– For første gong kjenner eg meg ikkje så klar før ein sesong, men samtidig er eg spent på å komme tilbake, seier Cloetens.

Den belgiske skiskyttaren er berre dagar unna sesongstarten for skiskyttarane på Geilo i midten av november, og kjenner på ei ekstra spenning etter ei uvanleg sesongopplading.

Dette blir hennar tredje strake sesong på det høgaste nivået i skiskyting, men historia kunne vore heilt annleis.

Rett før OL i februar kom dei første teikna på at noko var feil. Ho kjente på ei smerte i foten og fekk påvist stressfraktur, ofte kalla trøyttleiksbrot. Det skulle ikkje hindre henne frå å delta. Ho gjekk med smerter, og ein 26.-plass på sprinten blei beste resultat.

Ho fullførte sesongen og på vårparten gjennomførte ho ein planlagd operasjon av skuldra.

På grunn av dette måtte ho springe oftare. Endå ein gong melde dei same smertene seg, og ho fekk påvist den andre stressfrakturen – den andre på seks månader.

– På dette stadiet tenkte eg at «ok, det er ikkje normalt å ha to stressfrakturar på seks månadar». Då begynte eg å grave for å finne ut kva problemet eigentleg var, seier Cloetens til NRK.

– Når eg gjekk fort, hadde eg aldri mensen

Undersøkingar avdekte at ho hadde osteoporose, eller beinskøyrheit.

– Det er ikkje vanleg i ein alder av 24 år, seier ho.

Legane samanlikna beintettleiken hennar med ei kvinne i 60-åra. Sjølv om ho hadde fått eit svar på kvifor ho opplevde så mange stressfrakturar, ønskte ho å grave djupare.

– Eg kom fram til at dette var eit hormonelt problem. Eg hadde mista mensen i fleire år, faktisk sidan eg begynte med toppidrett. Eg har aldri hatt ein vanleg menstruasjons­syklus sidan eg begynte med skiskyting, men dette er ikkje normalt, seier ho.

Ho innrømmer at ho hadde tynt kroppen for hardt – sjølv om ho ikkje opplevde det slik sjølv.

All treninga stod heller ikkje i stil med matinntaket. Dette førte blant anna til at østrogennivået gjekk ned – og førte til fleire av problema ho no kjenner konsekvensane av.

– Dei einaste gongene eg hadde mensen var då eg ikkje trena eller var i dårleg form. I hovudet mitt ville eg ikkje ha mensen. For eg visste at når eg gjekk fort, hadde eg aldri mensen. Det betydde at eg var i form, seier Cloetens.

Undervegs i djupdykket av eigen kropp fekk Cloetens også påvist REDs. Det er ein diagnose som kjem av vedvarande eller gjentekne episodar med for lågt energiinntak i forhold til behovet til kroppen.

– Hårfin balanse

Idet konkurrentane starta sesongoppkøyringa på vårparten med hundrevis av treningstimar, drog Cloetens i handbrekket.

– Eg måtte velje mellom idretten og eiga helse.

Kristin Lundanes Jonvik, klinisk ernæringsfysiolog og førsteamanuensis ved Noregs idrettshøgskole, er ikkje overraska over historia til Cloetens.

– Toppidrett er jo på ein hårfin balanse mellom det sunne og det usunne, seier Jonvik.

FØREBILETE: Det er ordet Kristin Lundanes Jonvik (biletet) bruker om Cloetens. – Det er berre å applaudere det ho gjer, ikkje minst med tanke på den positive smitteeffekten det har, seier ho om skiskyttaren.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Ho omtalar menstruasjonsforstyrringar som vanleg i toppidretten.

– Det har i mange år blitt sett på som normalt og slik det skal vere, at ein mistar menstruasjonen når ein trenar hardt – ein ser på det som eit godt teikn. Det er absolutt ikkje tilfellet, seier Jonvik og fortel vidare:

– Dette med fråværet av menstruasjon og uregelmessig menstruasjon er jo det naturlege teiknet frå kroppen på at noko ikkje er i orden, og at helsa ikkje er god, seier ho.

Blir hylla av norsk konkurrent

Etter ein turbulent sommar med litt færre treningstimar enn vanleg, valde Cloetens å opne opp om all motgangen. På Instagram kom ho med denne beskjeden til følgarane sine:

  • Faksimile: Skjermdump fra Instagram: @maya_cloe
  • Faksimile: Skjermdump fra Instagram: @maya_cloe
  • Faksimile: Skjermdump fra Instagram: maya_cloe

Responsen lét ikkje vente på seg og fleire takka for openheita hennar.

– Maya er eit kjempeførebilde. Det at ho tør å vere så open og ærleg og legg ned energi på å dele det på den måten som ho gjer òg – eg synest det er kjempesterkt, seier den norske skiskyttaren Karoline Knotten, som sjølv har opplevd liknande utfordringar.

– Det er ganske mange på laga opp igjennom som på ein måte har spurt: «Har du mensen? Nei, det har ikkje eg heller». Eg hadde ikkje hatt det (mensen) på nokon år, men no er den tilbake igjen, for eg er på ein fin plass, seier Knotten.

RUTINERT: Karoline Knotten har vore eit fast inventar på det norske landslaget sidan sesongen 2018/2019.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

– Eit enormt problem

Cloetens meiner dette er eit problem som berre veks og er eit tema som blir underkommunisert.

– Er dette eit sportsproblem, ikkje berre for skiskyttarar, men heile idrettsverda?

– Ja, eg trur det er eit enormt problem som ikkje blir nok prata om, spesielt innanfor uthaldsidrettar, seier ho.

PÅ PLASS: Maya Cloetens under trening før sesongstarten på Geilo.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Desse utsegnene stiller Jonvik seg bak.

– Vi har gjort ein stor studie på over 400 utøvarar i Noreg, Danmark og Canada, som viser at rundt 1 av 3 utøvarar som ikkje går på prevensjon, har alvorlege menstruasjonsforstyrringar. Og førekomsten var like høg for uthaldsidrettar, ballidrettar og styrkeidrettar, så dette er eit stort problem i alle idrettar, seier ho og held fram:

– Uthaldsutøvarane med menstruasjonsforstyrringar hadde i tillegg lågare beintettleik, som er ein alvorleg konsekvens av låg tilgang på energi og menstruasjonsforstyrringar over tid, seier Jonvik.

  • Få med deg verdscupstarten for herrane via appen NRK Radio, torsdag frå klokka 16.10:

«Maya 2.0»

No har Cloetens to tydelege råd til yngre utøvarar: Ein må ete optimalt og mykje for å prestere og ein må lytte til kroppen. Ho anslår at ho kunne halde fram i same spor før tilbakeslaga i to-tre år, men etter det ville det vore fort stopp, spår ho.

– Eg ville springe og gå turar i fjellet også etter at karrieren var over. Om eg heldt fram som eg gjorde, ville eg ikkje kunne gjort det, for då ville kroppen vore heilt øydelagd. Då tenkte eg «ok, la oss sakke ned farten og komme tilbake», seier Cloetens.

Resultatet av motgangen er «Maya 2.0». Ho dreg fram skiskyttarbørsa og viser fram dei nye detaljane: Påklistra stjerner. Det er slik ho vil skine. Om det skjer i år, er ho meir usikker på.

Opningshelga blei ein tung affære for Cloetens som enda på ein 73.-plass på sprinten som overraskinga Guro Ytterhus vann. Dette blei hennar første hardøkt, no går verdscupopninga i Kontiolahti utan 24-åringen på startstreken.

– Om eg ikkje bryt nokon rekordar i år, er det likevel ikkje ein sesong i vasken. Målet mitt er å konkurrere med ein vanleg menstruasjonssyklus gjennom heile sesongen, ha ein sunn kropp og lære korleis han fungerer – slik at eg kan komme tilbake endå sterkare dei kommande åra, seier Cloetens.

Sørloth eller Alvarez?

Publisert 25.11.2026, kl. 12.05

Source: NRK · Anders Boine Verstad

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira