Ålesund kommune har i lang tid krangla med ein anna kommune om kven som skal betale for tilbodet til ein strekt pleietrengande mann.
Mannen må ha pass og pleie døgnet rundt, og dette kostar rundt ein million kroner kvar einaste månad.
Nyleg gjekk Ålesund kommune til sak mot staten for å sleppe å ta rekninga.
No har dei tapt i Sunnmøre tingrett:
«Retten legger til grunn at også personer med omfattende pleie- og omsorgsbehov har rett til å bosettes seg hvor de ønsker.»
Kommuneadvokat Kristin Otterlei i Ålesund seier at dei vil lese dommen grundig først og vurdere grunnlaget for å anke til lagmannsretten. Ho vil førebels ikkje kommentere kritikken i dommen.
Kommuneadvokat Kristin Otterlei i Ålesund vil ikkje kommentere kritikken kommunen får i dommen. Ho seier dei no vil vurdere å anke.
Foto: Remi Sagen / NRKMåtte gå til retten for å få hjelp
Kommunen får skarp kritikk i dommen for å nekte å behandle søknaden frå den tidlegare heimkommunen:
«Retten legger til grunn at man har å gjøre med saksbehandling som ikke har vært forsvarlig fra Ålesund kommunes side. Dette har medført unødvendig usikkerhet knyttet til om NN ville få nødvendig helse- og omsorgshjelp», heiter det i dommen.
Ålesund kommune må også betale vel 130.000 kroner i sakskostnader.
I dommen kjem det fram at vergen til den pleietrengande mannen i sommar måtte gå heilt til retten for å tvinge Ålesund kommune til å ta på seg utgiftene i påvente av ei endeleg avklaring.
Då sto mannen i fare for å misse tilbodet fordi ingen betalte.
Ålesund kommune vil ikkje betale og har gått til sak mot Helse- og omsorgsdepartementet.
Foto: Tore Ellingseter / NRKFlytta til Ålesund
Mannen melde flytting til Ålesund kommune hausten 2023.
Han måtte ut av heimkommunen sin for å få eit tilbod om pleie og stell døgnet rundt, og valet fall på byen nokre mil unna.
Det sentrale spørsmålet er om Ålesund kommune dermed også har fått ansvaret for å betale dei tenestene som den gamle heimkommunen bestilte til den sterkt pleietrengande mannen.
Det svarar både statsforvaltaren og helse- og omsorgsdepartementet ja til.
Sjølv om mannen sjølv ikkje klarer å svare på kvar han vil bu, meiner Helse- og omsorgsdepartementet at det er grunn til å tru at svaret er i Ålesund.
Viktig prinsipiell sak
Ålesund kommune meiner det er ei viktig prinsipiell sak å få avklart, og kommuneadvokat Kristin Otterlei seier fleire kommunar følgje med på avgjerda frå retten.
– Denne brukaren flytta hit fordi heimkommunen ikkje greidde å levere eit tilfredsstillande tenestetilbod til denne personen, flyttinga er fundert på eit tenestebehov som ein no får dekt hos ein privat leverandør, som tilfeldigvis er lokalisert i Ålesund kommune, sa kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund til NRK i fjor sommar.
Publisert 12.11.2026, kl. 10.49 Oppdatert 12.11.2026, kl. 11.16
Source: NRK · Synnøve Hole
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira