Jeanett Eide-Asbjørnsen hadde sett føre seg at ho skulle vere ei av dei som fekk til alt: karriere, eit moderne likestilt samliv, og det gode mammalivet.

Men då ho etter ti månaders permisjon skulle tilbake i full jobb og prestere som før, sa det brått stopp.

– Eg ville jo klare alt, for det gjer jo alle andre. Å måtte gå til legen og be om ei sjukemelding kjendest som eit kjempenederlag, seier tobarnsmora.

Slik blei ho del av statistikken.

Kvinner med born har meir enn tre gonger så høgt sjukefråvær som menn med barn ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).

Berre mor blei sjukemeldt

For Eide-Asbjørnsen begynte det heile med ein vanskeleg fødsel, spinalhovudpine og store smerter.

Deretter var kvardagen eit barn med refluks og kolikk som vakna minst fire gonger kvar natt, amming og kronisk søvnmangel. Slik var det òg då ho skulle tilbake i full jobb.

Jeanett Eide-Asbjørnsen reknar seg sjølv som feminist, men har fått ei anna førestilling av kva som ligg i det etter at ho sjølv blei mor.

Foto: Monika Heggem / privat

– Det blei jo mørkt, men kjente eg meg nomen. Det var vanskeleg å vite om situasjonen var tung, eller om eg hadde det tungt.

Løysinga blei eit krevjande legebesøk der ho omsider fekk ei sjukemelding grunngjeve med søvnmangel. Men under to månader seinare tok skamma overhand. Ho beit tennene saman for å tvinge seg tilbake i jobb.

– Du vil jo ikkje vere del av statistikken. Det var flaut å seie «eg var sjukemeldt berre fordi eg ikkje fekk det til».

SKAMMA TOK OVERHAND: I nesten to månader var Jeanett Eide-Asbjørnsen sjukemeldt før ho følte at ho måtte tilbake i jobb. Skamma over å vere sjukemeldt tok overhand.

Foto: Jeanett Eide-Asbjørnsen / privat

– Blei faren til barnet òg sjukemeldt?

– Han blei jo ikkje det. Vi er begge forkjemparar for likestilling. Det overraska oss at vi brått hamna i ein tradisjonell kjønnsrolledeling.

No trur ho feminisme må sjå annleis ut nett i småbarnsperioden. For å dele erfaringar om korleis det eigentleg er å vere mor har ho og ein venninne starta podkasten «Helt vanlege mødrer».

– Det er sjølvsagt lett å seie at damer må bli flinkare på å ikkje ta alt ansvaret, men så følast det av og til litt urettferdig også.

Meiner likestilling kan gi meir ubalanse

Forfattar og sjukepleiar Liv Bjørnhaug Johansen, meiner likestillingspolitikken har gått seg vill ved å tru at full yrkesdeltaking åleine løyser ubalansen mellom kjønna.

– Likestillingspolitikken har i stor grad gjeve kvinner tilgang til mennene sine arenaer, altså lønsarbeidet, men utan at mennene fullt ut har teke over kvinnene sitt tradisjonelle arbeid i heimen.

Liv Bjørnhaug Johansen har nyleg gitt ut boka «Mødrenes kamp. Kvifor kvinner slit seg ut i et av verdas mest likestilte land».

Foto: Marthe Haarstad

Difor meiner ho kvinnene har enda opp som dobbeltarbeidande.

Ho fortel at fedrane ofte får ein assistentrolle. Sjølv om dei leverer annankvar dag, er det mor som har kontroll på vekeplan, har pakka sekken og veit om regntøyet passar.

Dette blir kalla «tredje skiftet», den usynlege planlegginga som held kvardagen saman.

– Og kven ringjer barnehagen, helsestasjonen eller skulen når barnet er sjukt eller manglar vottar? Jo, det er mamma.

– Ikkje rart det tyter ut i sjukefråvær

Seniorforskar Arnstein Mykletun peiker på at Noregs gode sjukefråværsordningar med full lønn under sjukdom kan forklare kvifor sjukefråværet ligg høgare for norske kvinner enn i andre land.

– Når menn blir far, blir dei litt mindre sjukemelde. Nokre studiar viser at dei då tener litt meir. Årsaka kjem frå ein sosial effekt av at ein ser på seg sjølv litt meir som ein forsørgar og tar seg saman, seier han.

Arnstein Mykletun

Seniorforsker ved Folkehelseinstituttet

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Johansen meiner årsaka heller ligg i at veldig mange kvinner i Noreg er i arbeid.

– I mange andre land går kvinner heilt ut av arbeidslivet når dei får små born, og då kjem dei heller ikkje med i sjukefråværsstatistikken.

Ho seier det høge fråværet i Noreg er eit direkte symptom på at reknestykket i kvardagen ikkje går opp.

Småbarnsmor Jeanett Eide-Asbjørnsen seier ho har vurdert å arbeide lågare prosent for å ikkje brenne seg ut.

– Men det går ut over mykje anna som økonomi og pensjonspoeng. Då kjenner eg kvinnekampen i meg. Det er ikkje rettferdig at det berre skal gå ut over meg.

Krev kortare arbeidsdagar og meir pappa-ansvar

Både Eide-Asbjørnsen og Johansen meiner det ikkje held å be kvinnene ta seg saman eller stramme inn på sjukeløna, for å snu den negative trenden.

Det krevst konkrete, strukturelle grep:

  • Sekstimarsdag eller ekstra ferie: – Å oppdra born er samfunnsberande arbeid som tek tid og krefter. Vi må rydde plass i timeplanen, til dømes ved å innføre sekstimarsdag eller gi småbarnsforeldre ei ekstra ferieveke medan borna er små.
  • Ansvarleggjering av fedrar: – Skular, barnehagar og helsestasjonar må gjere det til ein vane å kople på fedrane meir. Slutt med å setje mor som hovudkontakt; begynn å ringje far fyrst.
  • Ei ny forståing av omsorg: – Vi er besette av å presse ned sjukefråværet, men gløymer kva omsorgsarbeidet faktisk kostar. Svaret på at mødrer slit seg ut, kan ikkje vere at dei berre skal bite tennene saman og jobbe endå meir.

Publisert 09.11.2026, kl. 12.46

Source: NRK · Sofie Retterstøl Olaisen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira