Ungdomsrådet i Vestfold er samla på Færder vidaregåande skule på Nøtterøy.
På agendaen står mellom anna ei sak om anonym retting.
– Elevane seier sjølv at dei opplever ein såkalla «trynefaktor» når lærarane set karakterar, seier Felishia Ottem (19).
Ho er leiar for ungdomsrådet og styrer møtet frå plassen sin på enden av langbordet.
– Fylkeskommunen skal arbeide aktivt for å førebygge fråfall i vidaregåande utdanning, seier Sara Wangberg når saka hennar er oppe til votering.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRKFylkesdirektøren har anbefalt at det ikkje blir gjennomført forsøk med anonym retting av prøver i vidaregåande opplæring.
Ungdommane er usamde i innstillinga.
– Vi kjem til å forklare kvifor vi ønsker anonym retting av store prøver, slik at fylkestinget veit kva ungdomsrådet meiner før dei behandlar saka, seier Ottem.
Men meininga deira får truleg ikkje gjennomslag, skal vi tru ny forsking.
– Det er ikkje nokon vits i å ha ungdomsråd om politikarane ikkje har planar om å høyre på oss.
Jeppe Hagen Myhre (19)
Vestfold fylkeskommunale ungdomsråd
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
– Nedslåande funn
Sveinung Legard er blant forskarane på OsloMet som har gått gjennom 3000 saker frå 58 ungdomsråd rundt om i landet.
– Det vi har funne er nedslåande, seier han.
Ungdommane har dokumentert gjennomslag i berre 3 prosent av sakene.
– Enda meir nedslåande er at det er så skeivt fordelt. Rundt halvparten av sakene der ungdomsråda fekk gjennomslag, skjedde i berre tre kommunar og to fylke, seier Legard.
I tillegg fann dei ikkje noko gjennomslag på fire år i halvparten av kommunane og fylka.
– Funna er representative for kommune-Noreg. Dei fangar opp variasjonen i storleik, sentralitet, geografi og økonomi, seier forskaren.
Foto: Helle Westrum / NRK
– Funna er representative for kommune-Noreg. Dei fangar opp variasjonen i storleik, sentralitet, geografi og økonomi, seier forskaren.
Foto: Helle Westrum / NRK
Legard trur årsaka til låg gjennomslagskraft er at fleire kommunar slit med å få ordninga til å fungere slik ho er meint.
Han peiker på manglande ressursar, men også mangel på vilje blant politikarane.
– Eg trur mange ser på dette berre som ei lovpålagd ordning, der haldninga er: «No har vi eit ungdomsråd, så då oppfyller vi minimumskrava i lova», seier forskaren.
– Seier dei lyttar, men gløymer alt
Felishia Ottem opplever at dei blir tatte på alvor, men ho ser sjølv at dei ikkje har fått gjennomslag i mange saker tidlegare.
– Ofte føler vi at utsegnene våre ikkje ein gong blir lesne. Det er synd og skjer nok oftare enn vi først tenkte, seier ho.
NRK har snakka med ungdomsråda i Vestfold og Buskerud, som kjenner seg att i forskinga.
Maria Dybdahl Vedvik / NRK
Ingeborg Renslo (18) frå Hallingdal
– Nokre vaksne seier dei høyrer på oss. Men sjølv om vi har gode samtalar med dei, går dei berre ut av rommet og gløymer alt saman utan å gjere noko meir med saka.
Eline Molvær Løndal / NRK
Sara Wangberg (17) frå Sandefjord
– De må lytte til oss unge. Vi kjem ofte med gode innspel, så det er lurt av dykk å sjå sakene frå vårt perspektiv.
Eline Molvær Løndal / NRK
Jeppe Hagen Myhre (19) frå Sande
– For å få meir gjennomslag bør vi bli involverte tidlegare i prosessane, og få møte- og talerett i alle organa og dei forskjellige komitéane i fylket.
Maria Dybdahl Vedvik / NRK
Theodor Vik Thorkildsen (18) frå Lier
– Ein må slutte å applaudere unge for at vi seier noko, og heller applaudere oss for det vi seier, og gi oss tilbakemeldingar.
Meiner politikarane lyttar
– Ungdomsråda er verdifulle. Dei bidrar med viktige impulsar i det politiske arbeidet, seier fylkespolitikar i Vestfold, Lasse Berntzen.
Sjølv er han overraska over forskingsfunna, og understrekar at ungdommane blir lytta til.
– Det blir ofte referert til innspela frå ungdomsrådet. Det betyr ikkje at vi alltid kan imøtekomme ønska deira, men vi tar med oss dei synspunkta som kjem.
– Sjølv om eg ikkje kan love at dei får gjennomslag, skal dei i alle fall bli høyrde.
Lasse Berntzen (H)
Leiar av hovudutval for utdanning
Vestfold fylkeskommune
Foto: John-Andre Samuelsen / NRK
Foto: John-Andre Samuelsen / NRK
Fylkestinget har ansvar for økonomien og må prioritere pengar til fleire område i fylket, påpeiker Berntzen.
– Sett under eitt samsvarar ikkje alltid vurderingane til fylkestinget med det ungdommane ønsker, seier han.
Bør bli involverte tidleg
Berntzen påpeiker at leiaren av ungdomsrådet kan komme på møta deira og få taletid før ei sak blir behandla.
Akkurat denne forma for medverknad meiner rådsleiar Felishia Ottem at ikkje blir fanga opp i forskinga.
– Dei gongene vi kjem tidleg inn i sakene og får diskutere direkte med politikarane, opplever vi gjennomslag før saka i det heile tatt har komme opp, seier ho.
– Vi gjer ein viktig jobb og representerer mellom anna ei gruppe som ikkje har stemmerett, seier Ottem.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
– Vi gjer ein viktig jobb og representerer mellom anna ei gruppe som ikkje har stemmerett, seier Ottem.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
OsloMet-forskaren gir Ottem rett i mistanken hennar, og viser til ei svakheit ved studien.
– Vi ser berre på den påverknaden vi kan lese ut av sakspapira, men ungdomsråda har usynleg innverknad som vi ikkje kan spore, seier Sveinung Legard.
Lønner seg å seie tydeleg ifrå
Sjølv om tala for dokumentert gjennomslag er dystre, trekker Legard fram eit oppløftande funn frå studien:
Når ungdommane er usamde i innstillinga og kjem med eit eige synspunkt, har dei gjennomslag i ein tredel av sakene.
– Det viser at det lønner seg å seie tydeleg ifrå, for da lyttar politikarane i mykje større grad, seier han.
Ungdommane synest det er både moro og viktig å få vere med og påverke, og dei lærer mykje om den politiske saksgangen.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
Ungdommane synest det er både moro og viktig å få vere med og påverke, og dei lærer mykje om den politiske saksgangen.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
Tilbake på Færder vidaregåande, slår Felishia Ottem møteklubba i bordet.
– Da er forslaget einstemmig vedtatt.
Skal vi tru forskinga, kan dei vinne fram med kravet om anonym retting.
Om dei seier tydeleg ifrå.
Publisert 05.11.2026, kl. 21.28
Source: NRK · Eline Molvær Løndal, Balsharan Pal Kaur, Maria Dybdahl Vedvik, Bettina Olie Bjerkholdt
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira