– Du får energi og blir ikkje sliten utover i økta. Er det liksom éin ting eg skulle vore enda flinkare på som skiløpar, er jo det akkurat det, seier Johaug til NRK.

Johaug har lært mykje nytt av trenar Sindre Buraas etter at ho for alvor begynte å satse på langløp i april.

Men på vegen mot maraton i Valencia i desember, er det spesielt eitt grep som har gjort ein forskjell: karbohydratinntaket på trening.

– Det er først no når eg har begynt med løping at eg har skjønt kor viktig det er med karbohydrat for å halde intensiteten oppe, seier Johaug og fortset:

– Etter erfaringar no, så skjønner eg jo at eg er heilt avhengig av å ha fulle glykogenlager når eg skal springe ein maraton. Det er verkeleg ei aha-oppleving.

NÆRING: Therese Johaug passar på å fylle på under intervalløktene.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

– Enorm forskjell

Johaug bruker primært energigelar under øktene. Ifølge Sport Holding, som eig nokre av dei største sportskjedene i Noreg, har salet auka med over 60 prosent frå mai 2025 til mai 2026.

– No har eg brukt mykje gels på maratonøktene. Eg et ein gel kvar femte kilometer. Då har eg merka enormt stor forskjell, forklarer ho.

Johaug har det siste året merka at dette er noko «alle» snakkar om.

– Folk har veldig fokus på det, og det er kjempebra. Eg angrar på at eg ikkje var flinkare på det med ernæring som tidlegare skiløpar.

Ina Garthe er fagsjef for idrettsernæring hos Olympiatoppen. Ho understrekar at behovet for næring kjem an på av kor lang økta er, og intensiteten på ho. Dette gjeld altså også for mosjonistar.

– Når tilgangen på karbohydrat er betre tilpassa belastninga, kan det bli lettare å halde fart og kvalitet gjennom ei lang økt, ein viktig prestasjonsfaktor for utøvarar som Johaug, skriv Garthe til NRK.

TYDELEG: Ina Garthe understrekar at det er viktig med næring under, før og etter lange økter.

Foto: NTB

Garthe understrekar at du først og fremst må ha eit godt kosthald i botn. Deretter må du planlegge kor mykje karbohydrat du treng, ut frå kor lenge og hardt du skal trene.

– Det er ikkje nødvendig å kjøpe sportsprodukt for å dekke behovet for karbohydrat eller prestere på ditt beste, skriv ho og fortset:

– Gel kan vere praktisk under økter med høg intensitet, men på rolegare langturar kan også banan, brødmat eller karbohydrathaldig drikke (for eksempel saft) fungere vel så godt. Du må prøve ut og lage ein plan som blir rett for deg.

– Heilt essensielt

Trenar Sindre Buraas er tidlegare landslagsutøvar i friidrett, og har lang erfaring med løping.

Han peikar på at gelar er noko som verkeleg har komme først dei siste åra.

– Det var ikkje like aktuelt då ho gjekk på ski. Og på maratonløping er det essensielt. Eg har mykje erfaring med det, og har sjølv sett betydninga av det. Både på konkurranse og trening, seier han.

Buraas fortel at det stadig blir forska på korleis utøvarar kan prestere endå betre, frå ernæring til sko.

– Så vi må berre følge med. Det er jo jobben min. Å få i seg næring under ei økt er berre positivt. Eg vil ikkje kalle det marginar heller, for det er ein del av totalen om ein skal tole denne treninga.

KONTROLL: Trenar Sindre Buraas følger nøye med på alt Therese Johaug gjer.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Men Buraas er heilt klar på at du ikkje blir den beste løparen i verda berre ved å ete under økter. Det er inga enkel løysing for å bli ein god maratonløpar. Du må trene. Mykje.

– Men du har starta restitusjonen i løpet av økta, om du tar i deg næring undervegs. Men det er ikkje berre sånn at du kan gjere det, og ikkje ha trening i botn. Det ligg mange timar der, konkluderer Buraas.

Kjem med åtvaring

Garthe understrekar at det ikkje berre er for alle å køyre på med gelar. Det kan oppstå problem.

Rådet hennar er å starte med moderate mengder på trening, fordele inntaket undervegs og auke gradvis ved behov.

– Kvalme, oppblåsen mage, mageknip og diaré kan oppstå om ein får i seg meir enn magen klarer å handtere. Ein vanleg feil er å kopiere andre sitt inntak utan å øve på det sjølv, eller å bruke det for første gong under ein konkurranse.

Publisert 24.11.2026, kl. 06.20

Source: NRK · Brede Bleiklie Thomassen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira