Politiet melder at ein av dei tsjekkiske statsborgarane, som har vore sakna etter ei båtulykke utanfor Grip på Nordmøre, er funnen omkomen.
Vedkomande skal ha blitt funnen i sjøen i Vestvågøy kommune i Nordland førre veke. Politiet har fått identifisert personen og kan slå fast at det er ein av dei sakna.
Fire fisketuristar reiste ut frå Averøy 18. september og blei meldt sakna då dei ikkje kom tilbake. Båten blei seinare funnen i sjøen, saman med ein av dei sakna, som var omkomen.
Source: NRK
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira