Vinterens influensautbrot er i gang. Samtidig aukar koronasmitten. Det melder Folkehelseinstituttet (FHI) torsdag.

Dei oppmodar personar som er anbefalt å vaksinere seg mot desse sjukdomane, om å gjere det no.

– Vern mot influensa og covid-19 oppnår ein éi til to veker etter at ein har teke vaksine. Det er difor viktig at dei som er tilrådde vaksine, tek han no, før smitten aukar ytterlegare, seier overlege Ingvild Fjeldheim ved FHI.

Merker pågang

På ulike apotek i landet er det mogleg å vaksinere seg. Her kan ein både ta drop-in-time eller bestille på førehand.

Hos Vitusapotek i Ålesund er det fleire som har kome innom for å ta influensavaksinen.

Farmasøyten fortel at fleire har komme inn for å vaksinere seg.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Det er 165 personar så langt, så eg trur det er mange som har tatt den, for det er to apotek til i sentrum, seier farmasøyt Adnan Vejsic.

Til samanlikning vaksinerte dei totalt 232 i heile fjor. Pågangen er størst i november.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Randi Tafjord

    Randi Tafjord (70) i Ålesund har gjort som anbefalt.

    – Eg har tatt både influensa- og pneumokokkvaksinen mot lungebetennelse. Eg er ei godt vaksen dame og vil beskytte meg.

    Ho anbefaler alle å bruke dei tilboda som finst.

    – Eg er gamal helsesjukepleiar og har sett mange vaksinar i mitt liv. Eg meiner det er viktig både for barn, vaksne og eldre.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Åshild og Per Helseth

    Ekteparet Åshild og Per Helseth har også vaksinert seg, noko dei gjer årleg.

    – Vi har nettopp gjort det for fjorten dagar sidan, seier Åshild.

    – Kvifor er det viktig å vaksinere dykk?

    – Fordi vi har blitt så gamle, seier 75 år gamle Åshild. Mannen på 80 år seier seg einig.

  • Frederik Winness Ringnes / NRK

    Josva Madsen

    Josva Madsen har ikkje planar om å ta årets vaksine.

    – Nei, eg har akkurat vore sjuk og blitt frisk igjen.

    – Er du redd for å få ei skikkeleg kule med influensa?

    – Nei, det går fint om eg får det.

  • Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

    Reidun Loven

    Ho har ikkje tatt vaksinen endå.

    – Latskap, trur eg at eg kan seie.

    – Har du tenkt å gjere det då?

    – Ja, eg bør gjere det, eg er over 65. Eg får ta det opp med fastlegen min, seier ho.

  • Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

    Kristin Gåsbakk

    – Ja, eg har tenkt å ta den. Eg brukar nokre gonger å ta influensavaksinen, mest fordi det er stor pågang av influensa. Eg tenkjer det er betre å vere førebudd, seier ho.

Apotekar David Karimi på Vitusapotek Majorstuen har merka at det er fleire som kjem for å vaksinere seg.

– Det er større pågang i år enn i fjor på same tid.

Samtidig seier han at det er langt færre av dei eldre i år som har vaksinert seg.

– Det er ikkje for seint å bli vaksinert før jul, men det er auke i influensasmitten no, så ein bør ikkje vente.

Apotekaren seier det ikkje er for seint å ta vaksine før jul.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

– Høgare pågang

Per 22. november i år var det 49 prosent av personane over 65 år som hadde vaksinert seg.

Jørgen Skavlan er lege i Oslo, og fortel at det no er på høg tid å vaksinere seg.

– Eg synest alle over 65 år bør gå ut og få seg ei vaksine, alle med kronisk eller alvorleg sjukdom og alle gravid i andre til tredje trimester skal ha denne vaksinen, fortel han.

Han seier at pågangen aukar i tida som kjem, og at fleire har blitt så sjuke at dei må på sjukehus.

Jørgen Skavlan er lege og rår folk om å vaksinere seg.

Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRK

– 230–240 menneske er innlagt på sjukehus på grunn av influensa allereie, og det er høge tal.

Han forklarer at influensaen kjem frå aust og treffer oss i juletidene, så beveger den seg vidare rundt heile kloden. Han legg til at årets influensavaksine verkar å ha ordentleg effekt.

– Kraftig auke

Ålesund er ein av fleire kommunar der det no blir meldt om mykje luftvegssjukdomar.

– Vi er i ferd med å få ei kraftig auke i smitte, seier kommuneoverlege Alexander Drabløs Wiig.

Han vektlegg at å ta vaksinen er eit viktig tiltak for å verne dei i risikogruppene og eldre mot sjukdom.

Kommuneoverlegen fortel at dei ventar ein kraftig auke i smitte.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Forseinkingar i leveransane gjorde at ein rekke kommunar kom seinare i gang med vaksineringa i år. Dette skal no ha retta seg.

– Det er ikkje for seint å ta vaksinen, seier han.

Publisert 26.11.2026, kl. 18.21

Source: NRK · Fride Kvamsøe Rekdal, Hege Moe Eriksen, Silje Steinnes Bjerknes, Rune Hustad, Synnøve Hole

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira