Styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) behandla onsdag den omstridde saka om omfordeling av studieplassar mellom fakulteta på høgskulen.

Rektor Gunnar Yttri fekk gjennomslag for si tilråding om å flytte 360 studieplassar frå lærarutdanninga til helse- og sosialfaga.

Forslaget fekk støtte frå åtte styremedlemmer, medan tre røysta imot.

Saka har skapt stor debatt ved høgskulen sidan ho først vart kjent før sommaren.

Fleire tilsette ved lærarutdanningane i Sogndal og på Stord har uttrykt uro for kva konsekvensar ei slik omfordeling kan få for fagmiljøa på sikt.

Fryktar nedbygging av tilbodet

Ved Campus i Sogndal vart vedtaket møtt med skuffelse.

– Eg er ikkje overraska, men eg er skuffa over vedtaket som vart gjort i dag, seier stipendiat Kirsti Lunde ved lærarutdanninga.

Ho peikar på at lærarfakultetet sjølv har åtvara mot konsekvensane av flytte 360 studieplassar.

– Konsekvensvurderingane viser at det er vanskeleg å sjå for seg ei slik omfordeling utan at det betyr nedbygging av utdanningstilbod og regionale tap, seier ho og legg til:

Kirsti Lunde følgde med på styremøtet frå campusen i Sogndal. Som landa på eit utfall ho ikkje er nøgd med.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Eg skulle ønskje at HVL, som eig Noregs største lærarutdanning, gjorde eit mindre omfattande omfordelingsvedtak og heller såg på kva dei kan gjere for å løfte lærarutdanninga.

Ulike meiningar blant studentane

På Stord møter vedtaket ulike reaksjonar frå studentane.

Sjukepleiarstudent og studenttillitsvald, Iben Axelson (22), meiner det lett å forstå kvifor styret valde å flytte studieplassar.

– Eg ser jo absolutt kvifor det blir gjort. Det har vore ein auka interesse og behov for helsefag, og mindre søkjartal på lærarutdanningane. Så eg ser at det er nødvendig, seier han.

Samtidig har han medkjensle for dei som er uroa for konsekvensane til lærarutdanninga.

Håvard Haugetun (til venstre) og Iben Axelson (til høgre) har delte meiningar om vedtaket.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg som alle andre er jo bekymra for korleis dette vil påverke studentane. Eg kan absolutt forstå frykta for at fagmiljøa blir svekte.

Ved sidan av sit kompis og lærarstudent Håvard Haugetun (23).

Han skulle helst sett at høgskulen valde ein annan veg.

– Eg synest det er veldig kjipt at ein skal flytte såpass mange studieplassar til sjukepleia. Eg meiner ein heller burde sjå på løysingar for å få fleire folk ut i distrikta og søkje på lærarstudiar generelt, seier han.

– Trur du at dette kan påverke Stord som studieplass?

– Ja, det trur eg absolutt det vil gjere. Eg trur det vil påverke stort på ein negativ måte.

Lærarstudent Håvard Haugetun synest det er veldig kjipt at ein skal flytte såpass mange studieplassar til sjukepleia.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Yttri: – Eit vedtak for framtida

Rektoren ved Høgskulen er derimot nøgd med at styret har landa saka. Han meiner vedtaket er nødvendig for at høgskulen skal bruke ressursane betre.

– Vi står i reel fare for å miste ressursar dersom vi ikkje gjennomføre ei slik sak som dette her.

– Hadde vi ikkje fått eit vedtak her, og viss vi skulle komme i den situasjonen at vi måtte gi frå oss ressursane til departementet, som er fordelt til andre, ville det vore ein ulukke for HVL. Det ville vore ein ulukke for Vestlandet. Det ville vore ein ulukke for Noreg.

Han aviser samstundes at vedtaket betyr ei nedbygging av lærarutdanningane.

Rektor Gunnar Yttri og styreleiar Arvid Hallén meiner at det er nødvendig å gjere eit slik grep.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Manglar studieplassar

Styreleiar Arvid Hallén meiner vedtaket er nødvendig for å rette opp ein ubalanse mellom fakulteta.

– Vi har no mange ledige studieplassar på eitt fakultet, medan vi manglar studieplassar på eit anna fakultet, helsefaga, der vi har hatt stor vekst. Då er dette eit nødvendig tiltak for å justere den ubalansen, seier Hallén.

Ifølgje styreleiaren skal omfordelinga skje gradvis over fire år. Samtidig meiner han høgskulen skal halde fram satsinga på lærarutdanningane.

Kva vedtaket vil bety for dei ulike campusane er framleis uklart.

Styret har vedteke å flytte studieplassar og finansiering frå lærarfakultetet til helse- og sosialfaga, men det er ikkje avgjort kva utdanningar eller studiestader som eventuelt blir påverka.

Før få søkjarar

Høgskuleleiinga meiner vedtaket vil styrkje helse- og sosialfaga gjennom betre finansiering.

Samstundes peikar dei på at lærarfakultetet framleis har om lag 500 ledige studieplassar, og at omstillinga skal skje gradvis for å gi fakultetet tid til å tilpasse utdanningstilbodet og sikre fagmiljøa.

Bakgrunnen for forslaget er fallande studenttal ved delar av lærarutdanninga, samstundes som andre fagområde har større etterspurnad etter studieplassar.

Helse- og sosialfaga vil få fleire studieplassar. HVL tilbyr sjukepleiarutdanning i Bergen, Førde, Haugesund og på Stord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Då saka først vart presentert før sommaren, vart det diskutert alternativ som innebar flytting av opptil 720 studieplassar. Etter vidare behandling har leiinga landa på eit forslag om å flytte 360 studieplassar.

Publisert 21.10.2026, kl. 20.34

Source: NRK · June Erdalsdal Kolstad, Ingeborg Grindheim Slinde, Eli Bjelland, Håkon Kummermo

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira