– Det er mykje følelsar som kjem ut, fortel ein gråtkvelt Kaja Rosenlund etter sesongens siste seriekamp.
Ein av Noregs aller største fotballklubbar kan forsvinne frå toppfotballen.
– Det har ikkje vore enkelt, det er det ikkje å legge skjul på. Det er mykje usikkerheit og frustrasjon. Eg er jo glad i gjengen og ein vil jo ikkje at det skal ende med ingenting, fortset spelaren som har vore ein del av klubben dei siste fire åra.
KREVJANDE: Kaja Rosenlund har saman med laget sitt hatt ein krevjande haust fylt med usikkerheit.
Alt står på spel for Røa Fotball Elite, som har prega toppfotballen med fem seriemeisterskap og fem cupgull sidan år 2000.
No har klubben sett inn eit siste krisegrep for å overleve 2026.
– Dette er det mest drastiske som er gjort i Røas historie. Dette er steget rett før vi går konkurs og ikkje klarer å fullføre, seier styremedlem i Røa fotball elite, Kristine Edner.
Ein haug med økonomiske problem
Det siste halvåret har blitt eit mareritt for klubben frå Oslo vest.
3 millionar i sommar, 2 millionar i september. Førre helg var det 600.000 kroner Røa trengde å få inn i kassa for å i det heile tatt kunne fullføre årets sesong.
Det går sakte i riktig retning, kanskje for sakte.
– Vi har prøvd å kutte i alt det går an å kutte. Og det er ikkje mykje frå før av, seier Edner.
KUTT: Alle i klubben har bidrege for å kutte i kostnadane, seier Edner.
Foto: Markus Olsen / NRKPå vegen har spelarar og tilsette ringd på dører i hovudstaden for å samle inn pengar og oppretta spleis.
Dei har fridd til andre klubbar om å kunne overta lisensen, slik at spelargruppa kan fortsette under eit anna klubbnamn. Men ingen har sagt seg villig til å bli med på det.
Slik gjorde LSK Kvinner det, som frå neste sesong skal heite Fet IL.
No har dei måtta ty til det grepet dei helst ville unngå.
Permittering og avkall på lønn
I oktober vart fleire trenarar permittert eller delvis permittert. Laget måtte klare seg utan fysisk trenar siste delen av sesong, og hovudtrenar Fredrik Sæland får nesten berre lønn på kampdag.
Førre veke vart det klart at alle spelarar som ikkje er på amatørkontraktar, er råka av anten frivillig avkall på lønn, eller 50 prosent permittering ut året.
– Vi har prøvd i det lengste å skåne spelarar og støtteapparat for at dei skal få lønningane sine. Det er ikkje mykje dei får frå før, så det vesle dei får, fortener dei kvar krone av, fortset styremedlemmen.
JUBEL?: Lite tydar på at Røa-jentene kan juble når sesongen er over.
Foto: Geir Olsen / Geir Olsen / NTBSå vidt Edner kan erindre, har slike tiltak aldri blitt gjort i klubbens historie.
Trass dei drastiske grepa har spelargruppa sagt seg villige til å spele dei to siste kvalifiseringskampane mot opprykksjagande Arna-Bjørnar frå Bergen.
No styrar klubben mot nedrykk og treng stor kapitalhjelp.
Kritisk til næringslivet
Klubben har lenge vore ein viktig brikke for toppfotballen på kvinnesida, med ei rik klubbhistorie og som ein av svært få toppklubbar utan eit herrelag i ryggen.
Som fleire andre må klubben drive nøkternt og få tak i riktige og viktige investorar for å overleve. Det har klubben slite med å få på plass.
– Eg er skuffa over oss sjølv også, for at vi ikkje har klart å skaffe noko. Det er vårt ansvar, fortel Edner.
INVESTORTRØBBEL: Ingen har sagt seg villig til å spytte inn nok pengar til at Røa kan halde seg flytande.
Foto: Anne Rognerud / NRKMen sender likevel eit stikk til næringslivet.
– Eg er skuffa over at ingen ønsker å bidra til at jenter skal kunne få lov å stå på eigne bein og spele fotball i toppen i Noreg utan å måtte ha ein herreklubb i ryggen.
– Det er skuffande å sjå at ingen bit på eller melder seg på eller ønsker å bidra til at det skal vere ei rein jentesatsing i Oslo, sånn som det er i dag, legg ho til.
Alt kan vere over
Røa klarte å unngå direkte nedrykk frå Toppserien. Tiande plassen gav kvalifiseringsplass, to ekstra kampar for å unngå divisjonsbyte.
Men den første kampen mot Arna-Bjørnar gjekk så dårleg som det kunne gå. Heimelaget vann heile 7–2.
Ein kamp som også kosta reiseutgifter klubben helst skulle unngått. Det vart rett og slett for dyrt med fly over Hardangervidda. Spelarane tok tog tur-retur.
– Når det ikkje er nokre andre alternativ, så er det sånn det må bli denne gangen, sa Edner før kampen.
Tidlegare i haust måtte spelarane ta buss og tog heim frå bortekampen mot Aalesund, fordi klubben ikkje hadde råd til fly på dåverande tidspunkt.
DUGNAD: Edner er med på å rigge opp til kamp og rigge ned etter kamp.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKNo må dei vinne med fem mål eller meir i returkampen på Røabanen, om klubben skal halde seg i Toppserien.
Det som blir sesongens siste kamp, kan også bli den siste kampen for laget i toppfotballen på lang tid.
– Vi treng å få på plass ein økonomisk berekraftig satsing for at vi skal klare å halde oss i toppen, om det blir Toppserien eller førstedivisjon, det er jo ennå uvisst. Så vi treng all hjelp vi kan få, for å i det heile tatt starte på 2027, avslutta styremedlem Edner.
Klubben står per no utan eigenkapital frå nyttår.
Publisert 21.11.2026, kl. 21.44
Source: NRK · Fredrik Kårstad Lilleaasen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira