– Det er rart. Eg har skildra det litt som kjærleikssorg, ikkje at eg har hatt så mykje av det tidlegare, ler Morten Scott Janssen.
Han har vore i eit årelangt forhold med Ullevaal stadion.
– Då vi byrja her, så var det jo ikkje storskjermar ein gong. Det har mildt sagt vore litt utvikling.
FERDIG: Ein æra er over for Morten Scott Janssen.
Foto: Pål Martin Rossing / NRKOg som i så mange andre forhold, kan Janssen fortelje om både oppturar og nedturar.
– Har sett mange dårlege fotballkampar
– Her har eg sete i nokre år, seier Morten Scott Janssen og tek på stolen med den kanskje aller beste utsikta over Ullevaal stadion.
Ullevaal-speakeren har invitert NRK inn til det aller heilagaste.
– Eg har vore hovudspeaker sidan 2014, så i 13 sesongar. Og så var eg på indre bane i ein 7–8 år før det, fortel han.
I 20 år har radiomannen Morten Scott Janssen jobba på Ullevaal rundt Noregs største fotballkampar.
– Så eg har sett mange dårlege fotballkampar. Heldigvis nokre bra òg då, legg han til.
TILBAKEBLIKK: Her er Morten Scott Janssen med ein nokon yngre Kristoffer Vassbakk Ajer på kampprogrammet før Australia heime i 2018. Ola Kamara skåra hat trick, og danna spisspar med Bjørn Maars Johnsen.
Foto: Privat / NRK– Det er jo dei siste to eller tre åra som har vore bra. Før det har det vore ganske traurig, innrømmer Janssen.
– For å seie det mildt.
Tapet mot Skottland i EM-kvalifiseringa for tre år sidan blir trekt fram som eit botnpunkt.
– Vi var liksom klare, og alle trudde at dette skulle gå bra, og så klarer vi å rote det bort på tampen der. Det gjorde ordentleg vondt i kroppen faktisk. Det er sjeldan det har gjort så vondt å tape.
NEDTUR: Tapet mot Skottland i 2023 er også av Ståle Solbakken trekt fram som det tyngste tapet som norsk landslagssjef. Her ein skuffa landslagskaptein Martin Ødegaard.
Foto: NTBDå hadde Janssen allereie sett over 15 år med nedturar på nedturar og glisne Ullevaal-tribunar.
No vel Janssen å gje seg på topp.
Fekk «kjeft» av pappa Ødegaard
Det var gjennom jobb i P4 at Janssen første gong blei involvert rundt dei store norske kampane på Ullevaal.
– Det er vel få som har lese så mange rare og vanskelege namn over høgtalar som det eg har gjort, seier han.
FØREBUINGAR: Janssen går gjennom notata sine før kamp.
Foto: Lars Bryne / NRK– Eg har sikkert sagt veldig mange namn feil òg. Det gjeld å berre ta fart og lese.
Men då han skulle lese eit purnorsk etternamn til ein noverande landslagsyndling, fekk han påpakning.
Mannen det er snakk om var den gongen eit barn, men er no kaptein for både Noreg og Arsenal: Martin Ødegaard.
– Det er éin av få gonger eg fekk litt kjeft etterpå, for då trykte eg til litt ekstra på «Martin ØDEGAARD!», og det likte ikkje pappa Ødegaard spesielt, fortel Janssen.
AUGEBLINK: Martin Ødegaard kjem inn mot Bulgaria i 2014. Debuten for Noreg fekk han i Stavanger nokre månader før, men dette var hans første kamp på Ullevaal.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB,NTBSlik han hugsar det, var det NFF som vidareformidla reaksjonen, og gav beskjed om at han skulle ta det rolegare neste gong.
– Martin var berre ein av alle andre, og han var trass alt berre 15 år den gongen, så det skulle ikkje trykkast til noko meir på han enn andre, var beskjeden.
– Eg trur han har tola det, det ser ut som det har gått greitt, ler Janssen no.
I ei melding til NRK skriv Hans Erik Ødegaard at han ikkje kan hugse situasjonen, men:
– Det kan godt vere at eg reagerte noko om at det blei for mykje, skriv Ødegaard.
Gjev seg på topp
For ein som har opplevd dei djupaste dalane til herrelandslaget, har det vore fantastisk å få oppleve utviklinga dei siste åra.
– Det har blitt ein heilt fantastisk atmosfære dei siste åra, så det er eg stolt av.
– Du gjev deg medan Noreg er på topp. Kvifor det?
– Det er vel akkurat difor, smiler Janssen.
BYTER SIDE: Janssen flyttar ut av speakerbua, og vil framover vere på pressetribunen i jobb for P4 når Noreg speler heimekampar.
Foto: Pål Martin Rossing / NRK– No får eg jo i alle fall fri ein 5–6 helgar i året som eg ikkje har hatt før, konkluderer han.
Publisert 16.11.2026, kl. 21.35
Source: NRK · Magnus Hopland Ødegård, Lars Bryne
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira