– Me reagerer sterkt på at avlivinga er vedteken utan at det først er tekne prøver av dyra i desse husa, skriv garden i ein pressemelding.

Tysdag vedtok Mattilsynet at garden må avlive 225.000 unghøner for å hindra smitte av fugleinfluensa.

No varslar A & A Salte Kyllingoppdrett at dei vil klaga på vedtaket.

Stavanger Aftenblad omtalte saka først.

– Me veit kor alvorleg fugleinfluensa er, og at det er Mattilsynet som bestemmer, skriv garden og legg til:

– Men det gjer ikkje fortvilinga noko mindre. Derfor arbeidar me no med ei klage.

Det pågåande utbrotet av fugleinfluensa er det største i Noreg nokon gong.

– Krevjande

Vedtaket om avliving av 225.000 unghøner kom tysdag kveld i ein pressemelding.

NRK har spurt tilsynet om korleis dei stiller seg til klaga, men det har ennå ikkje svart.

– Dette er ei sak Mattilsynet må handtera i tråd med reglane dei har, seier leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft.

Han påpeiker at Salte har rundt halvparten av marknaden for levering av verpehøner i Noreg.

Bondelagsleiaren seier at det ikkje vil få konsekvensar for levering av egg før jul, men at ein truleg vil merke det neste år.

Mattilsynet peiker på at fugleinfluensa er ein svært smittsam sjukdom som får store konsekvensar dersom smitta spreier seg som grunngiving.

– Regelverket har derfor strenge krav til korleis utbrot av denne sjukdommen skal handterast. Situasjon er svært krevjande for dei bøndene som har fått påvist smitte og for næringa som blir ramma av restriksjonane som følgjer av utbrotet, seier administrerande direktør i Mattilsynet, Ingunn Midttun Godal.

Det var 15. november at det blei påvist smitte av fugleinfluensa hos A & A Salte Kyllingoppdrett.

Tre hobbyfjørfehald som har fått dyr frå anlegget, må også avliva dyra sine, skriv Mattilsynet.

Mattilsynet vedtok avliving av 225.000 unghøner.

Foto: NRK

Får konsekvensar

Anlegget har to hus med produksjon av rugegg, og det er berre eitt av husa som er råka av vedtaket.

Vurderinga om avliving er mellom anna basert på ein særskilt risikovurdering frå Veterinærinstituttet.

Garden seier vedtaket om avliving får konsekvensar for andre bønder som ventar unghøner frå A & A Salte Kyllingoppdrett.

– Fleire kan bli ståande med tomme fjøs og utan produksjonen dei hadde planlagt.

A & A Salte Kyllingoppdrett seier at situasjonen er krevjande.

– Dette er ei frykteleg vanskeleg tid for oss. Me har 225.000 fine unghøner som no skal avlivast, skriv garden i pressemeldinga.

– Dyra et og drikk som normalt, dødelegheita er låg, og me har ikkje sett teikn til sjukdom i dei andre oppdrettshusa. Slik har det vore i alle dagane sidan smitten vart oppdaga i det første huset. Dette er dyr me har stelt og teke vare på kvar einaste dag, skriv dei vidare.

Publisert 25.11.2026, kl. 09.23 Oppdatert 25.11.2026, kl. 09.38

Source: NRK · Amalie Vadla Paulsen, Åse Karin Hansen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira