– Andreas Schjelderup sa til meg at han hadde begynt å sjå og blitt heilt hekta, så det tyder på at det er ein bra serie, smiler Patrick Berg til NRK.

Korleis har det seg at serien «The Mentalist» frå 2008 blir eit samtaleemne i pressesona på Ullevaal stadion?

Jo, for under det norske VM-eventyret i sommar begynte plutseleg bilda av Patrick Berg å sirkulere på sosiale medium verda over.

Fleire stilte seg spørsmålet: Kvifor speler hovudrolleinnehavaren i «The Mentalist» for det norske landslaget?

Berg ser likskapen

Mange påpeikar altså at den australske hovudrolleinnehavaren Simon Baker og Patrick Berg er som to dropar vatn.

Berg smiler breitt når han får spørsmål om samanlikninga.

– No har eg ikkje sett serien, men eg har sett stillbilde av han. Eg ser absolutt likskapen, så eg får ta han, seier Glimt-spelaren.

SOM TO DRÅPAR VATN?: Mange meiner Patrick Berg og Simon Baker liknar på kvarandre.

Foto: NTB

Krim- og dramaserien gjekk mellom 2008 og 2014 og ligg tilgjengeleg på fleire strøymeplattformer i Noreg, blant dei Netflix.

NRK har vore i kontakt med Netflix som ikkje kan uttale seg om saka, men som viser til den vekentlege topp 10-lista si.

Den viser at sesong éin av serien plutseleg blei topp 10 i Noreg – med nummer 7 som bestenotering – under VM i sommar. Den låg inne på topplista i fire strake veker.

– Eg må innrømme at eg ikkje hadde høyrt om serien før alle samanlikningane begynte å komme, så det kan godt vere at han fekk seg eit lite oppsving då det begynte å gå viralt, seier Berg.

Serien blei tilgjengeleg på strøymeplattforma i mars, men har ikkje hatt liknande plassering før VM.

Synest du Patrick Berg og Simon Baker er like kvarandre?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Trur absolutt Berg kan vere årsaka

Benjamin Brekken, programleiar for VG-serien «Blåkkbøster», er sikker på at Berg er grunnen til serien sin suksess.

– Med den skyhøge kollektive fotballpromillen vi alle låg på under VM, trur eg folk hadde kledd seg ut som sjørøvarar dersom nokon sa at ein av spelarane hadde nokon trekk frå Johnny Depp. Så eg trur absolutt Berg kan vere årsaka til «The Mentalist»-boomen, seier Brekken og legg til:

– Og når ei samanlikning eller meme plutseleg får fart under ein meisterskap og den euforien, er det ikkje så rart om folk blir nysgjerrige og vil sjekke ut originalen.

EKSPERT: Benjamin Brekken dekker TV og film tett.

Foto: Fredrik Johansen/VG

Brekken har i ei årrekke skrive om TV-seriar og filmar for VG, og har intervjua nokre av dei største Hollywood-stjernene på kloden.

Han påpeikar også at «The Mentalist» er ein serie mange sikkert har høyrt om, men aldri har sett.

– Då kan Berg-memet vere akkurat den dytten som får dei til å ta ein titt, seier han.

– Synest du sjølv Berg liknar på hovudkarakteren?

– Ja, veldig! Og eg er ikkje aleine om det i huset. Kona kommenterer kor like dei er kvar gong Noreg spelar, svarer Brekken, som også vil slå eit slag for likskapen mellom Berg og Chris Pine – kjent frå filmar som «Star Trek» og «Wonder Woman».

EIN ANNAN DOBBELTGJENGAR: Benjamin Brekken meiner også Chris Pine liknar på Patrick Berg.

Foto: Evan Agostini / Invision,NTB

Brekken påpeikar at The Mentalist-tilfellet ikkje er unikt.

– At ein TV-serie plutseleg hamnar så høgt under eit fotball-VM, samtidig som denne samanlikninga går viralt, er jo eit ganske klassisk tilfelle av internett-kultur som får direkte utslag i kva folk vel å sjå på, seier han.

NORSK STJERNE: Patrick Berg har framleis ikkje sett serien «alle» nemner for han.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Travel kvardag

Patrick Berg peikar på ein travel kvardag som grunn til at han ikkje har sett sin «lookalike» i aksjon i den amerikanske serien.

– Eg får sjå han når eg får tid. Men det er akkurat det, då. Det er ikkje mange timar igjen av dagen når eg har lagt ungane, så det er som regel berre å prøve å få slappa av litt og komme seg til sengs, seier midtbanespelaren.

No tar Berg og dei norske landslagsspelarane turen vidare til Parken i København, der Danmark ventar klokka 20.45 tysdag. Kampen kan du høyre på NRK radio.

Publisert 16.11.2026, kl. 05.38

Source: NRK · Lars Bryne, Marius Gundersen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira