Mykje nedbør og sterk vind har skapt store utfordringar for trafikken i nord det siste døgnet.

I går kveld fløymde vatnet inn i fleire bygg i sentrum. Vatnet fossa ut av kummar og inn i kjellarar og næringsbygg.

Lodve Riise er innsatsleiar i Sortland brann og redning og seier at det har vore ein fortvilande situasjon.

– Forsikringsselskapa har nok å gjere i dag, seier Riise.

– Fortvilande situasjon

Innsatsleiaren seier dei ikkje har oversikt over skadeomfanget.

Brannvesenet har forsøkt å hjelpe så mange som overhovud mogleg, men at vassmengdene har gjort det krevjande.

– Når infrastrukturen i marka ikkje klarer å svelgje unna vatnet, så blir det veldig lite å gjere. Om du pumpar kjellarane tomme, så renn det fullt igjen like fort. Så det er ein fortvilande situasjon.

Vatnet fossar ut av kummane på parkeringsplassen.

Foto: Jens Andre M. Birkeland

Ifølgje Riise var mange i sving for å ta unna vassmengdane med mellom anna traktorar, pumpehengarar og hjulgravar

Har vore ei lang natt

Han seier dei har oppdrag som strekkjer seg frå Vestmarka og ned til bygardar i sentrum. Riise er bekymra for konsekvensane.

– No er me i sentrum og pumper ut vatn. Om det renn inn i sikringsskap kan det få langvarige skadar.

Mykje vatn har samla seg i kummar og fløymer over.

Foto: Jens Andre M. Birkeland

Mellom anna står fleire heisar under vatn. I fleire bygg står hovudinntaket for straum under vatn, opplyser innsatsleiaren.

– No er det alle mann til pumpene, men dessverre kan ikkje alle få hjelp samtidig, seier innsatsleiaren.

Den verste vinden er truleg over

Men det verste er truleg over for denne gong, skal ein tru meteorologen.

Vinden som har herja i store delar av fylket, trekkjer no lenger nordover, fortel statsmeteorolog Christoffer Taraldsen ved Meteorologisk institutt.

Kartet viser regnbyene

I Finnmark er vinden framleis svært sterk, men også der vil det roe seg i morgon.

– Dersom du ser på Nordkapp nå, så ligg det på full storm og kring 35 meter i sekundet på vindkast, seier Taraldsen.

Regnvêret gir seg i Nordland i natt, og tysdag føremiddag blir det opphaldsvêr i Troms.

– Når det gir seg ordentleg, då er det ferdig, så me slepp at det regner fleire dagar etterpå, fortel han. Nordland får meir variert vêr utover veka, og det kan kome smånedbør torsdag og fredag.

Publisert 19.10.2026, kl. 22.28 Oppdatert 20.10.2026, kl. 09.53

Source: NRK · Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd, Marie Staberg

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira