– Det er så stort at eg nesten ikkje klarer å kjenne på det. Det er ei kjempeære, rett og slett.

Det sier Kristin Ulla Eiken mens ho plasserer eit at kunstverka til dronning Sonja på veggen.

Dei siste dagane har den daglege leiaren ved galleriet Khåk i Ålesund, saman med kuratoren til dronning Sonja og dei andre tilsette, forsiktig pakka opp verk etter verk.

Krukkene er laga på Fyn i Danmark. Dei mindre trykka har dronning Sonja laga på si eiga presse i båthuset på Mågerø.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Dei nymalte kvite romma blir fylt med bilde og keramikk. Med unntak av eitt verk har dronning Sonja laga alle arbeida i år, spesielt for denne utstillinga. Dei har ikkje vore utstilte før.

– Det er fargerikt og forenkla formspråk. Det er veldig grafisk og elegant. Eg diggar det, seier Ulla Eiken om verka som dronning Sonja har laga ved hjelp av ulike trykketeknikkar.

– Ho er ikkje utan talent

Dronning Sonja har etter kvart blitt ein erfaren kunstnar. Sidan ho viste fram kunsten sin offentleg for første gong i 2011, har ho hatt ei rekke utstillingar i både Noreg og utlandet.

– Ho er jo ein kunstnar som ikkje er utan talent, og har også tekniske ferdigheiter som ho har skaffa seg gjennom åra, seier NRKs kunstkritikar Mona Pahle Bjerke.

Tilbake i 2017 var ho kritisk til at dronning Sonja fekk vere hovudutstillar under gjenopninga av Permanenten ved Kode i Bergen.

No har NRK bede henne vurdere nokre av verka som skal stillast ut i sunnmørsbyen.

NRKs kunstkritikar Mona Pahle Bjerke

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Kritikaren sit igjen med eit blanda inntrykk.

Ho trekker særleg fram to bilde av ei husrekke i Ålesund med spegling i vatnet. Her meiner ho dronninga lykkast med fargeval og finn ein god balanse innan grafiske effektar.

– Det er finare enn ting ho har laga før. Det er ikkje så idyllisk. Det har litt meir karakter i seg og litt meir eigenart, så det likte eg.

Mona Pahle Bjerke likar godt dronning Sonjas «Ålesund 3».

Foto: Pressebilde / Dronning Sonja

– Blir litt kaotisk

Pahle Bjerke er mindre begeistra for nokre av fjellmotiva.

I eitt av verka meiner ho den knallrosa himmelen, det oransje fjellet og den grøne forgrunnen konkurrerer om merksemda.

– Viss alt snakkar like høgt, så blir det slitsamt. Det fell litt frå kvarandre og blir litt kaotisk.

  • Mona Pahle Bjerke meiner dronninga her tar i bruk for mange fargar og verkemiddel på éin gong.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Trykka viser Strynefjellet.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
  • Pahle Bjerke meiner at dronninga ikkje lykkast like godt med samspelet mellom fargar og former i dette bildet som i nokre av dei andre verka.

    Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Likevel ser ho ei positiv utvikling i kunsten til dronninga.

– Desse første bilda synest eg har ein eigenart som eg ikkje har sett hos dronning Sonja før, seier ho.

Samtidig understrekar ho at ho ikkje kjenner kunstnarskapet fullt ut.

Får ros frå læremeisteren

Naturen har vore eit gjennomgåande tema i kunsten til dronning Sonja, og den komande utstillinga er ikkje noko unntak.

Mange av motiva er ei hyllest til Møre og Romsdal. Her har dronning Sonja vore mange gonger, både på offisielle oppdrag og private besøk.

Også som kunstnar har dronning Sonja ei tilknyting til Sunnmøre. Ho har gått i lære hos den anerkjente kunstnaren Ørnulf Opdahl.

Dronning Sonjas versjon av fjellet Slogen på Sunnmøre. Her har ho brukt sjablongar, appelsinolje og trykkplater.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Han har allereie sett fleire av verka som skal stillast ut, og meiner dronninga har utvikla eit tydeleg, personleg uttrykk. Han trekker særleg fram bruken av meir farge.

– Det står fram med eit ganske nytt og friskt uttrykk, synest eg.

– Synest du at ho har blitt ein god kunstnar?

– Å ja, ho har gjort enorme framsteg på den tida eg har kjent henne, det må eg seie.

Dronninga har gått i lære hos kunstnarane Kjell Nupen (t.h) og Ørnulf Opdahl. Før utstillinga i Ålesund seier Opdahl at det er lenge sidan han lærte dronninga noko nytt.

Foto: ROLF M. AAGAARD / DET KONGELIGE HOFF

Kanskje kjem dronning Sonja?

Det er ikkje lenge til folk kan få gjere seg opp ei meining om kunsten sjølve.

Fredag opnar dørene for spesielt inviterte. Søndag er alle velkomne.

Med berre nokre dagar igjen til opninga, er det framleis eitt spørsmål som heng i lufta: Kjem kunstnaren sjølv?

– Vi veit i alle fall at dronning Sonja har veldig lyst til å sjå utstillinga si, men det står att å sjå, seier gallerileiaren Ulla Eiken.

Publisert 26.11.2026, kl. 15.55

Source: NRK · Silje Thalberg

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira