Ved midnatt norsk tid torsdag lanserte Rockstar spelet Grand Theft Auto VI, «GTA 6»

Spelet er hylla av kritikarane, og i Noreg har folk teke fri frå jobb denne veka for å spele.

På Stjørdal i Trøndelag har sambuarparet Daniel Bratreit og Maria Moen signert ein spesiell avtale.

I kontrakten paret viser NRK, står det blant anna at Daniel kan spele så mykje Grand Theft Auto han vil i ti fulle dagar.

Sambuarparet synest sjølv at avtalen dei har inngått fungerer fint.

Foto: Privat / NRK

Maria har signert på at ho ikkje skal gå føre TV-skjermen, spørje Daniel om hjelp eller slenge ut kommentarar om spelet frå 19. til 29. november.

– Det er nokre månader sidan eg skreiv under på den kontrakten, men eg masar jo på han kvar dag elles i året, så han skal få ti dagar fri i alle fall, seier Moen.

Gløymde seg

Det er anslått at utviklarane brukt meir enn ein milliard dollar på utviklinga av Grand Theft Auto VI.

Dei neste dagane er lagde til rette for at Daniel skal få nyte kvar krone.

Kontrakten er også omtalt i Bladet. Den varer fram til 29. november – men da er det tilbake til normalen.

– Og var det verdt det?

– Eg synest det var ganske bra, men det kunne vore litt betre. Eg forventa litt meir av spelet. Dei har jo brukt veldig lang tid på det. Hypa har gått opp veldig mykje, og mange blei skuffa då det kom ut, fortel han.

Likevel skal han nyte godt av avtalen framover.

– Det er fleire av kompisane mine som også har ein slik kontrakt, fortel han.

«I can play GTA as much as I want» står det i kontrakten para har skrive under på.

Foto: PRIVAT

Sambuaren har heller ikkje kravd noko i gjengjeld for raustleiken.

– Når eg masar, er han flink til å hjelpe til. Han gjer jo det elles og, så han skal få ti dagar fri no.

– Han får jo oppgåver frå meg, men eg fekk litt kjeft i går da eg gløymde meg og spurde om ei teneste under gaminga. Da nemnde han kontrakten, fortel ho.

I GTA VI speler ein som kjærastparet Lucia (bildet) og Jason.

Foto: Rockstar

For oppteke av detaljar

Psykolog og parterapeut Andreas Løes Narum seier at slike kontraktar kan vera ei god løysing for enkelte par.

– Eg snakkar med mange som slit med at det veldig ofte er mannen som er speleavhengig, og som heller vil spela enn å gjera ting saman med familien.

Han synest ein avtale om å få spela GTA i ti dagar er rausa gjort av sambuaren.

– Han kjem til å spela igjen når kontrakten går ut. Då blir spørsmålet kor mykje han får lov til å spela utan at det går utover forholdet. Ho vil jo også venta at han er blid og har lada batteria når dei ti dagane har gått, seier Narum.

Andreas Løes Narum møter mange par som synest den andre parten bidreg for lite. Til slutt endar det med at dei søkjar hjelp frå ein parterapeut.

Foto: Arild Opheim / NRK

Ifølgje parterapeuten er det særleg husarbeid, økonomi og sex folk flest krangel om.

– For mange har husarbeidet vorte ei evigvarande rettssak. Det blir veldig detaljfokusert, og ein snakkar for det meste om kven som har gjort kva. Begge kan enda opp med å kjenna seg usynlege, og det er aldri ein god situasjon å hamna i.

– Unngå å hamna i ei rettssak

Narum meiner derfor det kan vera nyttig for par å ta ein runde på korleis dei ønskjer å fordela oppgåvene heime.

Medan nokon treng tydelege retningslinjer og avtalar, finn andre løysingar som fungerer godt utan å ha så faste rammar, forklarer han.

– Det viktigaste er at ein ikkje hamnar i ei evig rettssak om kven som har rett, eller byrjar å krangla om kven som gjer mest. Ein må klara å finna ei ordning som fungerer for begge.

– Kva er ditt råd til par som bur saman?

– Unngå å hamna i ei rettssak som går på automatikk der ein peikar på kva kvar enkelt har gjort og ikkje gjer. Snakk heller saman og prøv å finna ei løysing før ein endar opp med full konflikt.

Publisert 21.11.2026, kl. 10.36

Source: NRK · Morten Karlsen, Oliver Rønning, Julie Refseth

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira