– Det er mange som kjempar om den prisen, seier Martin Ødegaard til NRK.

Det har Arsenal-kapteinen heilt rett i. 30 kvinner og 30 menn er nominerte til den gjævaste individuelle prisen i internasjonal fotball: Ballon d’Or, Gullballen.

Prisen vert delt ut i London måndag kveld. Klubbane og spelarane vert vurdert frå august 2025 til juli 2026.

To av dei nominerte spelarane er norske: Erling Braut Haaland og Caroline Graham Hansen. Måndag kveld vil det vise seg om dei når opp.

– For meg er Erling ein av dei aller beste i verda. Som målskårar så er det ingen som kan måle seg, det har han vist i lang, lang tid, seier Martin Ødegaard til NRK.

Foto: BILDBYRÅN

Lionel Messi har flest gjennom tidene med åtte. Ronaldo har fem. I år blir det mest sannsynleg ein heilt ny vinnar.

Den aller største norske prestasjonen kan bli Bodø/Glimt, som kan få tittelen årets klubb.

Mange store kandidatar

Tunge norske stemmer er enda tydelegare enn Ødegaard når det gjeld posisjonen til Noregs spydspiss.

– Han vann to titlar i England, toppskårar i Premier League og skåra sju mål for eit lite land i VM, så kan det ikkje vere mange over, i alle fall, seier landslagssjef Ståle Solbakken til NRK.

– Kven held du på topp tre?

– Det er heilt uinteressant for meg, men kven er det da? Det er Haaland, Mbappé pluss nummer ti på Barcelona kanskje (Lamine Yamal).

Foto: Lise Åserud / NTB

Jan Åge Fjørtoft er sikker på kven han meiner bør vinne prisen.

– Erling Haaland bør vinne Ballon d’Or. To trofé i England førre sesong. 58 mål for klubb og landslag. Blei ei global superstjerne under VM, der han spelte ei enorm rolle på Noregs veg til kvartfinalen. Gi han Ballon d’Or, skriv han på X.

Men det er ein 33-åring Solbakken og Fjørtoft har gløymd som er den aller største favoritten.

Kan han endeleg vinne?

For Harry Kane er den toppar førebels bookmakerlistene på herresida, noko New York Times er einige i.

Førre sesong scora han 64 mål og slo åtte målgivande pasningar på 56 kampar.

Foto: Carina Johansen / Carina Johansen / NTB

Han vann Bundesliga og den tyske cupen med Bayern München. I VM scora han seks mål for England som tapte semifinalen mot Argentina.

– Han er den soleklare vinnaren. Tala hans taler for seg sjølve, og året han har levert har vore heilt oppsiktsvekkande. Når du speler saman med han, innser du kor god han er, og når du speler mot han, merkar du kor krevjande det er, seier Arsenal og England spelar Declan Rice overfor TNT.

På New York Times si liste er Haaland nummer seks.

Bodø/Glimt, Arsenal eller PSG?

På kvinnesida er det Alexia Putellas og Patri Guijarro som er hovudfavorittane, ifølge New York Times. Barcelona-stjernene hadde ei praktsesong med serietittel og Meisterliga-triumf for den spanske giganten.

I sommar bytta Putellas ut Barcelona med Englands nye storlag London City Lionesses.

Foto: LLUIS GENE / AFP,NTB

Caroline Graham Hansen leverte også varene på eit suverent Barcelona og er inne blant dei ti største favorittane, men litt bak dei alle største ifølge New York Times.

Ada Hegerberg var den første kvinna som vann Gullballen, tilbake i 2018.

I kategorien årets lag for menn, er Bodø/Glimt i eit svært selebert selskap.

Laget var fjorårssesongens store overrasking i Meisterligaen og tok seg heilt til åttedelsfinalen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Dei andre nominerte er nemleg Paris Saint-Germain, Bayern München, Arsenal og brasilianske Flamengo.

Den prisen har blitt utdelt fem gonger før, til Paris Saint-Germain (2025), Real Madrid (2024), Manchester City (2022 og 2023) og Chelsea (2021).

Totalt er det ti prisar som vert delt ut i London måndag kveld.

Publisert 26.10.2026, kl. 06.00

Source: NRK · Egil Sande, Anders Skjerdingstad, Fredrik Kårstad Lilleaasen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira