– Det vart høyrt små, enkle eksplosjonar i området, fortel innsatsleiar Are Blokhus ved Kvinnherad brann og redning.
Natt til tysdag fekk han melding eksplosjon og brann i ladetårnet ved kaien på Gjermundshamn.
Ladetårnet brukar ferjene til å lade opp batteri om bord.
– Dei første brannmannskapa såg opne flammar frå ladetårnet, fortel han.
Som ein konsekvens av brannen vart heile sambandet mellombels innstilt. Frå klokka 0520 melder Fjord 1 at det vil vere drift med på B-ruta med avgang Gjermundshamn.
A-ruta sine turar er innstilt.
Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier at ferjene vil kunne gå i normal drift basert på bruk av biodrivstoff.
– MF «Sildafjord» vil vere innstilt nokre timar på morgonen på grunn av krav til kompenserande kvile etter at dei måtte flytte seg vekk i natt, seier han.
Første gang på åtte år
Sambandet er eit av 224 ferje- og passasjerbåtsamband som er i drift i Noreg. Ferjene MF «Sildafjord» og MF «Lærdal» er begge hybridelektriske ferjer, som betyr at dei lader batteria ved land og hovudsakleg går på straum med biodiesel eller diesel som reserve.
Fjord1 sitt første elektriske samband var Anda-Lote i Nordfjord i 2018.
Kristoffersen kjenner ikkje til at det tidlegare har vore tilsvarande brannar i selskapet sine ladetårn.
– Årsaka til brannen vil vi måtte bruke litt tid på å finne ut av, seier regionleiaren.
– Vil ein gjere noko no med tanke på andre ladetårn?
– Det må årsaka til brannen avdekke. Ladetårna har jo ulike leverandørar og er sett ulikt opp.
11.000 volt
Brannen vart meldt like før klokka 02, og sløkt kring 0345.
– Ferjene er gått frå kai og er i sikkerheit, opplyste vaktkommandør Tore Fanebust like over klokka 02.
Ei av to ferjer på sambandet låg til lading då brannen oppstod, men kom seg i tryggleik ute på fjorden. Det var ein passasjer om bord i ferja.
Blokhus fortel om ei roleg tilnærming for å hindre spreiingsfare. I ladetårnet som vart teken i bruk sommaren 2021 er det 11.000 volt.
– Vi veit at det er veldig mykje energi og straum, så når vi ser flammar og ein del røyk frå eit slikt ladetårn, så stoppar vi litt og avventar innsatsen grunna tryggleiken til mannskapa, fortel innsatsleiaren.
Tok straumen til tårnet
Brannmannskap fekk først gå til innsats då straumselskapet BKK fekk slått av straumen til ladetårnet.
– Det tok nok ein halvannan time før vi fekk stadfesta at bygget var straumlaust og vi kunne gå direkte inn, seier Blokhus.
Brannmannskapa bora hol i ladetårnet for å dempe brannen slik at det vart trygt å sende inn folk. Innsatsleiaren vil ikkje spekulere i noko årsak til brannen.
– Vi veit ikkje heilt kva som har brunne, men vi oppdaga god varmeutvikling i botnen av ladetårnet. Det var der vi fekk størst varmeutslag, seier han.
Politiet har gjort undersøkingar og snakka med folk på staden. Dei veit heller ikkje kva som er årsaka til brannen endå.
Krevjande og spesielt
Ein person vart evakuert frå eit nabohus i samband med brannen, men fekk returnere etter kort tid.
– Det var aldri fare for spreiing til bustaden, men han blei evakuert fordi det var ein del røykutvikling, seier operasjonsleiar i politiet Dan Erik Johannessen.
Blokhus seier det var eit spesielt og krevjande oppdrag. Han er ikkje kjend med liknande brannar andre stadar.
– Høgda på tårnet spelar jo inn, men det er hovudsakleg straumen og energien som er vår største uro. Saman med spreiingsfaren, så er det vårt hovudfokus, seier han.
– Inne i ladetårnet er det ikkje så veldig mykje som kan brenne, anna enn utstyret og ladaren og koplingspunkt, seier han.
Publisert 17.11.2026, kl. 05.02 Oppdatert 17.11.2026, kl. 06.44
Source: NRK · Oddleif Løset
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira