– Eg har likt matte sidan barneskulen. Det har alltid vore tanken at eg skulle ta R1.

Årthun-Aura seier ho var opptatt av å ha alle moglegheiter opne, og valde derfor realfag.

Foto: NRK

Aisha Årthun-Aura går andre klasse på St. Olav vidaregåande skule i Stavanger.

Ho og medelev Idun Eikenes har vald R1-matte, eller såkalla realfagsmatte. Dei førebur seg til prøve når NRK er på besøk.

– Eg trur fleire blir mindre motiverte, men dei som er ambisiøse kjem nok uansett til å velje det, seier Årthun-Aura om fjerninga av tilleggspoeng i realfag.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg vil halde alle dører opne, og kunne studere det eg vil, seier Årthun-Aura om valet.

Men stadig færre tar same val i vidaregåande opplæring, og no opnar kunnskapsministeren for ei endring.

Kvilefag og jobbefag

– Det er jo dei som kallar dei andre faga kvilefag, og realfaga for jobbefag, seier Kari Nessa Nordtun.

Kunnskapsministeren er på turné. Regjeringa jobbar no med ein ny strategi for å få fleire elevar til å velje real- og teknologifag dei neste åra.

På Universitetet i Stavanger fekk kunnskapsministeren vere med inn på laboratoriet.

Foto: NRK

Blant det som no blir vurdert, er om ein skal gi fleire tilleggspoeng til dei som vel realfag.

I september i fjor blei det innført nye reglar for opptak til høgare utdanning, som trer i kraft frå og med studieåret 2028/2029.

I dag kan du få inntil 14 tilleggspoeng, men med dei nye reglane blir det mogeleg å få maksimalt fire tilleggspoeng.

Endring gjer at antal realfagspoeng blir halvert frå fire til to.

Men nå opnar kunnskapsministeren for ei mogleg endring, allereie før endringa har tredd i kraft.

– Betyr dette at de ønsker ei reversering allereie?

– Vi ser ikkje på ein reversering, vi ønsker å behalde tilleggspoenga både for realfag og for militærteneste, seier Nessa Nordtun og held fram:

– Men det vi ser på, er om fordelen ein oppnår ved dei tilleggspoenga er stor nok.

R1-klassen ved St. Olav vidaregåande skule førebudde seg til prøve då NRK var på besøk.

Foto: NRK

– Vi har fått tydeleg tilbakemelding frå sektoren på at poenga er for lågt vekta, i forhold til å kompensere for karakterulempa ved å velje realfag, legg ho til.

Ulempe ved å velje realfag

Forskarar ved CEMO ved Universitetet i Oslo har sett på karakterulempa ved å velje spesialisering i realfag i den vidaregåande skulen.

Rapporten ser på vitnemålet til realfagselevar mot dei som vel fag innanfor samfunnsfag, språk og økonomi, og kontrollerer for kor fagleg sterke elevane er.

Funna peiker på at det er vanskelegare å få gode karakterar i realfag. Dette blir i dag kompensert gjennom fire tilleggspoeng for realfag.

Frå og med 2028 blir desse altså halvert. Kullet som starta i vidaregåande skule hausten 2025 er dei første som blir omfatta av dei nye reglane

– Vi ser at poenga kanskje burde vere høgare knytt til realfaga, for å kompensere for den karakterulempa vi ser at dei som vel det har, seier kunnskapsministeren.

Nestleiar i Høgre, Henrik Asheim, meiner tilleggspoeng er ein av fleire gode verktøy for å få fleire til å velje realfag.

Henrik Asheim i Høgre.

Foto: Ulrik Widala Haug / NRK

Men han saknar noko vesentleg i regjeringas satsing: Læraren.

– Ein har fjerna opptakskrava og kutta i etter- og vidareutdanninga for lærarar i realfag. Det betyr at dei ikkje lenger har den same kompetansen til å vekke interessa hos elevane, seier Asheim.

– Få tilbake poenga

Elevane på St. Olav vidaregåande skule er klare på kva som skal til for at færre vel bort realfag.

– Få tilbake poenga, og gjer det meir attraktivt, seier Sindre Sørhus Haneberg.

Iven Fossan og Sindre Sørhus Haneberg har begge vald realfagsmatte.

Foto: NRK

Medelev Iven Fossan understrekar at nytta av faget framleis er stor for dei som har bestemte framtidsplanar, sjølv om poenga blir færre.

Iven Fossan vil bli ingeniør, og tar derfor R1-matte.

Foto: NRK

– R1 er jo bra for vidare studium. Eg har tenkt å bli ingeniør, seier Fossan.

Publisert 22.10.2026, kl. 12.25

Source: NRK · Berit Helle Jonsbråten, Ruth Einervoll Nilsen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira