– Eg grøssar langt nedover ryggen over desse ulykksalige bilda av startoppstillinga til walisarane, seier Steinar Bjerkmann til NRK.
Han uttaler seg med glimt i auget, men i djupaste alvor.
Bjerkmann er til dagleg kommunikasjonsrådgivar i Skiforbundet, men også ein av dei fremste lagbilde-entusiastane i landet.
ENTUSIAST: Steinar Bjerkmann har skrive i ei årrekke om lagbilde på X.
Foto: Geir Olsen / Geir Olsen / NTBFor dei som følger Bjerkmann på X, er det velkjent at han har sansen for estetikk og symmetri når spelarane stiller seg opp til lagbilde.
Derfor får han nærast ein fysisk reaksjon når han ser bilda av Wales-spelarane, som gjestar Ullevaal stadion laurdag kveld.
– Det var morosamt eit par gonger. No ristar eg berre på hovudet. Det går sport i noko som tidvis set litt fart i sosiale medium. Så dei oppnår vel det dei er ute etter. Varme tankar til fotografane, smiler Bjerkmann.
FIRE BAK OG SJU FRAMFOR: Wales stiller seg opp for fotografane i fotball-VM i Qatar i 2022.
Foto: Icon SportSlik starta det
Mens dei norske spelarane ofte stiller seg opp med seks mann bak og fem framfor, legg walisarane si stoltheit i å gjere bilda alt anna enn symmetriske.
Nokon står på huk, andre står bak – gjerne med store avstandar mellom kvarandre.
FASIT?: Noregs lagbilde før bortekampen mot Wales var nok nærare fasit for Steinar Bjerkmann enn det Wales har servert i det siste.
Foto: Lise Åserud / NTBMen kvifor gjer dei det?
Ben Davies, Wales-kaptein og Tottenham-stjerne, smiler når NRK spør om lagbilda.
Han bedyrar at spelarane ikkje har nokon plan når dei entrar graset og stiller seg opp føre fotografane.
GODT HUMØR: Kaptein Ben Davies smilte lurt då lagbilda blei tema på pressekonferansen før kamp.
Foto: Thomas Fure / NTBDavies forklarer bakgrunnen for den årelange tradisjonen slik:
– Eg trur det starta med at gutane tabba seg ut på eit lagbilde den gongen vi hadde Gareth (Bale) på laget. Så vann vi den kampen, og sidan har det berre vore overtru. Ikkje noko meir.
Dei absurde bilda har dukka opp med jamne mellomrom i rundt ti år. Og innimellom går altså bilda viralt.
Førre landslagssamling var det fleire store medium som omtalte det herlege kaoset som gjekk føre seg framfor fotografane.
– Vier det inga merksemd
Wales-manager Craig Bellamy rakk aldri å vere ein del av tradisjonen då han var stjernespiss på laget.
Bellamy sjølv bryr seg fint lite om kva spelarane gjer på lagbildet.
– Eg vier det inga merksemd. Det er det dei gjer, det er greitt. Så lenge dei er komfortable er eg komfortabel, seier han til NRK.
Lagbildeentusiast Bjerkmann er på ingen måte komfortabel og håpar det snart blir ein slutt på det heile.
– Dei bør starte med 0–2 til avspark mot Noreg. Lagbildepolitiet er ikkje fornøgd for å seie det slik, seier han.
Det er ikkje berre lagbildet til Wales det er knytt spenning til laurdag kveld.
Etter at Noreg tapte 1–2 borte mot Wales, ligg Ståle Solbakkens menn på sisteplass i gruppa si i Nasjonsligaen.
Skulle derimot Noreg vinne med to mål eller meir mot Wales laurdag, så vil dei vere sikra minst tredjeplass i gruppa. Og med det bli førsteseeda i EM-kvalifiseringa til meisterskapen i 2028.
Kampen kan du høyre på radiokanalen NRK Sport frå klokka 18.00.
Publisert 14.11.2026, kl. 14.53
Source: NRK · Lars Bryne, Magnus Hopland Ødegård
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira