Instagram har kåra årets 25 mest tonegjevande røyster.

I juryen sit tungvektarar som motedesignar Donatella Versace og rapparen A$AP Rocky.

Og blant dei utvalde: Erling Braut Haaland.

– Han er jo på mange måtar ikkje lenger «berre» ein fotballspelar.

Det meiner Ida Elise Eide Einarsdóttir, moteredaktør i KK.

– Spesielt etter fotball-VM-et i sommar vaks Haaland-merkevara til enorme dimensjonar. Med det blir grensene viska mellom sport, mote og kultur ut og han blir på ein måte større enn seg sjølv.

HYLLER: Moteredaktør i KK, Ida Elise Eide Einarsdóttir, meiner Erling Braut Haaland har ein heilt spesiell x-faktor.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Ifølgje Instagram er målet med kåringa å heidre profilar som viser kreativt mot og pregar kulturen på plattforma.

Juryen trekkjer fram Haaland fordi han «foreiner fotball, humor og ein særeigen personlegheit som skil kontoen hans frå andre, både innanfor og utanfor idretten.»

STJERNETUNGT: Donatella Versace og A$AP Rocky er blant dei som har røysta fram Erling Braut Haaland.

Scott A Garfitt / AP / Angela Weiss / AFP

– Forstår kva som skal til

At 26-åringen når gjennom støyen i sosiale medium, overraskar ikkje forskingsmiljøet.

Mathilde Hogsnes forskar på sosiale medium ved Høyskolen Kristiania. Ho meiner Haaland verkar meir personleg enn mange andre.

– Dette gir ofte innhaldet større verdi og bidreg til å styrke relasjonen til følgarane, meiner Hogsnes.

FOLKELEG: Forskar, ved Høyskolen Kristiania, Mathilde Hogsnes, meiner Haaland skil seg ut ved å virke personleg og upolert.

Foto: Jonatan A. Quintero / Jonatan A. Quintero

Forskaren peikar på at Haaland meistrar balansegangen mellom toppidrett og folkelegheit.

– Han kombinerer humor, sjølvironi og profesjonalitet på ein svært god måte. Han lèt følgjarane bli kjende med han som person.

– Han er også god til å nytte seg av mems og narrativ som florerer rundt han. Det er tydeleg at han forstår kva som skal til for å nå ut med innhaldet.

Planlagt spontanitet

Utmerkinga er synleg på Haaland sin eigen Instagram-profil, med både gullring rundt profilbiletet og blå bakgrunn på kontoen.

Haaland er i variert selskap på lista over dei 25 som er plukka ut, som femnar alt frå moteskaparar, fotografar, skjønnheitsprofilar og komikarar.

Felles for dei 25 er at dei ifølgje Instagram bryt med det tradisjonelle og føreseielege innhaldet, og heller bruker plattforma som eit ufiltrert, kreativt lerret innanfor sjangrane sine.

GULL OG BLÅ: Erling Braut Haalands Instagram blir pryda av både ein gullring rundt profilbiletet og blå bakgrunn på profilen.

Foto: Skjermdump fra Instagram

Samstundes er det neppe berre slump som ligg bak feeden til ein av dei største idrettsprofilane i verda.

– Mykje av innhaldet verkar spontant og ekte, men det er nok samtidig mykje ved både innhaldet og personen som blir framstilt, som er nøye planlagt. Sannsynlegvis er det ein god kombinasjon av strategisk planlegging og spontanitet, påpeikar Hogsnes.

Desse sit i juryen:

  • Scott A Garfitt / AP / NTB

    Donatella Versace

    Italiensk motedesignar

  • ANGELA WEISS / AFP / NTB

    A$AP Rocky

    Amerikansk rappar

  • Evan Agostini / AP / NTB

    Emily Adams Bode Aujla

    Amerikansk motedesignar

  • Jordan Strauss / AP / NTB

    FINNEAS

    Amerikansk songar, låtskrivar og produsent

  • SAMEER AL-DOUMY / AFP / NTB

    Chloé Zhao

    Kinesisk filmregissør

  • Evan Agostini / AP / NTB

    Mikaela Shiffrin

    Amerikansk alpinist

  • John Shearer / AP / NTB

    OSGEMEOS

    Brasilianske kunstnarbrødre

  • Evan Agostini / AP / NTB

    Adam Mosseri

    Amerikansk forretningsperson og dagleg leiar av Instagram

  • Willy Sanjuan / AP / NTB

    Charm La’Donna

    Amerikansk dansar og koreograf

  • Evan Agostini / AP / NTB

    Eva Chen

    Amerikansk journalist og forfattar

  • ALIAH ANDERSON / AFP / NTB

    Will Welch

    Amerikansk magasinredaktør for GQ

  • Scott A Garfitt / AP / NTB

    Isamaya Ffrench

    Britisk sminkør og designar

  • Evan Agostini / AP / NTB

    Vikas Khanna

    Indisk kjendiskokk

  • Scott A Garfitt / AP / NTB

    Jack Edwards

    Britisk YouTubar, influensar og forfattar

Merkevara Haaland

Haaland har ved fleire høve vist at han er interessert i å kle seg i meir enn berre sveitte fotballstrømper.

Som då han etter VM dukka opp på Sicilia for å vere til stades ved Dolce & Gabbanas moteshow. Den gongen i selskap med blant anna kjærasten Isabel Haugseng Johansen og landslagskamerat Sander Berge.

DUKKA OPP: Saman med Isabel Haugseng Johansen og Sander Berge.

Faksimile: Dolce&Gabbana/Youtube

Einarsdóttir meiner nettopp dette, kombinert med kompromissløysa på fotballbanen, er suksessoppskrifta.

– Han har X-faktoren, kort oppsummert. Og det gjer han interessant også utanfor fotballen. Det opnar potensielt sett ei heil rekke med dører for han.

Forskar Hogsnes er einig i at kombinasjonen treffer kommersielt.

– Han opplevast som likande, folkeleg og morosam, og har eit veldig attkjennande uttrykk. Sånn sett når han ut til mange og blir lett attkjend. Dette dreg merkevarer nytte av.

– Eg trur vi berre har sett byrjinga på påverknaden hans innan både mote og kultur. Like mykje utanfor som på banen, avsluttar Einarsdóttir.

Publisert 08.11.2026, kl. 07.37

Source: NRK · Ingvild Marie Svardal

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira