvaltning er mer begrenset. Å trekke seg ut så snart utfordringer avdekkes, vil ikke nødvendigvis bidra til bedre bestandsforvaltning eller bedre forhold i verdikjeden.

    Derfor støtter vi tidsavgrensede fiskeriforbedringsprogrammer med tydelige mål, åpen rapportering og uavhengig vurdering av fremdriften. Støtten forutsetter at forbedringsarbeidet har forutsetninger for å lykkes og gir dokumenterbare resultater som kan verifiseres gjennom uavhengige revisjoner.

FIP er kort for fiskeforbetringsprosjekt, og er arbeid som har som mål å forbetre forvaltninga av fiskeri.

Ofte er det selskapa som står bak desse prosjekta, og dei seier sjølv at FIP ikkje er ein garanti for berekraftig fiske, men at det er arbeid som på sikt kan bidra til forbetringar.

Fleire ekspertar meiner det ikkje er nok å vise til desse fiskeforbetringsprosjekta. Ein av dei er Aliou Ba i Greenpeace Africa:

– Sertifisering og forbetringsprosjekt endrar ikkje det faktum at bestanden er utarma. Forskinga er tydeleg: Fiskebestanden er overutnytta og fiske burde difor vere minimal.

Fleire av selskapa er opptekne av å understreke at det berre er ein «liten del» av fiskeoljen som kjem frå Mauritania.

Men berre i fjor vart altså 11.208 tonn fiskeolje importert frå Mauritania til Noreg, og for å produsere denne olja kan det vere brukt så mykje som 224.000 tonn med fisk. I tillegg kjem uante mengder fiskeolje som er importert til norske selskap sine anlegg i andre land.

Men det som internasjonale selskap kallar «lite» kan for andre vere «mykje». I Senegal tel ikkje småfiskarane fangsten i tonn. dei tel den i kilo.

Småfiskarar står att med småpengar

Far Abu og sonen Moussa er snart ferdig med arbeidsdagen. Til saman ligg det rundt 25 fisk i ein kjølebag med is.

Fisken vert teken med til land og seld på den lokale marknaden. Det gjev litt pengar i lomma, men dei to fiskarane ser at andre fiskarar tenar langt meir på å selje fangsten sin til dei omstridde fabrikkane.

– Etterspurnaden på fisk er stor. Fabrikkane for fiskemjøl og fiskeolje har investert i store båtar og fangar all fisken før den kjem til oss. Dei bryr seg verken om kvaliteten eller storleiken på fisken. Eller fiskekvotane.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han etterlyser meir kontroll og overvaking frå styresmaktene. Om ikkje trur han at fiskarane berre vil klare seg om dei er villige til å selje til fabrikkane. Det er der pengane er, men det er også der problema vert skapt.

Han kastar nok ein fisk ned i kjølebagen og blir spurt om kor mykje han trur dagens fangst kan gje i inntekt.

– 4000 franc (70 kroner), kanskje, svarer Abu.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Men reknestykket stanser ikkje der. Dei er til vanleg tre personar som jobbar i fiskebåten.

– Også må eg kjøpe drivstoff. Det kostar ein del. Så kanskje tener me litt, eller så går me i null i dag, seier Abu før han forsøker å sjå meir optimistisk på det:

– Snart kjem ein periode med kaldare vatn. Då blir ofte fangsten litt betre igjen.

Hei

Jambo!

Eller du kan lese ein av fleire reportasjar frå mi reise til Khartoum, hovudstaden i Sudan - der verdas verste humanitære krise utfolder seg.

Source: NRK · Vegard Tjørhom, Ole Reinert Omvik, Norunn Reinertsen, Karl Inge Paulsen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira