– Det er nokre ting som er sånn: «Det passar jo aldri».
Det var det Ingrid Landmark Tandrevold eigentleg tenkte om å vere med på reality, men etter OL-sesongen takka ho likevel ja til 71 grader nord og drog rett på innspeling etter NM i april.
– Eg kjente at etter i år hadde eg berre lyst til å gjere noko heilt anna. Berre å kople heilt ut og det er ingenting som får deg meir over på noko anna enn å gå inn i realitybobla, fann eg fort ut, seier skiskyttaren.
Denne hausten har TV-sjåarane kunne sjå henne kjempe seg gjennom Noregs land, i skog, på vatn og opp fjell. Gjerne med fleire av sekkane og utstyra til lagkameratane lessa på ryggen – samtidig som ho motiverer andre.
– Eg har jo vore på eit lag eigentleg nesten heile mitt liv. Og det er jo liksom heile konseptet med lag, har eg tenkt, at kanskje bidraget mitt inn i laget er at eg kan bere sekker. Og så er kanskje andres bidrag på andre område, forklarer ho.
BIDROG: Ingrid Landmark Tandrevold har fått mykje ros under deltakinga si.
Foto: Matti Bernitz / DiscoveryHåpar ho får sjølvtillit
Både Tandrevold og skiskyttarkollega Vetle Sjåstad Christiansen har no komme seg til finaleveka i programmet, men resultatet har dei ikkje lov til å snakke om.
– Ho er jo altså så rå som eg visste ho var. Altså ho kan snakke seg så mykje ned ho vil, men eg veit at ho er den beste på tur, og spesielt med kart og kompass, rosar Christiansen.
LAGÅND: Ingrid Landmark Tandrevold i samtale med Henrik Ingebrigtsen under ein av episodane frå sesongen i haust av 71 grader nord.
– Eg håpar ho klarer å ta med seg dei gode opplevingane frå 71 grader nord inn i idretten. At ho får like stor sjølvtillit med børsa på ryggen som med tre sekker på ryggen, legg han til.
Tandrevold kjenner tilbakemeldingane har vore gode, og trur dei som kjenner henne, kjenner henne igjen på godt og vondt.
– No har ikkje eg tråla gjennom kommentarfelt på nokon som helst måte, seier ho og legg til:
– Det har eg bevisst unngått, men det har vore artig å sjå på (på TV).
PROFIL: Ingrid Landmark Tandrevold er klar for å gyve laus på ein ny skiskytingssesong.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK– Kjem til å angre
Det synest også den nye trenaren til laget Marthe Kristoffersen. Ho vann sjølv programmet i 2018 og har late seg imponere.
– Eg trur eg skal begynne å sette lista litt høgare, vere litt strengare med Ingrid, for ho toler meir enn alle trur. No kjem ho til å angre på at ho var med, for ho har vist ei ny side av seg sjølv, meiner Kristoffersen og ler.
– På kva måte ei ny side?
– Ho er jo beintøff. Eg veit at ho er det på trening og elles òg, men dette er eit nytt nivå.
GOD TONE: Ingrid Landmark Tandrevold saman med trenar Marthe Kristoffersen under høgdesamling i Lavaze.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK- Sesongopninga for skiskyttarane på Geilo blir vist på NRK til helga, laurdag frå klokka 11.15.
Vakse opp med orientering
Tandrevold har alltid elska å vere ute i naturen og brukar gjerne feriane i skog og mark saman med mannen sin Trygve. Ho fortel at ho trivst i situasjonar der ein må jobbe for dei prekære behova.
– Eg har jo alltid vore på tur. Eg har vore på søndagstur ... No høyrest det ut som eg er 70 år, men eg har vakse opp med at vi er på tur på søndagar. Og så har vi sprunge orienteringsløp på laurdagar. Og sånn har det alltid vore, forklarer Fossum-løparen.
For Tandrevold har tur, ski og orientering alltid vore ein del av livet.
PrivatMen når sesongen no startar er det berre skiskyting som gjeld. Til helga startar det heile på Geilo, og søndag blir finalen i 71 grader nord sendt på TV.
– Eg starta vel sesongoppkøyringa med spesifikk trening ganske mykje seinare enn eg ville gjort, ettersom eg i staden for å ha ferie og la kroppen kvile, så valde eg å gå opp og ned fjell. Så eg måtte jo ta litt omsyn til det i ettertid. Men det er utruleg mykje god grunntrening i å gå i fjellet, seier Tandrevold.
– Og no kjenner eg forma er bra.
Publisert 11.11.2026, kl. 05.21
Source: NRK · Hanne Skjellum
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira