Tidlegare denne veka kom det fram at det er store geografiske skilnader på kor lenge kvinner må vente på å få gjennomført ein abort i Noreg.

Særleg i nord har ventetida vore lange samanlikna med andre helseføretak.

No snur dei.

– Eg må jo seie at det at NRK belyste dette, gjorde at eg fekk eit spark bak, seier Ingard Nilsen, overlege og avdelingsleiar ved Kvinneklinikken på UNN i Tromsø.

Overlege og avdelingsleiar ved Kvinneklinikken på UNN, Ingard Nilsen, varslar at sjukehuset no vil endre sin abortpraksis slik at kvinner i nord får tilbod om tidlegare abort.

Foto: Simen Wingstad / nrk

NRK avdekka at det er opptil fire vekers forskjell på når kvinner får abort i Noreg.

Medan Haukeland i Bergen tilbyr abort frå positiv test (rundt veke fem), har UNN i Tromsø bede kvinner vente helt til veke ni.

Kvinneklinikken ved UNN har vist til lange reiseavstandar i Nord-Noreg. Dei har kravd innvendig ultralyd for å vere sikre på at fosteret ligg i livmora og utelukke svangerskap utanfor livmora før abort blir gjennomført.

Ingard fortel no at problemstillinga vart teken opp internt på sjukehuset umiddelbart etter dekninga.

– Eg hadde rett og slett ikkje tenkt over problemstillinga på den måten før. Dagen etter tok eg det opp på jobb, og me byrja å diskutere.

– Me har òg hatt rundar i kollegiet og i fastlegerådet for å sjå på korleis me kan legge til rette for det same som dei har på andre sjukehus.

Unødig meirventing

Gynekolog Siri Kløkstad ved Sex og samfunn har kalla praksisen i Tromsø «heilt umenneskeleg».

Forskarar har peikt på at unødig meirventing gir store fysiske og psykiske belastningar, og Folkehelseinstituttet har peikt på at sein abort gir økt risiko for smerter og blødingar.

Gynekolog Siri Kløkstad ved Sex og samfunn har kalla den administrative ventetida ved UNN for «heilt umenneskeleg».

Foto: KRISTOFFER ELIASSEN

Folkehelseinstituttet har konkludert med at rutinemessig ultralyd fører til unødig meirventing, noko som gir økt risiko for smerter og blødingar ved abort.

– Ingen fagleg god grunn

Tidlegare har UNN hatt som praksis at kvinnene måtte vere rundt åtte til ni veker på veg før behandlinga starta, for å vere heilt sikre på graviditeten sitt forløp ved hjelp av ultralyd.

No erkjenner sjukehuset at praksisen ikkje lenger er hensiktsmessig.

– Me har ikkje hatt noko ventetid, det er snakk om dagar. Men me vil setje i gang aborten tidlegare, seier Nilsen.

Han forklarar at den lange ventetida i nord ikkje har handla om kapasitetsproblem, men om rutinane sjukehuset har hatt.

– Me ser at det ikkje er nokon fagleg god grunn til å vente så lenge som til åtte veker. Når me høyrer at dette blir opplevd som eit svært problem, er det klart me snur oss rundt og gjer noko med det.

Ser til Haukeland

UNN er no i full gang med å utarbeide ein ny prosedyre der kvinner skal få tilbod om abort mykje tidlegare i svangerskapet.

– Me har vore i kontakt med Haukeland for å høyre kva erfaringar dei har gjort seg. Nokre legg seg på at så snart graviditetstesten er positiv, så kan dei innvilge det, medan andre seier fem veker.

– Me skal sjå kva som er det beste alternativet for den abortsøkjande, seier Nilsen.

Haukeland universitetssjukehus i Bergen har lagt til rette for at kvinner kan gjennomføre abort så snart ein graviditetstest er positiv.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

I dei nye rutinane vil det òg bli sett på om kravet om rutinemessig ultralyd skal endrast.

– Det blir framleis nokre abortsøkjande som bør få ultralyd, til dømes dersom dei har uregelmessig mens og kan vere komne mykje lenger enn dei oppgjev.

– Men me jobbar no med å finne den rette balansen.

Nye rutinar før jul

Sjølv om rutinane skal forenklast og framskundast, understrekar avdelingsleiaren at UNN ikkje vil lempe på den menneskelege oppfølginga.

– Suksessfaktoren vår har vore at me har spesialutdanna sjukepleiarar som følger opp desse damene, og dei får mykje betre tid hjå sjukepleier enn dei før fekk hjå legar.

– Dette er ei veldig sårbar pasientgruppe, og me må forsikre oss om at dei vert tekne vare på både medisinsk og mentalt.

UNN ser til blant anna Haukeland sine erfaringar når dei no skal utarbeide nye rutinar.

Foto: NRK

Sjukehuset har i ettertid hatt dialog med både Sex og samfunn og Norsk gynekologisk foreining om prosessen vidare.

– Me har hatt ein veldig fin samtale og er heilt einige om kva veg me skal gå.

– Når kan kvinner i nord forvente at dei nye rutinane vert tekne i bruk?

– Eg skal vere forsiktig med å stadfeste ein eksakt dato, men eg vil trudde me har dei nye prosedyre på plass før jul, avsluttar Nilsen.

Publisert 22.10.2026, kl. 16.02 Oppdatert 22.10.2026, kl. 16.17

Source: NRK · Marianne Ytre-Eide, Sara Nå Aga

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira