– Det begynner å bli veldig dyrt, og vi kjenner på det, seier Jessica Benjaminsen Gresholdt.

Ho og sambuar Robin Langsholt Olseng eig ein liten einebustad på 120 kvadratmeter på Klavestadhaugen i Sarpsborg.

Frå nyttår aukar dei kommunale avgiftene med 30 prosent i kommunen, som følge av at det nye nitrogenreinseanlegget i byen skal opne.

Det har kosta over 1,7 milliardar kroner, og dette må innbyggarane betale.

Robin Langsholt Olseng kuttar ved i hagen, men ville helst ha kutta i kommunale avgifter.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

For Robin og Jessica vil det bety eit påslag på rundt 7.000 kroner, til 30.000 kroner i året.

– Det er trasig og altfor mykje, meiner Robin.

I nabobyen Fredrikstad aukar avgiftene med 3.000 kroner for ein gjennomsnittleg bustad, også der på grunn av eit nytt reinseanlegg til 2,3 milliardar som blei opna i sommar.

Klima- og miljøminister Sigrun Aasland forstår godt at folk er bekymra for høgare rekningar, men meiner det ikkje finst ein veg utanom.

– Vi skal redde Oslofjorden, og det gjer vi på fleire måtar. Samtidig kjem vi ikkje utanom at avløpsvatnet må reinsast betre, for helsa vår og for miljøet, seier Aasland.

Bygd kvart sitt

Dei to østfoldbyane ligg tett på kvarandre, og kunne ha bygd eitt felles reinseanlegg for kloakken og avløpsvatnet.

Dette blei det gjort forsøk på å få til, men lokalpolitikarane valde å bygge kvart sitt nitrogenreinseanlegg til eit par milliardar kroner kvar.

To nabobyar, to nye reinseanlegg i milliardklassen. Fredrikstad øvst, Sarpsborg nedst.

Christian Nygaard-Monsen/Ingrid M. Langvik

Kommunane har måtta tole kritikk for at dei ikkje gjekk saman om dette, med påstandar om at eitt anlegg ville blitt billigare.

Fylkesordførar Sindre Martinsen-Evje avviser at det stemmer. Han var ordførar i Sarpsborg da vedtaket blei gjort.

– Eg forstår godt at innbyggarane reagerer på auka avgifter, men det er feil at det hadde blitt billigare med eitt felles reinseanlegg, seier han.

Sindre Martinsen-Evje

fylkesordførar, Østfold (Ap)

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

Han hevdar at det var omvendt.

– Berekningane da vedtaket blei gjort, viste tvert imot at ei felles løysing ville blitt mykje dyrare for innbyggarane våre, seier Martinsen-Evje.

Tidlegare ordførar i Fredrikstad, Jon-Ivar Nygård, seier til NRK at dei ønskte å bygge eit felles reinseanlegg, men at Sarpsborg sa nei.

Formålet med dei strengare reinsekrava, er å redusere utsleppa av skadeleg nitrogen til Oslofjorden, som er i økologisk krise.

– Regjeringa gjer ingenting

Over heile Austlandet blir bygd eller planlagt tilsvarande reinseanlegg som dei Sarpsborg og Fredrikstad nå set i sving.

Kravet gjeld alle kommunar som ligg i nedbørsfeltet til Oslofjorden, som gjeld heile 118 kommunar.

Blant desse er Moss, som skal ha anlegget sitt klart tidlegast i 2029, med forventa gebyrauke for husstandane på 3.550 kroner i året.

Eit nytt reinseanlegg er under bygging på Fuglevik i Moss kommune.

Illustrasjon: SG Arkitekter/Movar

Telemarkskommunane Bamble, Porsgrunn og Skien går saman om eitt reinseanlegg til 5 milliardar kroner som etter planen blir opna i 2031.

Det er berekna å meir enn doble avløpsgebyret i Porsgrunn og Bamble dei neste åra, og gi ein auke på godt over ti tusen kroner i snitt for kvar husstand.

For rekninga må kommunane og innbyggarane ta sjølve.

– Spinnvilt

Ordførar i Fredrikstad, Arne Sekkelsten er oppgitt over at staten ikkje tar noko av rekninga.

– Det er heilt spinnvilt at ein frå statleg hald berre legg på krav og føringar, og berre dyttar det rett over på innbyggarane, seier Sekkelsten.

Fredrikstad-ordføraren ønsker at staten skal ta delar av rekninga.

Foto: Martin Tangen Schmidt / NRK

Meininga har han tatt opp med regjeringa ved fleire høve.

– Og vi får ikkje eingong rentefrie lån, som eg også skisserte som ei moglegheit. Det er i aller høgste grad ein ganske urimeleg setting, men regjeringa gjer jo ingenting med det.

Klima- og miljøminister Sigrun Aasland peikar på at det er kommunane som har ansvar for at avløpsvatnet blir godt nok reinsa.

– Mange stader har vi over tid sett eit etterslep på vass- og avløpsområdet. Det må vi ta tak i, seier Aasland.

Ministeren er derimot ueinig med Sekkelsten. Ho seier regjeringa har gjort fleire grep for å hjelpe kommunane.

– Vi har blant anna lagt til rette for at kostnadane kan fordelast over lengre tid og oppretta ei tilskotsordning for planlegging og prosjektering av nitrogenfjerning. Vi har også styrkt Statsforvaltaren og Miljødirektoratet slik at dei har meir ressursar til rettleiing og behandling av løyve.

Publisert 05.11.2026, kl. 16.36

Source: NRK · Lars Håkon Pedersen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira