På førehand var det spådd ein tett duell om Gullballen, mellom Lamine Yamal, Harry Kane og Kylian Mbappé.

No er det klart at Harry Kane stakk av med den største prisen, som verdas beste fotballspelar.

– Tusen takk for alle som stemte på meg. Eg har veledig mange gode lagkameratar som er med på lasset. Eg er stolt over å spele for Bayern Munchen, sa Kane etter at han mottok prisen.

Han er den første engelskmannen på 25 år til å vinne prisen. Den gongen var det Micheal Owen som gjorde det.

Foto: TOBY SHEPHEARD / AFP,NTB

Fotballekspert Lars Tjærnås er heilt einig i avgjerda.

– Eg stemte på Kane. Etter mi meining den som leverte på aller høgaste nivå aller mest hyppig gjennom sesongen. Har dessutan gjort spissrolla til noko nytt- ei blanding av avsluttar og playmaker, seier han.

På kvinnesida var det Alexia Putellas som vann. Ho briljerte i Barcelona førre sesong og bytta klubb til engelske London City Lionesses i sommar.

Caroline Graham Hansen vart nummer seks.

TRE: Tre gullballar har Putellas vunne i karrieren.

Foto: AFP

Erling Braut Haaland har i fleire år prega toppsjiktet av verdas mest prestisjetunge prisutdeling i fotball. Det gjorde han også i år, enda topp 10, men det var eit lite stykke opp til toppen.

Han var heller ikkje blant dei aller største favorittane på førehand.

– Eg stemte han som nummer to. Kanskje bitte litt norske briller, men berre ørlite. Hans høstsesong og VM gjer at han fortener å vere helt i toppen, forkarar Tjærnås.

TOPP 10: Erling Haaland enda igjen topp ti på Gullballen.

Foto: Bildbyrån

Før kveldens prisar blei gjeve ut brukte den brasilianske Ronaldo Nazário store ord om Haaland.

– Eg elskar han. Eg likar ham så mykje. Han øydela oss i VM. Han gjer det kjempebra, og er ein så fin fyr, sa Ronaldo til TV 2.

NRK følger Gullballen-utdelinga direkte her.

Her er resten av vinnarane:

  • Årets unge spelar, herrar: Lamine Yamal (Barcelona)
  • Årets unge spelar, kvinner: Vicky López (Barcelona)
  • Årets kvinnelege trener: Pere Romeu (Barcelona)
  • Årets mannlege trener: Luis de la Fuente (Spania)
  • Årets kvinnelege keeper: Cata Colla (Barcelona)
  • Årets mannlege keeper: Unai Simon (Spania/Athletic Club)
  • Sokrates-prisen: Bukayo Saka (Arsenal) for hans arbeid for barn og unge, blant anna via prosjektet BigShoe Projects.
  • Årets kvinnelege klubb: FC Barcelona
  • Årets mannlege klubb: PSG
  • Årets kvinnelege målscorar: Charlyn Corral (Pachuca)
  • Årets mannlege målscorar: Harry Kane (Bayern München)

Dei 30 nominerte på herre og kvinnesida blei sakte men sikkert plassert på resultatlista utover kvelden, før det til slutt står igjen ein vinnar, som dreg av garde med Gullballen.

Den raude løparen i forkant av prisutdelinga pleier å vere smekkfull av celebre gjestar, her eit knippe av dei.

  • Alexia Putellas har vunnet Ballon d'Or to ganger (2021 og 2022.) Hun er også en av favorittene til å vinne i kveld.

    Foto: Reuters
  • Scarlett Camberos som til vanlig spiller i Club America.

    Foto: Reuters
  • Andriy Shevchenko hadde på seg finstasen.

    Foto: AP
  • Alan Shearer var også på plass.

    Foto: AP
  • Der var også Robbie Keane.

    Foto: AFP
  • Chelsea-spillerne Veerle Buurman, Manaka Matsukubo, Hannah Hampton og Melvine Malard.

    Foto: AP
  • Ronaldo Nazario var også å finne på den røde løperen.

    Foto: AFP

Historisk sus

Gullballen, på fransk «Ballon d'Or», har blitt delt ut sidan 1956. Verdas beste fotballballspelar vert kåra av journalistar frå heile verda.

SIGER: Ousmane Dembélé vann Gullballen i fjor.

Foto: AFP

I fjor kom Haaland på 26. plass, som er hans dårlegaste plassering sidan han vart nominert for første gang tilbake i 2021. I 2023 enda han som nummer to, bak Lionel Messi som vann VM den sesongen.

Caroline Graham Hansen vart nominert for første gang i 2024 og kom på 2. plass. I fjor vart ho nummer 13.

I fjor vann franske Ousmane Dembélé den gjeve prisen for herrane og Aitana Bonmatí for kvinnene.

Lionel Messi er den spelaren som har vunne flest med 8, Cristiano Ronaldo har 5.

Publisert 26.10.2026, kl. 19.40 Oppdatert 26.10.2026, kl. 23.54

Source: NRK · Fredrik Kårstad Lilleaasen, Jarle Fredagsvik, Christian Aras Shuany

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira