Uma Haugen legg seg ned på benken inne hos jordmorvakta i Seljord. Den komande mora synest babyen i magen har vore unormalt stille dei siste dagane.
Jordmor Gry Malmberg drar ultralydproben over magen på den gravide kvinna.
– No høyrer vi ein fin fosterlyd, og eg har fått to akselerasjonar. Det betyr at ho har det bra etter kva eg kan bedømme, seier Malmberg.
– Sidan du har hatt eit par dagar med lite liv, ringer eg til sjukehuset for å høyre om dei vil sjå på det, seier jordmora.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKHit til jordmorvakta kjem det kvinner frå fleire Telemark-kommunar: Vinje, Tokke, Kviteseid, Fyresdal, Seljord og Tinn.
Dei kvinnene som har meir enn 90 minutt reiseveg frå heimstaden til sjukehuset, har krav på at ei jordmor er tilgjengeleg heile døgnet og at ho blir med i bil til sjukehuset.
Ei slik følge- og vaktteneste er lovfesta.
Kvart år reiser over 2000 fødande kvinner til sjukehus med jordmor i bilen, viser ei oversikt frå Helsedirektoratet.
Sjølv om mange er fornøgde med tilbodet i Seljord, er det fleire som meiner at området er for stort, og at det går utover tryggleiken til gravide og fødande i distriktet.
Det er særleg knytt usemje til om Tinn bør vere ein del av ordninga eller ikkje.
Fryktar for tryggleiken til fødande
Djup usemje om organiseringa gjer at jordmødrene no er usikre på framtida si.
– Eg fryktar for jobben. Det er tungt å ikkje vite om vi har arbeid om eitt år, seier Malmberg og tittar bort på kollegaene.
Helene Mølster Byggland, Merete Kaste og Gry Malmberg kjenner seg sette i ein uventa situasjon.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Helene Mølster Byggland, Merete Kaste og Gry Malmberg kjenner seg sette i ein uventa situasjon.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Merete Kaste fortel at ho brenn for yrket. Sjølv meiner ho at dei har kapasitet til å handtere området dei har fått ansvar for.
– Det er vanskeleg å tenke på at ei teneste som har fungert så godt i så mange år no kan forsvinne, saman med tryggleiken gravide i området har hatt, seier jordmora.
Åse Versto Kringlegarden (Sp) er derimot blant dei som meiner avstandane blir for store og ber sjukehuset endre på ordninga.
– Eg fryktar at ei gravid eller fødande kvinne ikkje får hjelp i tide.
Åse Versto Kringlegarden
kommunestyrerepresentant for Senterpartiet
Vinje kommune
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Meiner ordninga er forsvarleg
Jordmødrene i Seljord har sidan april i år hatt ansvar for eit område som i areal er nesten 9000 kvadratkilometer stort.
Sjukehuset Telemark har gjort risikovurderingar og meiner det er forsvarleg.
Avdelingsleiar for jordmorsamarbeidet, Helene Mølster Byggland, seier ho har tillit til dei vurderingane som er gjort.
– Eg har forhalde meg til det sjukehuset har bestemt og har tru på at det er vurdert til å vere fagleg forsvarleg, seier Byggland.
– Vi har fokus på kvinnene og på å gi dei det tilbodet dei har krav på, sjølv om det stormar rundt oss og vi ikkje veit kva som skjer vidare, seier avdelingsleiaren.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
– Vi har fokus på kvinnene og på å gi dei det tilbodet dei har krav på, sjølv om det stormar rundt oss og vi ikkje veit kva som skjer vidare, seier avdelingsleiaren.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Ho vedgår at området er stort og ein markant auke frå tidlegare, men påpeiker at det ikkje er snakk om mange fødande likevel.
Tal frå kommunane viser at det i snitt har vore 134 fødslar i året dei siste ti åra.
– Vi har god kapasitet i tenesta vår. Sjølvsagt kan ein ikkje vite alt etter eit halvt år, men det seier noko. Vi har så langt ikkje fått klagar, og vi har fått gode tilbakemeldingar frå jordmødrene, seier avdelingsleiaren.
Til informasjon har Byggland sagt opp stillinga si og jobbar no ut oppseiingstida.
Håper sjukehuset snur
Åse Versto Kringlegarden (Sp) frå Vinje meiner ordninga ikkje er forsvarleg.
Ho fryktar ein situasjon der fleire fødande treng hjelp samtidig og at det på grunn av store avstandar tar for lang tid før hjelpa når fram. Spesielt bekymra er ho for vintrane med glatt føre og stengde vegar.
– Vi kan ikkje vente på at det uventa skjer og ordne oss med ein beredskap som ikkje fungerer når det verkeleg gjeld, seier ho.
– Vi har eit klart ønske om å halde på det samarbeidet vi hadde. Vi ønsker å bevare den viktige kompetansen til distriktsjordmødrene. Det er heilt avgjerande for jordmorberedskapen i distriktet, seier Kringlegarden.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
– Vi har eit klart ønske om å halde på det samarbeidet vi hadde. Vi ønsker å bevare den viktige kompetansen til distriktsjordmødrene. Det er heilt avgjerande for jordmorberedskapen i distriktet, seier Kringlegarden.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
– Vi blir pressa til ei organisering vi meiner ikkje er forsvarleg. Det finn eg meg ikkje i.
Tysdag i førre veke fremma Sp-politikaren eit forslag som fekk fleirtal i kommunestyret.
NRK har vore i kontakt med jordmødrer, som tidlegare har jobba hos vakttenesta i Seljord, som stiller seg bak vedtaket. Dei ønsker ikkje å uttale seg i saka.
Ordførar i Tokke kommune, Jarand Felland, stiller seg også bak vedtaket og seier han vil støtte eit liknande forslag i eigen kommune.
– Eg synest det er uheldig at Tinn er med i ordninga. Det blir for store avstandar og eit dårlegare tilbod til dei fødande, seier han.
Jarand Felland (Sp)
ordførar, Tokke kommune
Foto: Martin Torstveit / NRK
No håper både Felland og Kringlegarden at sjukehuset innfører att ei delt følgeteneste.
– Ingen grunn til å vere bekymra
Tom Helge Rønning er administrerande direktør ved Sjukehuset Telemark. Han reagerer på at Vinje bryt ut av avtalen.
– Det er eg overraska og svært skuffa over. Eg meiner avgjerda er basert på feil premissar og ikkje tar utgangspunkt i faglege vurderingar.
– Vi meiner tilbodet er godt og forsvarleg. Sett i samanheng med ambulanse- og legevakttenestene i området er dette den beste løysinga, seier Rønning.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
– Vi meiner tilbodet er godt og forsvarleg. Sett i samanheng med ambulanse- og legevakttenestene i området er dette den beste løysinga, seier Rønning.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Direktøren understrekar at det ikkje er aktuelt for sjukehuset å halde fram med avtalen med Vinje som vertskommune når han går ut i april.
– Fleire er uroa for at fleire kvinner treng hjelp på likt. Kva rutinar har de for det?
– Det er ingen grunn til å vere bekymra for samtidskonfliktar. Sjukehuset handterer slikt ofte og risikoen her er låg. Vi kan sende ut jordmor frå sjukehuset ved behov.
Vil kjempe vidare
Kringlegarden understrekar at politikarane i Vinje har lytta til fagfolk.
– Erfarne politikarar og jordmødrer med bakgrunn i Den norske jordmorforeininga, som har vore med på å lage retningslinjene for fødselsomsorga, samt jordmødrer som har jobba i Tinn og i Vest-Telemark, seier ho.
Ho legg til at dei kjem til å kjempe vidare for det dei meiner er forsvarlege jordmortilbod.
Hei!
Har du tankar om saka du har lese? Eller har du kanskje tips til noko anna eg burde sjekke ut?
Send meg gjerne innspel på e-post!
Publisert 20.10.2026, kl. 12.16 Oppdatert 20.10.2026, kl. 19.12
Source: NRK · Eline Molvær Løndal, Lars Tore Endresen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira