- Obs! Ikkje les vidare om du ikkje har sett finalen.
– Det er jo veldig kult. Det er no nesten meir gøy å vere med og vinne når ein er to.
Det seier Solveig Gulbrandsen til NRK.
Fredag blei det endeleg klart at det var ho og Marco Elsafadi som vann Mesternes mester team.
I sjølve finalen stod to lag: Frode Grodås og Astrid Lødemel på gult lag og Solveig Gulbrandsen og Marco Elsafadi på raudt.
I klassisk Mesternes mester-stil var det ei hinderløype som blei den avgjerande konkurransen. Der var den tidlegare fotballspelaren og basketspelaren sterkast.
SIGER: Raudt lag vann
Foto: Tonje Lien Wold / NRK/Nordisk BanijayHadde ikkje trua på siger
Gulbrandsen innrømmer at ho ikkje forventa at dei skulle nå heilt til topps.
– Eg trudde ikkje det heilt. Det var jo nokre unge, spreke som var med, og dei gjorde det veldig, veldig bra i starten, fortel Gulbrandsen.
GULT LAG: Astrid Lødemel og Frode Grodås
Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRKTURKIS LAG: Helene Spilling og Stig-André Berge.
Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRKBLÅTT LAG: Emil Hegle Svendsen og Liv Grete Skjelbreid.
Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRKRAUDT LAG: Marco Elsafadi og Solveig Gulbrandsen.
Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRKKVITT LAG: Kjersti Grini og Steffen Iversen.
Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRKORANSJE LAG: Emil Lybekk og Johanne Killi.
Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK
I det første programmet var det proffdansar Helene Spilling og brytar Stig Andre Berge på turkis lag og friskiutøvar Johanne Killi og dødsar Emil Lybekk på oransje lag som leia samanlagt.
Den tidlegare fotballspelaren fortel at lagkompisen hadde meir tru på siger enn ho sjølv. Det bekreftar også Elsafadi.
– Det var nokre situasjonar der eg sa til ho at «det kjem til å gå, berre vent!», seier han og legg til.
– Men ho er jo ein vinnarskalle ho også.
Dei to fortel at dei i starten opplevde stong ut, men at konkurransane etter kvart passa dei betre og betre.
ANDREPLASS: Frode Grodås og Astrid Lødemel kom på andreplass.
Foto: Tonje Lien Wold / NRK/Nordisk BanijayHistorisk siger
Gulbrandsen nådde ikkje finalen då ho sist var med på Mesternes mester. Ho måtte ta til takke med den «sure tredjeplassen».
Ho er glad ho fekk oppleve å stå i ein finale med Elsafadi i den nye utgåva.
– Då har du nokon å dele det med. Eg er ein lagspelar, så for meg er det liksom ei lykke å kunne dele det med nokon. Eg synest det er meir gøy enn å stå aleine, seier ho.
Makkeren hennar var den einaste deltakaren i årets sesong som har vunne Mesternes mester før. Han føretrekker likevel det nye konseptet.
– Det er sjukt mykje meir gøy å vinne når me var to. Du får ein heilt anna glede av å gjere det saman, seier Elsafadi.
Det er tolv år sidan han var med på den «vanlege» utgåva av programmet. Han blir dermed historisk, som den første som har vunne Mesternes mester to gongar.
KOMMUNIKASJON: Elsafadi og Gulbrandsen trur kommunikasjon var deira sterkaste side.
Foto: Tonje Lien Wold / NRK/Nordisk BanijayKommunikasjonslaget
Gulbrandsen trur det var spesielt éin eigenskap som gjorde at dei vann.
– Me har jo sjølvutnemnt oss til kommunikasjonslaget.
Ho fortel at dei var blant dei laga som hadde komplementære ferdigheiter, og at dei klarte å spele kvarandre gode.
– Eg trur ikkje nødvendigvis at me har vore tydeleg best i alt, men me gjer kvarandre gode.
Elsafadi fortel at det var spesielt kommunikasjon som var viktig i finalen.
– Det er kommunikasjon og det å vere tydeleg mens du stressar, som er avgjerande. Parallelt med at du må gjere fysiske ting, seier han.
Fekk press heimanfrå
Elsafadi fortel at han fekk overraskande mykje press heimanfrå før han drog ned for å spele inn programmet i Hellas.
– Sonen min sa før eg drog at «pappa, viss du vinn denne gongen også, så er du den einaste i heile verda som har vunne to gonger», ler Elsafadi.
Det gjorde at den tidlegare basketspelaren gjekk inn med ny motivasjon for å vinne.
– Er det noko me foreldre synest er stas, så er det jo å imponere eigne barn. Eg merkar jo at det kjem til å bli utruleg gøy når dei skjønar at eg faktisk klarte det.
Publisert 23.10.2026, kl. 20.46
Source: NRK · Åsne Margrete Kleiv
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira