Alt Ånund Lid Byggland føretek seg denne vinteren kjem til å bli diskutert og monitorert av alle skiinteresserte. Han er ansvarleg for verdas beste skilandslag.
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRKÅnund Lid Byggland (36) har nok ikkje mykje ros i vente i sin nye jobb. NRK fekk vere med på eit eksklusivt pusterom før det heile brakar laus.
Skisesongen startar om:
dagar
timar
minuttar
sekundar
– Vi kan skyte ungdyr og fritt dyr. Så det er ein fin kvote.
Med rifla i sekken, propp i øyret og kledd for jakt frå topp til tå inviterer landslagets ferskaste trenartilskot NRK med inn i det aller mest heilage.
Det er lett regnvêr i lufta og tåka ligg tjukk over tretoppane på Øyfjell i Vest-Telemark.
Kalenderen viser slutten av oktober, og det er ein av dei siste skikkelege fridagane til Ånund Lid Byggland før langrennssesongen brakar laus.
– Det kan vere at dette blir siste jakta faktisk. Det er litt rufsete vêr, men vi berre gønnar på, seier Byggland før han legg i veg i rask gonge opp gjennom skogen.
Målet er å finne ein god post og håpa at elgen byr seg fram.
Han treng å få pusta nå, for til vinteren kan det fort bli mykje styr.
Draumejobben
– Eirik Myhr Nossum har hatt ti år med dette. Han har vel sagt at han ennå har til gode å bli ringt opp av personar eller media, berre for å bli gratulert med et dritbra uttak, seier Ånund Lid Byggland.
Uttak av lag til skirenn er kanskje det som skapar mest diskusjon gjennom ein sesong med skirenn.
Nå skal 36 år gamle Ånund Lid Byggland vere han som er med og skal bestemme kven som skal få gå.
Han fekk jobben den prestisjetunge jobben som landslagstrenar berre eit par månader før han fylte 36 år i sommar.
DRAUMEJOBB: Sjølv om jobben som landslagstrenar er draumejobben, veit Ånund Lid Byggland at det er ein jobb med høge forventningar.
Foto: Hans Solbakken / NRK– Eg vil nesten seie at eg har draumejobben. Eg har drevet med langrenn heile livet. Slik har det berre vorte, seier Byggland.
Draumejobben er likevel ikkje berre fryd og gammen.
På mange måtar er det ganske ofte det stikk motsette.
For det er avgrensa med plassar til kvart einaste skirenn rundt omkring i verda når verdscupen i langrenn rullar av stad.
Enda skarpare blir både konkurransen og meiningane når dei store meisterskapa er rett rundt hjørnet.
Som landslagstrenar er det hans oppgåve å bestemme kven som faktisk får lov til å gå skirenn for Noreg.
Elgjakt: Ånund Lid Byggland brukar mykje tid på elgjakt. For han er det ei perfekt avkopling før ein hektisk sesong med mykje arbeid står for tur.
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRKUriaspost
Sjølv har Byggland kjent på korleis det er å vere utanfor landslaget. Både som løpar og trenar.
Han satsa i mange år, før han dei siste åra har vore trenar på nivået rett under landslaget.
Byggland bekreftar at han var ein som masa på landslagstrenarane for å få dei til å velje det han meinte var rett.
– Eg er spent på kven som skal ta over mi rolle nå, seier Byggland med glimt i auget.
– Det blir ofte mykje bråk kring uttak i norsk langrenn fordi det er mange som er gode, og mange meiner at dei burde fått sjansen. Korleis skal du handtere det?
– Eg tenkjer at kommunikasjon blir viktig. Det er blant anna nye reglar når det gjeld kvotar til dei ulike verdscuphelgene. Det å vere gode til å kommunisere kva regelendringane inneber, og kva slags utslag det kan gje i dei enkelt uttaka, er viktig, seier Byggland.
Saman med landslagets andre og hakket meir erfarne trenar Eirik Myhr Nossum er det deira ord som saman dannar uttaket til kven som får representere Noreg.
Det er sjeldan ros i vente. Som regel er det alltid mogleg å finne nokon som er ueinig i det dei har kome fram til.
– Eg tenkjer at det er engasjement. Slikt skal det vere. Den dagen folk blir likegyldige til kven som går, seier Byggland og let det henge litt i lufta før han held fram:
– Det trur eg ikkje er bra.
– For meg høyrest dette ut som ein slags uriaspost?
– Ja, det kan det jo ende med, seier Byggland.
– Jakt er livet
Ute i skogen har Byggland traska raskt men lydlaust oppover ei li, over nokre myrer og opp på ein knaus.
Han dreg på seg ei ekstra jakke, tømmer urinblæra og finn fram nokre tjukke heimestrikka vottar.
Det gjeld å førebu seg for å sete roleg i stund, og det er småkaldt i lufta.
Han set seg ned på ein liten trefot-stol han har bore med seg.
Nå har han god utsikt over ei lita flate.
Han legg rifla i fanget. Ho er klar til å avfyre skot viss skogens konge kjem gåande.
Praten må gå føre seg med kviskrestemme slik at eventuelle elgar som høyrer godt ikkje legg merke til oss.
– Dette er ein veldig fin post da. Dyra blir ofte pressa litt opp hit, så det kan bli veldig bra, seier han med forhåpning i kviskrestemma.
– Kvifor går du på jakt?
– Jakt er livet. Eg var alltid med bestefar før da. Da eg slutta på ski, så vart det mykje jakt om hausten. Eg starta eigentleg ganske seint med jakt, men eg føler det blir litt som dei som drikk for første gang i russetida. Da eskalerer det, seier han og skrattar, før han konstaterer:
– Det har vorte mykje jakt siste åra.
– Er du mest nervøs nå eller på langrennsopninga på Beitostølen, trur du?
– Det er klart om eg høyrer det knekk til nedi her og at det kjem dyr, så er det nok slik som før ein sprintfinale til vinteren da.
– Ein får lært litt på å takle spenninga her, seier Byggland mens han set seg til på posten sin og ventar på at ein annan frå jaktlaget skal byrje å bevege seg i skogen slik at dei forhåpentlegvis kan få ein elg til å gå forbi posten til Byggland.
– Hardbarka gjeng
Som trenar for landslaget er det derimot Byggland sjølv som skal hjelpe verdas beste skiløparar å nå måla sine.
Han skal jo trene dei.
Johannes Høsflot Klæbo, Harald Østberg Amundsen og Erik Valnes er nokre av namna på lista.
Det er karar som har vunne det aller meste før.
Eirik Fure / NRK
Harald Østberg Amundsen, landslagsløpar
– Det er ein hardbarka gjeng å kome inn til. Det er ikkje klapp på skuldrene frå dag ein. Det er mange forventningar på korleis ting skal gjerast, men han har bretta opp ermene han, seier Harald Østberg Amundsen.
Tommy Iversen / NRK
Pål Golberg, langrennsekspert i NRK
– Eg trur nysgjerrigheita hans er hans fremste styrke. Sjølv om ein trenar skal kome med råd, så handlar det ofte om å stille utøvarane spørsmål også. Kvifor dei gjer det dei gjer. Det kan vere med å skape ein rullande ball for utøvarane, og alltid søke forbetringar, seier Pål Golberg.
Eirik Fure / NRK
Eirik Myhr Nossum, landslagstrenar
– Ånund er godt i gang. Han brukte ikkje veldig mange minutt etter at han blei tilsett i vår, til han eigentleg byrja å jobbe. Han prøvar å forme stillinga til sin eigen og er veldig proaktiv.
– Han har erfaring som aktiv sjølv på eit ganske høgt nivå. Han har interesse for teknikk og er flink på teknikkbiten. Han får eit lite ekstra ansvar med tanke på sprintdelen i sporten, seier Nossum.
– PSSST
Tåka flyg over tretoppane og nokre regndropar legg seg på kikkertsiktet på rifla.
Det knekk i ei grein.
– PSSST, seier Byggland før han plutseleg blir hakket meir konsentrert og intens.
Er elgen på veg fram?
Han sitt heilt roleg i fleire minutt og stirar med fokusert blikk utover flata som ligg nedom han.
– Nei, det var nok ingenting, seier Byggland og blir raskt meir avslappa igjen.
Noko han også er med tanke på forventningane i nasjonen om at det ofte berre er siger som er godt nok for nordmenn som konkurrerer på langrennsski.
Og nå har han ansvaret.
– Det er jo forventa at ein skal vinne alt da, men det er jo det vi alle har trena for au. Målet er at vi skal forsvare den posisjonen.
At det ikkje kom nokon elg denne dagen i oktober gjorde ikkje så mykje.
Ifølgje Byggland kan det eigentleg vere eit veldig godt teikn med tanke sesongens store høgdepunkt: Ski-VM i Falun.
– Det er vel eit ordtak som heiter «uhell i jakt, hell i VM», seier Byggland med eit lurt glis.
ELGFRITT: Jakta saman med NRK vart utan resultat i form av elg. Likevel eit godt pusterom for den nye landslagssjefen før sesongen brakar laus.
Foto: Hans Andreas Solbakken / NRKPublisert 19.11.2026, kl. 22.32
Source: NRK · Hans Solbakken
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira