Politiet har starta etterforsking av ulovleg graving i og ved det freda kulturminnet på Kamshaugen ved Kammen gravfelt på Åndalsnes.
Det melder politiet i ei pressemelding.
Undersøkingar av området har påvist totalt 49 prøvestikk, det vil seie mindre hol som følgje av graving. Den ulovlege gravinga blei oppdaga søndag 8. november.
Seks av desse er funne innanfor det freda området.
Gravfeltet ligg i eit sikra friluftsområdet sentralt i Åndalsnes.
Politiet har funne 49 prøvestikk i og ved det freda kulturminnet i Rauma.
Foto: PolitietBer om tips
Politiet reknar det som sannsynleg at gravinga har skjedd frå 5. til 8. november.
– Vi ber om tips frå alle som kan ha sett personar, aktivitet eller annan uvanleg ferdsel på Kamshaugen i perioden, skriv politiadvokat Sandra Grøtta Krakeli i pressemeldinga.
Ho oppmodar òg den eller dei som har gjort graving til å melde seg.
Politiadvokat Sandra Grøtta Krakeli ber om tips frå dei som kan ha informasjon om gravinga ved det freda kulturminnet.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKAlvorleg lovbrot
Politiet ser alvorleg på gravinga i og ved gravfeltet.
Skadar på kulturminne kan vere uopprettelege, og når arkeologiske spor blir øydelagde, kan både genstandar og vitkig historisk kunnskap gå tapt for all framtid.
– Kulturminna våre er ei viktig kjelde til kunnskap om historia vår. Når slike spor
blir øydelagde, mistar vi informasjon som aldri kan gjenskapast, skriv Krakeli.
Publisert 13.11.2026, kl. 09.55 Oppdatert 13.11.2026, kl. 10.04
Source: NRK · Kaspar Fredrik Selvik
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira