Venninnene Julie Beckstrøm (21) og Lenia Barzan (21) er begge studentar. Dei synest det kan vere vanskeleg å seie noko i forelesingane.

– Eg har eigentleg veldig ofte kjent på å ikkje tore å rekke opp handa, ettersom ein er redd for å dumme seg ut eller si noko feil, og at folk skal tenke over det, fortel Barzan.

Jentene forklarer at størrelsen på forelesingane ikkje har så mykje å seie, men at det handlar meir om at forelesarane må få dei til å kjenne seg trygge.

Studentane Lenia Barzan og Julie Beckstrøm.

Foto: Maria Dybdahl Vedvik / NRK

Dei trekker fram at korleis forelesaren tar imot spørsmål dei får, er avgjerande.

Beckstrøm er takksam når andre rekker opp handa og stiller dei spørsmål i forelesingane. Ofte er det spørsmål ho sjølv ønsker svar på.

Barzan trekker fram at ein konsekvens ho opplever av å ikkje stille spørsmål, kan vere at ho ikkje alltid får utnytta forelesingane godt nok.

Vil gjere det lettare å ta ordet

Opplevingar som dei Julie og Lenia har, får student Henrik Tidemand-Johannessen (33) ofte høyre om.

Henrik Tidemand-Johannessen (33) student ved USN.

Foto: Nicole Klatzka / NRK

Han opplever at mange studentar kvir seg for å ta ordet av frykt for å seie noko feil eller verke dumme.

Saman med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har han derfor starta prosjektet «Rom for å meine».

Ein del av dette prosjektet er eit fysisk rom der studentar kan øve seg på å dele meiningane sine.

I rommet skriv dei ned tankar eller ting dei ønsker å endre ved universitetet på post-it-lappar. Lappane blir hengde opp på veggene i rommet slik at andre kan lese dei.

Målet er å gjere det lettare for studentane å dele meiningar, tole usemje og våge å ytre seg. Sjølv når det kjennest ubehageleg.

Merkar at det er stillare

– Ein viktig del av utdanninga er å tore å delta i akademiske diskusjonar og ta ordet offentleg, seier studiedirektør ved USN, Vibeke Bredahl.

Ho meiner det er avgjerande at studentane deler meiningane sine.

Vibeke Bredahl er studiedirektør ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Foto: Maria Dybdahl Vedvik / NRK

Fleire forelesarar merkar at det er stillare i forelesingane nå enn før, fortel studiedirektøren.

Dei opplever at studentane er meir varsame med å uttale seg og delta i akademiske diskusjonar.

– Redd for å dumme seg ut

Frykt for sosiale medium og evig polering

Psykologspesialist Lene Sogn Hansen i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) kjenner godt igjen problemet.

I ein sal med hundre ukjende medstudentar kan det å rekke opp handa opplevast skremmande.

Psykolog hos SiO, Lene Sogn Hansen.

Foto: Privat / NRK

– Dei fleste kjenner på frykt og nervøsitet rundt det å ta ordet, spesielt i store grupper. Mange er også redde for konsekvensane, fortel Sogn Hansen.

Sogn Hansen fortel at studentar kan vere redde for å bli filma og lagde ut på sosiale medium.

– Tar ein litt plass, spesielt i sosiale medium, må ein ofte vere førebudde på hatefulle kommentarar og angrep.

Ho peikar også på smarttelefonen og kunstig intelligens som moglege årsaker til at vi kvir oss for å snakke uførebudd.

– Vi har telefonen tilgjengeleg heile tida og søker fort opp svar. Kanskje bruker vi KI til å komme med ei veldig polert og korrekt formulering. Når vi da skal seie noko spontant, blir det meir nøling. Vi er menneske, ikkje maskiner, seier psykologen.

Rommet med meiningar

Det var student Henrik sitt forslag å lage det fysiske rommet på USN.

Universitetet skal samle inn lappane og bruke dei i arbeidet sitt for eit meir levande universitet.

I rommet er det allereie hengt opp fleire lappar, der ein blant anna kan lese ønske som «meir halalmat i kantina» og «fleire koselege sittegrupper på campus».

Studentar ved USN Drammen deler sine tankar om kvifor dei trur unge synest det er vanskeleg å seie meininga si

  • Nicole Klatzka / NRK

    Sander Lønning Simonsen (23) ved USN Drammen

    – Folk er vel redde for å bli dømde, enten for å vere den som rekker opp handa eller masar. Dei er nok redde for å seie noko dumt.

  • Nicole Klatzka / NRK

    Dilnur Akdogan (21) ved USN Drammen

    – Eg trur det er fordi ein kan møte motstand, og at ein er redd for kva andre skal seie.

  • Nicole Klatzka / NRK

    Murad Ramadan Ahmed (21) ved USN Drammen

    – Dei er redde for å bli dømde for kva dei seier, og kva andre synest om dei.

  • Nicole Klatzka / NRK

    Mozdalifa Mohamed (24) ved USN Drammen

    – Fordi dei kanskje kan få tilbakemeldingar dei ikkje har venta, eller dei blir kritiserte.

Rommet er ein del av fleire tiltak USN har sett i gang for eit betre meiningsmangfald.

Universitetet har også fleire kurs for studentane, med fokus på korleis ein kan ha gode diskusjonar når ein er ueinige med kvarandre.

Henrik har eit håp med prosjektet.

– Eg håpar at vi kanskje kan bli litt betre på å ta kontakt og prate litt saman.

Publisert 22.11.2026, kl. 11.02

Source: NRK · Maria Dybdahl Vedvik, Nicole Klatzka

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira