Forrige veke blei det kjent at Det internasjonale triatlonforbundet (World Triathlon) inngår ein samarbeidsavtale med den raskt veksande, privateigde «moteidretten» Hyrox.
Kort fortalt, så skal Hyrox-varianten «hybrid racing» no bli ein disiplin under World Triathlons paraply.
Avtalen gjer at Hyrox, som har blitt svært populær dei siste åra – også i Noreg – er eitt steg nærare å kunne bli ein OL-idrett på sikt.
World Triathlon-president Antonio Arimany uttalte at avtalen var ein del av ein «naturleg utvikling».
– Dette partnarskapet vil ikkje berre framskunde veksten til World Triathlon på den globale arenaen, det vil også opne reelle, nye moglegheiter for alle dei nasjonale forbunda våre til å auke deltakinga, engasjere nye målgrupper og styrke sporten vår på alle nivå, sa han, ifølge BBC.
Mykje kritikk
Avtalen har likevel skapt sterke reaksjonar på sosiale medium dei siste dagane.
Kritikarane meiner at Hyrox har null og niks med triatlon å gjere og at dette er ein måte for eit kommersielt selskap å kjøpe seg veg inn i det gode selskap på.
SKEPTISKE FØLGARAR: Ein veldig stor del av superstjerna Alex Yee sine følgarar på Instagram er negative til avtalen.
Foto: Vadim Ghirda / AP,NTBStøttespelarane, på den andre sida, meiner triatlonar har behov for friskt blod, og at dette kan vere ein måte å auke rekrutteringa til – og interessa for – triatlonar.
Nokre av dei sterkaste reaksjonane kjem frå Storbritannia.
Ein av dei mest suksessfulle triatletane nokosinne, Alex Yee, laga ei avstemming for dei 227.000 følgarane sine på Instagram. Der stilte 82 prosent seg negative til samarbeidet.
Yees landslagskollega Max Stapley gjekk hardt ut i eit intervju med The Telegraph.
– Det er noko drit. For oss er dette forferdeleg. Ein slepper til ein annan sport med mykje pengar, mykje merksemd og mange fans, og legg han under eit internasjonalt forbunds paraply. Dermed kan dei få tilgang til IOC (Den internasjonale olympiske komiteen) og drive lobbyverksemd for å komme med i OL, mens vår eigen idrett allereie slit, seier 27-åringen.
Stapley fortset:
– Det er rett og slett ei gjennomført skam at dei internasjonale og nasjonale leiarane våre ikkje finn det for godt å promotere det dei allereie har – som er ein fantastisk, hard og utfordrande øving – framfor noko som er heilt nytt, umålbart og ikkje har noko som helst å gjere med dei utøvarane dei har i dag.
– Desperat
NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt forstår dei sterke reaksjonane.
– Dette står fram som ein kortsiktig og litt desperat vurdering frå Det internasjonale triatlonforbundet. Privateigde Hyrox har nødvendigvis ingenting med triatlon å gjere. Slik sett er det meir ein konkurrent i sterk vekst enn noko anna, seier han.
NRK-KOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.
Foto: Martin LeiglandSaltvedt påpeikar at Hyrox snart rundar 1,5 millionar aktive utøvarar, og at idretten får mykje av nettopp den merksemda olympisk triatlon saknar.
– Triatlon er jo ein sport som allereie er i ein skvis når det gjeld privateigde «Ironman», som tar mykje av mediemerksemda rundt sporten, men som også har ein popularitet ein ønsker å ta del i. Faren er at desse privateigde sportane mest av alt skaper problem for den olympiske triatlonsporten, seier han.
Kommentatoren meiner Hyrox bruker triatlon som ein bakveg inn i OL-diskusjonen.
– IOC er meir eller mindre desperate etter å fornye seg med sportar som tiltrekker eit nytt, ungt og attraktivt publikum, som vi har sett med eksempelvis breaking, BMX, 3-3-basket eller flaggfootball, som kjem i Los Angeles i 2028. Triatlon står i fare for å opne døra for ein sport som mest av alt kan true dens eigen eksistens i OL-samanheng på sikt, seier han.
Ventar på svar
President i Det norske triatlonforbundet, Anette Brurås, fortel til NRK at eit mogleg Hyrox-samarbeid var tema allereie på World i fjor Triatlon-kongress, og at spesielt dei europeiske landa hadde ein del spørsmål, men at det blei vedtatt å gå vidare med samtalar om eit samarbeid.
TRIATLONPRESIDENT: Anette Brurås.
Foto: Triatlonforbundet– Tilbakemeldinga var litt sånn «what’s in it for us?», og vi har framleis ikkje fått svar på alle spørsmåla våre rundt dette, seier ho til NRK.
Brurås fortel at forbundsleiinga har prøvd å orientere miljøet så godt som mogleg undervegs i prosessen.
– Utgangspunktet vårt er at dette ikkje berre er noko vi legg til side, men vi er avhengige av at nokre av klubbane tak i dette. Kjem det nokon og seier at nå må de hive dykk litt rundt, så kan det jo hende at vi gjer det, seier ho.
Før det skjer må saka eventuelt opp på forbundstinget, der det må gjerast eit vedtak på at administrasjonen skal jobbe med saka.
– Før det, så har vi leiarmøte om nokre veker, og der kjem vi til å ta pulsen på kva klubbane meiner, seier Brurås.
Kan utgjere forskjell
Triatlonforbundet har i dag mellom 5000 og 6000 medlemmer. Brurås er ærleg på at nokre tusen nye medlemmer frå Hyrox kunne utgjort ein stor forskjell.
– Sjølvsagt. Vi er jo eit lite forbund i norsk målestokk, og må jo snu på kvar einaste krone vi har for å få til aktivitet. Det er klart at om vi får med oss éi idrettsgrein til, så vil jo det ha mykje å seie for moglegheitene våre til å utvikle idrettane våre og utøvarane våre, seier ho.
FORSTÅR MOTIVASJONEN: Noregs Casper Stornes.
Foto: HANNAH MCKAY / X03696,NTBDen norske stjerna Casper Stornes trur avtalen vil sørge for meir synlegheit til triatlon, men forstår debatten i sosiale medium.
– Sett utanfrå, så er jo idrettane så ulike at eg kan jo skjønne at folk synest det er rart. Marknadsmessig er det jo langt meir interesse for «Ironman», og sånn sett tenker dei kanskje at dette kan auke synlegheita for tradisjonell triatlon. Sånn sett forstår ein jo kva dei tenker, seier Stornes, som vann EM i Ironman i sommar.
Hyrox-medgründer Christian Toetzke beskriv den ferske avtalen som eit monumentalt steg for den privateigde treningsforma.
– Heilt frå begynninga av var målet vårt å bygge ein global sport som kunne fortene ein plass på den største idrettsarenaen i verda. Hybridracing er ikkje lenger berre ei global treningsrørsle, det er offisielt på veg til OL, seier han, ifølge BBC.
Publisert 02.11.2026, kl. 21.05
Source: NRK · Pål Marius Tingve
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira