Då lyskomiteen i Surnadal skulle annonsere planane for årets sentrumspynt, gjekk det ikkje heilt som dei såg for seg.
Dei hadde valt å kalle det for vinterbelysning, fordi dei skal henge ute frå november til februar. Lys som varer til godt over jula har skapt debatt fleire stader. Så kom lokalavisa Tidens Krav med tittelen:
«Dropper ordet «julelys»: – Skal ikke trigge noen»
Då blei det ramaskrik. Mange tok til kommentarfelta med hets og påstandar om at ein vil jula til livs for å ta hensun . Politiske profilar som Espen Teigen og Per Sandberg har også gått ut og kritisert ordbruken.
Fleire har kasta seg på saka om lysdekorasjonane i Surnadal.
– Det ei kjempeoverrasking for meg å sjå reaksjonane, og til og med få dei hatmeldingane i innboksen min. Det er stygge meldingar.
Det seier Liv Dalsegg i den nemnde lyskomiteen. Det var ho som sa dei at dei ikkje ville trigge nokon, men mange fekk ikkje med seg kva dei eigentleg meinte.
Liv Dalsegg har engasjert seg som frivillig i lyskomiteen i Surnadal. Eller julelyskomiteen, om du vil.
Det handlar nemleg ikkje om at det er noko gale med jula. For Dalsegg elskar jula.
– Det var overhode ikkje politisk tenkt, eller anti-jul eller noko sånt. I fjor gjekk kommentarfeltet amok fordi vi skulle kalle det julelys, og ha det hengande til langt uti januar, seier Dalsegg.
Intensjonen hadde derfor ingenting med å ta hensyn til andre religionar og kulturar, som mange har tolka det som. For henne er det likegyldig kva ein kallar det, og sjølv brukar ho ordet julelys i desember.
– Mange meiner eg pyntar litt for tidleg til jul. Eg er glad i jula, ho betyr mykje for meg, seier Dalsegg.
Her er nokre Facebook-kommentarar under to nyheitsnettstader. I tillegg har det vore mange døme på hets.
Foto: FacebookAvisa beklagar
Tidens Krav gjorde endringar i saka etter publisering, for å tydeleggjere kva komiteen eigentleg meinte. Likevel gjekk toget vidare.
– Vi beklagar jo det, at det ikkje kom tydeleg nok fram i tittelen. Tanken til både arrangørane og oss var at det ikkje skulle trigge dei som blei trigga i fjor då dei kalla det julelys. Vi synest jo det er innmari trist at folk ikkje les sakene før dei hakker av garde, seier Ole Knut Alnæs, ansvarleg redaktør i Tidens Krav.
Ole Knut Alnæs er redaktør i Tidens Krav.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg– Det er på Facebook debatten verkeleg tar av. Altfor mange misforstår, og har lyst til å kaste seg inn i den debatten, held han fram.
Ikkje alle har eit pluss-abonnement hos lokalavisa på Nordmøre. Likevel haglar kommentarane frå heile landet.
– Det må jo dei stå for, at dei har lyst til å skape splittelse og den type debatt. Og det overraskar oss at det er så mange, også både kjende og profilerte personar, som vel å gjere det utan å lese artikkelen, seier Alnæs.
– Bør kunne kommunisere
Document.no-journalist Espen Teigen skreiv både sak, la ut video på Facebook og tok opp «julelys-gate», som han kallar det, på podkasten til Ole Asbjørn Ness. I videoen ber han Surnadal «slutte med den patetiske berøringsangsten» for ordet jul.
Han har høyrt forklaringa om det eigentleg var dei som reagerte på julelys i januar dei ikkje ville trigge.
– Dei klarte altså ikkje å få fram den forklaringa i heile artikkelen. Dette er oppegåande vaksne menneske, som bør kunne kommunisere på ein måte så andre folk forstår dei, seier Teigen.
Espen Teigen
journalist og programleiar, Document.no
Han synest det heile blei rotete, og meiner alt som blir henge opp rett før jul er julelys.
– Når dei sjølv sender ut ein presseinvitasjon kor dei kallar det julelys, så må kommunen komme ut og korrigere at det er vinterlys, når det ikkje ein gong er vinter, men haust, så blir dette berre fjas og tamt. Dei må ta seg saman og seie at dei dreit seg ut. Også går vi vidare og feirer jul, seier Teigen.
Podkasten Damer i Blått, distribuert av Document Media, har også lagt ut video på sosiale medium. Der snakkar programleiar Jannicke Almenning om at vi ikkje må ha berøringsangst for ordet jul, og at ein kan inkludere menneske frå ulike religionar og kulturar på andre måtar.
Den har ho fått nesten 1500 kommentarar på. Mange av dei går på innvandrarar, islam og integrering.
Jannicke Almenning
eigar og programleiar, Damer i blått
Foto: Privat
– Viss vi har misforstått dei, og nokon har misforstått oss, så er jo det veldig dumt, men eg meiner poenga består. For meg handla dette om kulturlause nordmenn som ikkje står opp for eigne tradisjonar, eige språk og eigen stoltheit, seier Almenning til NRK.
NRK har også forsøkt å få tak i Per Sandberg, men ikke lyktest.
– Folk seier vi er dumme
VG-kommentator Astrid Meland bur nettopp i Surnadal. Ho har skrive kommentaren «Nettkrigerne vil kansellere bygda mi». Ho meiner saka er eit døme på kor lita verda har blitt.
– Globaliseringa fører til at alt når ut. Ei lita bygd på indre Nordmøre, der nokon har sagt at dei vil kalle det for vinterlys i lokalavisa. Så eksploderer det, seier Meland.
Astrid Meland
Surnadaling og VG-kommentator
Foto: NRK
Ho synest det verkar som ein del nettkrigarar kastar seg begjærleg over det, og ønsker å bli trigga.
– Det er heilt sjukt med all den hetsen, skuldingane og sånt som har kome mot oss. Det er folk som seier vi er dumme, genetisk dårlege folk, at det må dreie seg om blodskam, og vi må berre leggast ned. Eg veit ikkje kva som får folk til å seie sånne ting. Ein gløymer at det er ekte folk med familie som lever her i kommunen, seier Meland.
Det Meland synest er ekstra trist, er at dette går utover eldsjeler som har jobba for å skape eit fint sentrum rundt juletider. Så blir dei henge ut.
– Ein blir litt motlaus. Eg trur for mange så har det blitt litt for mykje, dei synest ikkje det er gøy i det heile tatt, og orkar rett og slett ikkje å snakke meir om saka, seier Meland.
Torsdag blei vinterlysa, eller julelysa om du vil, tent i Surnadal.
Foto: Nathan LediardFått mykje støtte
Torsdag var det gått to dagar sidan ballen begynte å rulle. Då samla dei seg til ein liten folkefest for å tenne dei såkalla vinterlysa. Det var hornmusikk, pølser og mange frammøtte.
Første desember kjem også julegrana opp i Surnadal.
I kommentarfelta har også fleire surnadalingar forsøkt å ta til motmæle. Støtten lokalt har vore oppløftande for Liv Dalsegg.
– Eg har fått massiv støtte lokalt, frå vennar, kjenningar som sender meg meldingar, blomster og gir meg klemmar. Og det var stappfullt av folk på lystenninga som kom for å vise støtte. Det veg opp, seier Dalsegg.
Publisert 23.11.2026, kl. 13.04
Source: NRK · Marius André Jenssen Stenberg
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira