– Det er den verste stadionopplevinga eg har hatt på mine 251 kampar på Åråsen.
Det var fullt hus på Åråsen og tilsynelatande god stemning sjølv om Lillestrøm gjekk på sitt største tap på heimebane sidan ein septemberkveld mot Rosenborg i 2003.
Denne gongen var motstanden spanske Real Sociedad. 0-6 enda det.
Likevel var resultatet berre ei bisetning i frustrasjonen til mangeårige Lillestrømsupporter Haakon Jordbakke.
Som sesongkortinnehavar på Kanarifeltet og stor fan i nesten 30 år, var Jordbakke klar for full gass som ihuga supporter saman med 1900 andre på ståfeltet.
KANARIFANSEN: På ståfeltet står dei mest ihuga supporterane og syng kampen lang.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTB– Det er der eg alltid har stått. Då er det kjedeleg å gå glipp av den største motstandaren vi har hatt i den største turneringa vi har spelt i.
For det skulle ta lang tid før Jordbakke fekk sjå kamp – på ein heilt annan plass.
– Nokon har ikkje gjort jobben sin
Då han kom til stadion ein halvtime før start møtte han eit stappfullt Kanarifelt. Det var rett og slett ikkje plass til han der, sjølv om det var der han hadde billett. Og fleire med han måtte lide same skjebne.
Les Lillestrøm sitt svar lenger nede i saka.
– Vi var fleire som såg på kvarandre og spurde; kva er det vi skal gjere her? Det er jo altfor mange folk.
Dette la han ut på TikTok i etterkant av kampen.
Først vart han ståande i trappa som sild i tønne, noko som er strengt forbode under UEFA-kampar. Deretter vart han flytta inn mot midten av tribunen. Der var det heller ingen ledige plassar.
Til slutt enda han opp på eine kortsida, der vakta ikkje hadde fått beskjed om at han skulle få lov til å sitte.
– Eg måtte diskutere lenge før vi fekk finne oss plassar der. Det er jo nokon som ikkje har gjort jobben sin.
NRK har også spurt Lillestrøm korleis dette kunne skje. Dei tar sjølvkritikk og forklarar følgande:
SPANJOLAR: Det vart tøft i møtet med Real Sociedad og VM-vinnar Mikel Oyarzabal.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTBMåtte sjå kampen i reprise
Då hadde det gått ein halvtime av kampen og Real Sociedad hadde allereie scora to mål.
– Det øydela heile kampopplevinga mi. Ikkje at Real Sociedad hadde scora to, for vi visste det kom til å bli tøft. Men eg var ikkje med i kampen og måtte sjå heile i reprise i etterkant for å få med meg alt.
Der blei han sittande og såg fleire og fleire forlate ståfeltet, berre eit steinkast unna.
– Det er frustrerande å kike bort på Kanarifansen og sjå at veldig mange går tidleg, for då hadde dei fått nok. Då kunne du sett deg på din originale plass i staden.
GLAD: Haakon Jordbakke etter ein siger mot Vålerenga i 2023.
Foto: Privat / PrivatMange som ikkje hadde billett til ståfeltet hadde bevega seg bort dit for å vere blant dei songglade supporterane. Ei glede Jordbakke måtte sjå frå avstand.
– Det er jo ikkje min feil at folk har plassert seg der dei ikkje har plass. Har eg billett føler eg at burde kunne stå der eg har billett.
Lillestrøm tek lærdom frå kampen
Jordbakke er skuffa over Lillestrøm si handtering under kampen.
– Eg har aldri oppleva å ikkje bli høyrd eller ikkje fått den hjelpa ein skal ha på feltet.
I etterkant har han fått ei beklaging frå klubben og fekk bekrefta at det ikkje var seld meir enn dei 1900 klubben skulle selje til ståfeltet.
Publisert 24.10.2026, kl. 11.25
Source: NRK · Fredrik Kårstad Lilleaasen, Geir Jone Karlsen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira