– Det er ein tøff situasjon å stå. Å slakta ned det som dei eigentleg skulle leva av to år framover i tid. Det er ei tøff belastning, seier leiar i Rogaland bondelag, Ståle Hustoft.
Han held løpande kontakt med dei fire gardane i Rogaland som no er ramma av fugleinfluensa.
Totalt har sju fjørfebesetningar i Noreg fått påvist smitte i det som no er det største utbrotet av fugleinfluensa i landet nokon gong.
Fleire gardar i Rogaland blei råka av utbrotet. Smittevern er blitt ein del av kvardagen til fjørfebøndene, seier bondelagsleiaren i regionen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKFire av dei ramma gardane ligg i Rogaland, medan det er påvist to tilfelle i Agder og eitt i Akershus.
– Akkurat no står næringa i ein krevjande situasjon med tanke på smitteutbrotet, seier bondelagsleiaren.
Gjer Jæren til et «smittereservoar»
Tala viser at Rogaland over tid er den regionen som er hardast råka av fugleinfluensa.
Dei siste fem åra har det vore 14 tilfelle av fugleinfluensa i kommersielle fjørfehald i Noreg. Og ti av desse har vore i Rogaland.
Årsaka heng saman med både staden, trekkfuglar og alle gardane i området, ifølge Thorbjørn Refsum.
Han er spesialveterinær i helsetenesta for fjørfe, Animalia.
– Villfugl, særleg fugl med tilhald i og ved vatn, er smittereservoar. Rogaland og Jæren er jo spesielt utsett grunna trekkrutene til villfugl opp og ned på vinterhalvåret. Og med alle sine vass- og våtmarksområda og tett med fjørfehald, seier han.
Det var Mattilsynet som lét ein gard flytte unghøner trass i strenge restriksjonar. Det førte til de pågåande utbrotet av fugleinfluensa.
Foto: MattilsynetHan får støtte frå Silje Granstad, som er fagansvarleg for fjørfe hos Veterinærinstituttet.
– Rogaland, og Jæren spesielt, har vi vurdert i fleire rapportar at er eit høgrisikoområde for introduksjon av fugleinfluensa for fjørfehald, seier ho.
– Det er så mange fjørfebesetningar som ligg veldig nær våtmarksområde. Så det høge smittepresset i områda rundt fjørfehusa på Jæren gjer det jo meir krevjande å halde smitten ute, seier ho vidare.
– Ver di eiga smittevernsjef
Med eit høgt smittepress i naturen rundt fjørfehusa, kviler det eit ekstra ansvar på produsentane, meiner Jarle Bergsjø, avdelingsleiar for landdyr i Mattilsynet.
Jarle Bergsjø, avdelingsleiar for landdyr i Mattilsynet.
Foto: Mattilsynet– Det er viktig at det blir tatt gode forholdsreglar, og det går på smittevern. At den som har ansvar for dyr også tenkjer at ein skal vere smittevernsjef i eigen besetning. Det er vi opptatt av, seier han.
For bøndene i Rogaland er smittefaren for fugleinfluensa blitt ein del av kvardagen.
Samstundes meier Ståle Hustoft i Bondelaget at næringa har handtert situasjonen godt.
– Eg vil seie at næringa har eigentleg tatt veldig kontroll over situasjonen. Me er klar over at det er eit stort smittepress, og me er klar over ringverknadene viss det går gale, seier Hustoft.
– At næringa får lov til å halda på å driva i små einingar, regulera marknaden og kontrollera at me får ut nok produkt også i dei situasjonane me er i nå, det blir veldig viktig òg i framtida, seier han vidare.
Publisert 24.11.2026, kl. 20.31
Source: NRK · Elise Pedersen, Borghild Kvæven, Amalie Vadla Paulsen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira