– Presset som mødrer kjenner på i dag, er eit direkte resultat av politikken som har vore ført, seier Ida Lindtveit Røse.
Tidlegare denne veka fortalde NRK om Jeanett Eide-Asbjørnsen (37). Ho blei sjukemeld då ho prøvde å kombinere full jobb med kvardagen som småbarnsmor.
Ho ville vere som «alle andre» og få til alt, men då sa det stopp.
Ida Lindtveit Røse er leiar for stortingsgruppa til KrF og mor til tre born under åtte år. Ho kjenner tidsklemma på kroppen kvar dag.
På lik linje med mange andre i same situasjon.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at kvinner med born har meir enn dobbelt så høgt sjukefråvær som fedrane.
– Eg kjenner meg så utruleg godt att, og det trur eg veldig mange kvinner gjer. Den statistikken overraskar meg ikkje eit sekund, seier Røse.
Meiner venstresida overser biologien
Ho meiner likestillingspolitikken til Arbeidarpartiet og venstresida dei siste åra har gjort kvinnene ei bjørneteneste ved å late som om belastninga rundt det å få born er lik for mor og far.
– Gjennom fleire år har det vore ført ein politikk der det einaste målet har vore millimeterrettferd. Alt skal delast 50/50, seier Røse, og legg til:
– Men kvinner og menn er ulike: Det er kvinner som går gravide, kvinner som føder og kvinner som ammar. Når politikken overser denne fysiske belastninga, bommar ein grovt.
– Menn tek framleis langt færre sjukt barn-dagar enn kvinner. Arbeidsgjevarar må bli mykje flinkare til å signalisere at far kan vere heime, slik at mødrene slepp å ta belastninga åleine, seier Ida Lindtveit Røse.
Foto: Nadir Alam / NRKHo viser til at nybakte mødrer blir sende stadig raskare heim frå sjukehusa, opplever mangelfull barseloppfølging, og blir forventa å vere i full sving på arbeidsplassen kort tid etterpå.
– Resultatet er ikkje reell likestilling. Kvinner blir pressa for tidleg tilbake i full jobb, opplever eit umenneskeleg krysspress, og endar opp utbrende og sjukemelde.
Røse meiner løysinga er å førebygge, i staden for at samfunnet skal betale i dyre dommar gjennom sjukepengar når det går for langt.
Yrkesorganisasjonen (YS) sitt Arbeidslivsbarometer for 2026 visar liknande tendensar.
Skilnad i stress mellom kjønn
Undersøkinga visar at kvinner framleis ber den usynlege børa heime.
Men undersøkinga visar også at det ikkje er arbeidslivet som krev mest.
– Det er ein myte at det primært er tidsklemma heime som gjer folk sjuke. Tala våre viser at det er krava i arbeidslivet som et seg inn i heimen, seier YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud til NRK.
Rapporten viser at 36,3 prosent av kvinner opplever jobben som ofte eller alltid stressande, mot 22,1 prosent av mennene.
Blant dei mest stressa arbeidstakarane svarer 27 prosent i undersøkinga at jobbkrava går ut over familielivet. Berre 2 prosent av dei minst stressa opplever det same.
Hans-Erik Skjæggerud
Leiar i Yrkesorganisasjonens sentralforbund (YS)
Foto: Lise Åserud / NTB
Kjønnsgapet er aller størst i kommunal sektor og spesialisthelsetenesta. Der er skilnaden mellom kjønna på opp mot 29 prosentpoeng.
Skjæggerud peiker på at kvinner i stor grad jobbar i førstelinjeyrke med låg autonomi og høgt emosjonelt press.
– Dersom du jobbar i pleie og omsorg og må gå heim utan å ha fått stelt den eldre personen du skulle hjelpe, tek du med deg ein heilt annan type stress heim enn om du jobbar i ein butikk eller med ei maskin, seier YS-leiaren.
– Må sikre godt arbeidsliv for alle
Elise Waagen i Arbeidarpartiet er einig i at noko må gjerast med sjukefråværet.
– Når belastninga blir for stor over tid, ender fleire med å bli sjuke. Vi kan ikkje akseptere at kvinner slit seg ut på jobb, seier Waagen.
Men at venstresida er ansvarlege for at mødrer blir langtidssjukmeldt, slik KrF hevdar, er Waagen heilt ueinig i.
– Det er Arbeidarpartiet som har sikra både kvinner og menn fødselspermisjon, seier ho.
– Vi har også bygget ein velferdsstat som skal sikre at foreldre har rett til fri når barna er sjuke, barnehageprisane har blitt kraftig redusert og vi har universelle velferdsordningar som er gode.
Elise Waagen
Arbeidspolitisk talsperson og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet
Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK
Waagen meiner politikarane må sikre eit godt arbeidsliv for alle, også foreldre med små born.
– Samtidig handlar kvinners sjukefråvær om meir enn småbarnsfasen. Skal vi verkeleg få fråværet ned, må vi også gjere noko med bemanning, turnus, arbeidspress og manglande kontroll over egen arbeidskvardag.
Der har både YS og Ida Lindtveit Røse i KrF nokre forslag.
Vil ta livsfasetiltak inn i IA-avtalen
Sekstimarsdag og ei ekstra ferieveke for småbarnsforeldre er allereie foreslått i debatten rundt kvinner og sjukefråvær.
YS har ikkje har programfesta generell sekstimarsdag. Men Hans-Erik Skjæggerud tida no er moden for å tenke nytt.
– Kunnskapsgrunnlaget viser tydeleg at kvinner i etableringsfasen er særleg utsette på grunn av omsorgsoppgåver og det tredje skiftet. Då må vi tørre å diskutere konkrete livsfasetiltak retta mot denne gruppa.
YS vil ta med dette inn i arbeidet med den nye avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA).
Ida Lindtveit Røse i KrF ynskjer å teste ut ei ordning med 80 prosent arbeidstid med lønskompensasjon i den mest sårbare småbarnsfasen.
I tillegg vil dei la familiane styre fordelinga av permisjonen og gi meir kontantstøtte.
Partiet vil også sørge for at ein ikkje må ha opptente inntekter før fødsel for å kunne få fullverdige foreldrepengar.
Publisert 13.11.2026, kl. 14.59
Source: NRK · Sofie Retterstøl Olaisen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira