Det renn blod nedover låra til Ine Mariel.
Smertene har vart i fleire minutt. Ingen kjem når ho trykker på den raude knappen.
Ho stavrar seg ut i den kvite, sterile sjukehusgangen.
Men det finst ikkje noko sterilt over ropet ho gir frå seg.
– Hjelp! hyler ho.
Sjølv om ho har vore innlagt på sjukehuset i Tromsø i fleire dagar, trur ho enda det er lenge til barnet skal kome.
Og når blodet renn, midt i vaktskiftet ein onsdag ettermiddag i mai, veit ho ingenting om at dette er ein dag ho kjem til å feire og sørge over resten av livet.
Ho veit berre at ho treng hjelp.
No.
Ei plutseleg, unormal hovudpine
I 2023 blei det fødd om lag 52.000 barn i Noreg. Det var barn som kom gjennom fødekanalen, barn som blei tekne med keisarsnitt, barn som kom til termin, barn som tok seg god tid.
Og så var det barn som Ine Mariel sitt.
Ine Mariel var på ferie på Gran Canaria i mars. Berre eit par månadar seinare kom sonen, ti veker for tidleg.
Foto: Ine Mariel Solrød / PrivatAv alle fødslar i Noreg er rundt 6 prosent premature fødslar. Det vil seie at dei blir fødd før veke 37.
Ein maidag vaknar Ine Mariel tidleg, mykje tidlegare enn vanleg. Det er ikkje det einaste som er unormalt. Ho har også utruleg vondt i hovudet. Morgonlyset klokka halv seks er som knivar i auga. Synet flimrar, ho er kvalm.
Og 29 veker på veg med sitt første barn.
Mannen Andreas blir med ho til sjukehuset i Harstad. Med solbrillene på set ho seg ned medan mannen hennar melder ho inn i skranken. Etter litt ventetid kjem ei erfaren jordmor inn i venteområdet.
– Ho såg på meg og sa: Å ja, det er såpass.
Ine Mariel blir på sjukehuset i Harstad i fleire dagar. Det viser seg at ho har svangerskapsforgifting, og forma svingar veldig. Ser prøvane gode ut ved dagens første måling, endrar dei seg til neste gong.
– Eg er av natur eit menneske som er full av håp. Eg er litt naiv. Veldig optimistisk. Så når nokon seier at du kan gå med svangerskapsforgifting heilt til termin, så trur eg at det gjeld meg.
Det er fint å vere optimist.
Men Ine Mariel skal ikkje gå heilt til termin.
Det har ho framleis ikkje skjønt når ho blir send med ambulansefly til sjukehuset i Tromsø.
Avdelinga dei færraste vil til
Nyfødd intensiv ved UNN er ein lang gang, med rom for pasientane på høgre sida av gangen. På venstre side er det eit mjølkekjøkken, der mødrene si utpumpa mjølk blir oppbevart.
Hamnar barnet ditt på denne avdelinga, vil kvart rombyte vere eit nytt steg mot livet utanfor. Heilt inst i gangen er rommet der dei nyfødde barna treng aller mest medisinsk hjelp og støtte, der kor det er mest kritisk. Jo nærmare døra du kjem, jo nærmare kjem heimreisa.
På nyfødd intensiv kan ein setje saman sider til å lage «Boka om meg».
Foto: Sigrid Agnethe Hansen/NRKRomma for intensiv medisinsk støtte er likevel ikkje private. Her sit foreldra i eit ope rom, med andre familiar berre nokre meter unna.
Ein kan setje opp skiljeveggar for å få noko som minner om privatliv, men ein vil likevel kunne høyre lydane og samtalane til dei andre familiane.
Alle snufsa til mor, all trøystinga til far, maskinane som lagar lyd for å vise at dei held dei knøttvesle babyane i live.
Det luktar reint her. Det luktar tørkepapir. Det luktar medisinsk alvor.
I Tromsø er det årleg rundt 100 premature barn som kjem til nyfødd intensiv. Dette er barn som er fødde før veke 37, og fleire av dei treng pustestøtte og opphald i kuvøse.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKMariann Hansen er seksjonsleiar ved denne avdelinga. Dei færraste veit om at denne lange, kvite gangen med alle romma finst før dei treng han. Leiaren har ei ro over seg som kjem godt med når ein først hamnar her, når den vesle nyfødde ungen treng nøye medisinsk oppfølging.
Ho har sett mykje etter 30 år på sjukehuset. På denne avdelinga er babyen pasienten, medan foreldra er pårørande. For mange kan det vere vanskeleg å få til ei normal tilknyting, fordi babyen ligg i kuvøse og er påkopla ulike apparat og pustestøtte.
Spesielt har ho sett dette hos mødrer.
– Eg trur at den der redselen for at barnet ditt ikkje kjem til å overleve, gjer at ein av og til held seg litt unna kjenslemessig.
Mariann Hansen og Inger Kopland på nyfødd intensiv tar årleg imot rundt 250 pasientar som nettopp har kome til verda. Av desse er om lag 100 premature. Resten er nyfødde barn som har akutt behov for intensiv medisinsk behandling.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKSom sjukepleiarar skal ho og kollega Inger Kopland ha mange strenger å spele på når ein ny familie kjem inn dørene. Dei skal hjelpe foreldra til å tore å nærme seg ungen sin, samtidig som dei i mange tilfelle skal vere ei samtalestøtte.
Foreldra har mange spørsmål. Korfor hamna vi her? Kva var det som skjedde no? Og ikkje minst: Kva kjem til å skje vidare?
– Det er vanskeleg å godta at ein kanskje ikkje veit. Korfor skjedde denne premature fødselen? Ein vil veldig gjerne ha ei årsak. Og kvinner er jo ekspertar på å putte denne årsaka på seg sjølv, meiner Hansen.
– OK, no døyr eg
Andreas må reise tilbake til Harstad når dei har vore nokre dagar i Tromsø. Dei skal overta nytt hus. Han skal starte i ny jobb. Sjefen kjem flygande frå ein annan plass i landet for å ønske han velkommen.
I sjukehusgangen tar dei farvel. Han drar for å ta hurtigbåten på ettermiddagen.
Herifrå skal ingenting bli som dei hadde trudd.
Andreas skal ikkje vere med når hurtigbåten set kursen sørover klokka 16.15.
Han skal ikkje heim og ordne med alle praktiske ting.
Sjefen på den nye jobben får ikkje tatt han i handa på den første dagen.
For telefonen ringer. Og smertehylet til Ine Mariel i andre enden gjer at Andreas drar tilbake til sjukehuset.
No er det alvor. Blodet stoppar ikkje, og rundt senga til Ine Mariel prøver dei tilsette å finne ut av kva som skjer og kor god eller dårleg tid dei har.
Er fødselen i gang? Er det vatnet som har gått og tatt med seg blod på vegen?
Nei.
Det viser seg å vere alternativ to, som ein ikkje kan sjå på ultralyd, som ein ikkje kan måle seg fram til: Morkaka har losna. Når det skjer, startar ei bløding så alvorleg at mor kan døy. Da må babyen ut, så fort som mogleg.
Ho blir send til fødestua. Ein roleg sjukepleiar med raud pannelugg har følgt med og har vore til hjelp lenge. Så seier ho at dei ikkje får stansa blødinga.
– Da skjønte eg: «OK, no døyr eg.» Det er det som skjer no. Eg er i dei beste hender her, og likevel får dei ikkje løyst det, hugsar Ine Mariel.
Ho hugsar også at mest av alt tenkte ho på ungen.
– Eg tenkte at viss ungen blei redda, så har i alle fall livet mitt vore verdt noko.
Min?
Babyen blir tatt ut med keisarsnitt. Legane som opererer ho, skal konstatere at det var riktig, det dei trudde: Morkaka hadde losna, i veke 30 i svangerskapet.
Ine Mariel får blodoverføring. Ho har mista nærmare to liter blod. Fem timar etter at sonen blei løfta ut av kroppen hennar, veit ho framleis ikkje korleis det gjekk med han.
Sju og ein halv time etter keisarsnittet får ho sjå den vesle guten som har kome ut så altfor tidleg.
Det vil seie, ho ser han knapt. Han ligg inne i ei diger kuvøse, innpakka. Men ho ser mannen sin stå ved sida av. Ho spør:
– Er det der min?
Andreas nikkar. Så hylgrin ho.
Ho får legge handa inn i den vesle kuvøsa. Det er det første møtet mellom mor og son.
Er det glede i den nybakte mora?
Er det ei akutt kjensle av å ha blitt mor?
Er det eit alvor som strøymer over ho?
– Det veit eg ikkje. Det trur eg faktisk ikkje. Nei. Eg trur ikkje eg kjende på noko. Eg berre såg at han var der. Så sikkert lette, kanskje. Ja. Lette.
Natt til 1. juni får Ine Mariel legge handa si på den vesle sonen for første gong.
Foto: Ine Mariel Solrød / PrivatHo blir liggande på føde/barsel-avdelinga i åtte dagar fordi ho er så sjuk av svangerskapsforgiftinga.
Men ho får besøke guten. Han er så liten. Når dei sender bilde til familien, ser han så stor ut. Det kjem ikkje fram kor bitte liten han er, synest Ine Mariel.
– Han passa liksom inni handa mi.
Hud til hud er viktig for tilknytning mellom forelder og baby.
Foto: Ine Mariel Solrød / PrivatGleda som ikkje var der første dag, da Ine Mariel var nyoperert og nyforløyst, ventar ikkje lenge. No kan ho ha han på brystet og undersøke han. Sjå på auga, sjå på huda, kjenne på morskjensla som veks fram.
– Noko av det raraste var at øyret ikkje hadde brusk. Det var tynt som eit løvblad. Så når han låg på brystet mitt, bretta det seg. Eg bretta det tilbake så forsiktig som eit ark i ein bibel.
Og så, ein dag, har han plutseleg fått brusk. Øyret er heilt normalt.
Og litt etter litt rører dei seg oppover gangen på nyfødd intensiv på sjukehuset i Tromsø.
Den vesle sonen på brystet til pappa Andreas.
Foto: Ine Mariel Solrød / PrivatNår det verste alvoret roar seg ned, kjem andre kjensler og bankar på døra til Ine Mariel:
Skyld. Skyld og skam.
– Seriøs skyldkjensle
«Det er mi skyld at babyen kom for tidleg.»
Dette får Inger og Mariann på nyfødd intensiv ofte høyre. Dei treff ofte mødrer som har vikla seg inn i si eiga skam. Dei gjer det dei kan for å vikle dei ut igjen. Stikk fingrane inn under skamtråden og løyser floken, knute for knute.
Blir det for vanskeleg, har dei fått tilgang på psykolog på avdelinga, i tillegg til ein klinisk sosionom.
Inger har høyrt mange ulike teoriar: Var det fordi eg var på trening, var det fordi eg jobba for mykje, var det fordi eg sat ved sida av nokon som åt noko spesielt, var det fordi eg tok fly?
Inger Kopland har ofte høyrt kvinner legge skylda på seg sjølv for at fødselen starta for tidleg. Det er ikkje alltid lett å forklare korfor det skjedde.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKBegge to treff kvinner som legg skylda over på seg sjølv.
– Kan ein heilt utelukke det?
– Mange gongar kan ein det, ja, seier Inger.
– Du får ikkje svangerskapsforgifting av å gå på trening, det er heilt openbert.
Mange mødrer slit med seriøs skyldkjensle, seier spesialsjukepleiaren.
– Eg har snakka med mange som seier: Eg har ei så elendig livmor.
Tankane går ofte innover. Og når det er kveld og leggetid, blir foreldra sende over på pasienthotellet, medan barnet ligg igjen på avdelinga. Det er tøft for mange. Nokre vil ikkje opne seg, medan andre kjem ein tettare på, litt etter litt, eller heilt umiddelbart.
Inger seier at ho spør nokre av desse damene om dei kjenner på skyld.
– Da er det som å trykke på ein knapp, og så kjem tårene.
Både Inger og Mariann gjer så godt dei kan for å trøyste og snakke rasjonelt til damene i denne spiralen. Spesielt kan det vere tøft at det ikkje finst eit godt svar på korfor fødselen starta for tidleg.
At ein blir gåande og leite etter eit svar ein ikkje finn, kan vere vanskeleg å akseptere.
Mariann trur likevel ikkje det er umogeleg.
– Nokre gongar i livet kan ein velje. Og tenke: «Veit du kva, eg kunne ikkje gjere noko med det. Det blei som det blei, og eg må prøve å bruke mine krefter på å tenke at eg har gjort det beste eg kan gjere».
Mariann og Inger seier ein stor del av jobben deira er å snakke med foreldra på nyfødd intensiv, og å hjelpe dei med å takle kjenslene som melder seg.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK– Kanskje verkar ikkje kroppen min?
Ine Mariel og familien kjem seg heim frå sjukehuset. Sett bort frå ei sjukehusinnlegging går det framover. Den vesle sonen veks og et og har det fint.
Det har ikkje ho.
Tankane er radiobilar som svirrar og spinn og krasjar med kvarandre. Ho er redd for at sonen skal døy, og tør ikkje å følgje det klassiske tipset om å sove når babyen søv.
Og ho er sint og skamfull. Lei seg for at kroppen ikkje har klart å gjere det den skulle. Starten av barselperioden er prega av at dei stenger seg heime aleine og har så lite besøk som mogleg for at ikkje sonen skal bli sjuk.
Ine Mariel held fram eit av dei bitte små plagga sonen brukte.
Foto: Azora Reinholt / NRKSamtidig pregar dødsangsten ho. Ho får tett oppfølging av psykolog, i tillegg til at ho oppsøker «Blues Mothers», ei hjelpegruppe for nybakte mødrer som synest barseltida er krevjande for psyken.
Ikkje minst leitar ho etter nokon som kan kjenne igjen det ho har vore med på.
– Det du treng, er eit fellesskap med nokon som kan forstå litt av dei same kjenslene som du har sete med. Som kjenner igjen lydane frå alle maskinane på nyføddintensiven, som veit korleis det er å skulle loggføre barnet ditt kvar einaste time.
Ine Mariel finn ikkje det fellesskapet i 2023.
Men no er det 2026, og ho og Kjersti Gürgens Gjærum har gått saman for å gjere noko med det. Det finst nemleg inga prematurforeining nord for Trondheim.
I Harstad har dei to mødrene gått saman for å arrangere ei markering i tilknyting til verdas prematurdag.
Det håpar dei også skal vere starten på eit lokallag.
Sjølv om Ine Mariel har fått fødselen unna i tid, er det ikkje slik at ho er lappa saman og ferdig hela.
Det er framleis ting som plagar ho, tankar som rasar rundt, påminningar om fødselen som starta for tidleg.
Den tre år gamle sonen har behov for helsehjelp og tilrettelegging i kvardagen.
Ine Mariel går tilbake i svangerskapet sitt og tenker seg om. Ho lurer på om det er stress. Om ho har ete feil. Om det kan stemme, det ho har høyrt om at varme kan påverke risikoen. Og ho var jo på Gran Canaria i påskeferien...
– Kanskje er gena mine for dårlege. Kanskje verkar ikkje kroppen min. Kanskje er eg ikkje meint for dette.
Spørsmåla rundt kva det var som skjedde da barnet til Ine Mariel blei fødd, har vore mange.
Foto: Azora Reinholt / NRKIne Mariel listar opp det ho ser for seg kan vere årsaka til at ho blei så sjuk at barnet måtte ut ti veker før termin.
Ei oppleving ho slett ikkje er einsam om. Fleire hundre kvinner føder prematurt i Noreg kvart år.
Likevel er det ein ting som plagar ho meir enn alt anna. Noko ho synest er tøft å seie høgt. For sjølv om ho forstår heilt logisk at ungen ikkje hadde overlevd utan ho, er det ein tanke som spinn rundt og rundt.
– Det er framleis vanskeleg for meg å leve med at legane valde å redde mitt liv, men at det er sonen min som må bere alle konsekvensane.
Det er sonen som må til legen, han som må leve med ulike seinskadar, og han ein må ta ekstra omsyn til.
– Kvar gong det er noko nytt med han, blir eg knust. Eg føler alltid det er min feil. Og det trur eg at eg berre må lære meg å leve med.
Ine og den tre år gamle sonen planlegg dagen ved hjelp av ei dagstavle.
Foto: Azora Reinholt/NRKLegen forklarer
– Er det ting den gravide gjer som kan forårsake svangerskapsforgifting?
Legen som skal svare på dette spørsmålet, heiter Eirin Haugli Falch. Ho er fødselslege ved UNN og har jobba på Kvinneklinikken i nærmare 13 år.
Det enkle svaret er kort og godt:
– Nei.
Ho utdjupar:
– Undervegs i svangerskapet har vi ingen haldepunkt for å seie at ytre faktorar kan påverke dette. Men graviditeten i seg sjølv, det at du har ei morkake, kan gjere at du kan få ei svangerskapsforgifting.
Denne sjukdomen oppstår nemleg i morkaka. Blodårene som binder mor til morkaka utviklar seg ikkje på riktig måte, og blodstraumen frå mor til morkaka blir dårlegare.
Da oppstår det ein ubalanse i signalstoffa som blir sende ut i mor sin kropp. Dette kan bli til ein slags betennelse i blodårene, som gir høgt blodtrykk og kan ramme andre organ i kroppen til den gravide kvinna, forklarer fødselslegen.
Tidspunktet for sjukdomen vil også vere med på å avgjere kor alvorleg det er. Jo tettare opp mot termin, jo lågare er terskelen for å starte fødselen.
Eirin Haugli Falch
Fødselslege, Universitetssjukehuset Nord-Noreg
Desse vurderingane kan vere vanskelege når sjukdomen inntreffer tidleg i svangerskapet. Er det snakk om ein planlagd fødsel der det er snakk om prematuritet, tel kvar dag, seier Falch.
Det hender ho treffer kvinner som legg skylda for ein for tidleg fødsel på seg sjølv. Da brukar ho å svare at det er usikkert korfor akkurat denne kvinna fekk svangerskapsforgifting, men:
– Eg kan med sikkerheit seie at det ikkje er noko kvinna sjølv har gjort for å utløyse det.
– Pleier det å hjelpe?
– Eg trur det. Eg trur ikkje eg tar frå dei all skyldkjensle, men eg trur eg kan ta bort brodden.
Stryk meg over håret
Ine Mariel fekk ikkje den fødeopplevinga ho hadde ønska seg. Ho fekk kjenne på frykta for å døy. Ho fekk eit ansvar som mamma for eit barn som treng ekstra oppfølging.
Likevel: Ho har ein energi som sprudlar og smittar. Eit stort smil, varme auge, eit engasjement som må ut.
Optimisten i ho sprenger gjennom alle dei vanskelege hendingane og tankekøyret. No vil ho bruke det til noko fornuftig, noko godt, til noko som kan hjelpe andre.
Derfor jobbar ho no fram ei førestilling om det som skjedde og om prematuritet.
Saman med mentor Anders T. Andersen øver Ine Mariel på monologen som skal ha premiere i juni neste år.
Foto: Azora Reinholt/NRKGjennom prosjektet «Iscenesatt» skal den visast under Festspillene i Nord-Norge i heimbyen Harstad i juni neste år.
Ho vil forsøke å lære samfunnet noko om kva ein treng etter å ha vore gjennom eit slikt traume.
– Kva treng ein da?
Ine Mariel tenker seg om. Ho trekker fram bestemora si. All anna familie bur andre plassar, medan bestemora bur på Sandstrand, 40 minutt i bil unna.
– Ho kom for å halde meg med selskap, og det trur eg også var redninga. At det gjekk så fort som det gjekk, eller at det ikkje blei mørkare enn det blei.
Ho forklarer at bestemora kom berre for å vere saman med ho og den vesle guten. Dei trengde ikkje snakke masse, ho måtte ikkje forklare alle reaksjonar ho kunne få av stort og smått.
– Ho kunne smørje meg ei brødskive, og så strauk ho meg over håret.
– Ho strauk meg over kinnet og såg på meg og smilte, utan å krevje noko tilbake. Det trur eg var redninga.
Den vesle guten er både aktiv og kosate.
Foto: Azora Reinholt / NRKEtter kvart trengde ho også at folk ville spørje, at folk ville høyre.
Og ho trengde at familien rundt ho også forstod at ho var oppriktig sikker på at ho sjølv skulle stryke med i fødselen.
Derfor er bursdagen til sonen ein spesiell dag. Ho og mannen lagar stor fest og har det fint. Dei feirar det nye året med guten dei set så himmelhøgt.
Etter leggetid kjem tårene. Da feirar ho og mannen at ho sjølv framleis er i live. Ho tar ikkje det for gitt.
– Og da treng eg at mamma sender meg ei melding og seier «eg er glad for at du finst».
I fjor gløymde mora det. Da var Ine Mariel snar med å minne ho på at ho måtte sende den meldinga.
– Dette er noko eg må bere med meg heile livet. Kvart einaste år kjem eg til å vere lei meg den dagen. Folk kan ikkje forstå korleis det er å tru at du skal døy, for så å få livet i gåve.
Ho tenker seg om.
– Eg er ikkje ferdig med å leve. Eg har utruleg mykje meir eg treng å utrette.
Om nokre månadar skal førestillinga til Ine Mariel ha premiere i heimbyen Harstad.
Foto: Azora Reinholt / NRKHeia!
Har du tankar om det du las no, eller har du sjølv opplevd noko du vil fortelje om?
Eg er veldig interessert i kvinnehelse, fødetilbod og barselomsorg, i tillegg til den mentale helsa oppi det heile.
Skriv gjerne til meg om du har tips eller innspel!
Publisert 15.11.2026, kl. 08.14
Source: NRK · Sigrid Agnethe Hansen, Azora Reinholt
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira